4. oktober 2012

Hausten er nydeleg! (ein dag av gangen)

Det er vanskeleg å seie kva yndlingsårstida mi er.
Skulle eg berre ha plukka meg éi årstid, måtte det vera sommar, heilt klart.
Men hausten følgjer tett etter!

Fargane, luktane, stemninga, det skiftande været, temperaturen som kan vera under frysepunktet om morgonen og koma opp til nesten 20 midt på dagen i sola, den eine dagen er ikkje lik den andre...
Dette likar eg.
Så sjølv om temposykkelen har fått sin plass i stoga, så har det blitt litt lite innetrening forløpig.
Bildet av Mose. Det er jo så fint ute for tida!
Eg har for første gong sidan midten av juli trent styrke igjen, og det kjendest godt i to dagar etterpå, og då meiner eg både at det var lett å kjenne pga av stølhet, men også at det faktisk kjendest godt!

Eg burde ikkje slurve med styrketreninga. Effekten av berre ein kort halv times økt er forbausande stor. Så det er planen for resten av året: trene styrke, regelmessig!

Ellers har formen min som vanleg fore svært varierande. Det er eigentleg ganske utruleg kor svingande den er. Eg har aldri vore av den typen "som alltid er blid", eller alltid er stille, eller mutt, eller morsam, eg har alltid vore "både og" og plutsleg slik, og full av kontrastar.
Det er  blå himmel!
Av og til må ein berre løfte blikket så ein ser den.
Så eg tek dagane som dei kjem.
Når eg ikkje sit og riv meg i håret over frustrasjonen med NAV, så sit eg og skriv.
Det er etterbearbeiding etter dagpost frå tidlegare i år, og forberedelsen til dei samtalene eg skal ha med terapeuten min på DPS framover.

Også er det produksjon av ein del luer som eg har fått bestilling på, og det er lesing av fag, og det er leiligheten som treng hyller og "intelligente løysingar for trange rom" (som eg vil kalle det når ting frå eit 70kvm hus skal fordele seg på ca 30kvm) og mykje anna...

Eg sit også og planlegg neste konkurranse- og treningssesong.
Eg har veldig lyst igjen på ein halvironman til neste år. Høgast på lista står Ironman 70.3 Mallorca og Ironman 70.3 Norway (Haugesund). Tjörn Triathlon hadde også vore artig å prøve igjen, men som sagt: Mallorca og Haugesund fristar mest.
Mallorca (2011).
Haugesund (2012).
Så tenker eg at det er like greitt å begynne å kome i løpeform att, og dermed har det faktisk blitt heile to løpeturar sidan sist innlegg. Ikkje verst!
Eg må jo begynne i det små igjen, og vera fornøydd med det eg får til.

Søndagen sprang eg ein liten time med Lukas (som oppførte seg ganske bra, han dreg fortsatt utruleg mykje, men nå tek eg på meg sykkelhanskar, og då har eg bedre grep på lina hans. Og så tenker eg på det som gratis styrketrening for armane...).
Lukas på Hattefjell - hans synst det er godt med fjellvatn han også!
Og i dag var eg ute på ein 7,5km løpetur ned til sjøormtårnet og rundt forbi. Eg savna plutsleg strand og vatn og sand og vind, og Seljordsvatnet er ikkje så dumt som erstatning da. Då eg kom ned til Bjørgesanden, stranda vår i Seljord, så hadde det blitt ganske mørkt, men lyden av bølgene og følelsen av den mjuke sanden under føtane var herleg...

Beina var utruleg lette på løpeturen idag, og Lukas var også i løpehumør, så det var moro å springe.
Eg blei riktignok kvalm etter 20minutter, men dette trur eg rett og slett eg må ikkje tenke meir over, eg har nemleg dei siste to-tre vekene nesten konstant hatt vondt i magen ("funksjonell dyspepsi" på fint), og då er kvalmen jo alltid berre rett rundt hjørnet og ventar på ei anledning til å koma fram.
Stressmage.
Det har eg etter faren min.
Han var visstnok på veg til enda ein endoskopi av magen i går, og det var ikkje første gong heller.

Men men, noko skal det alltid vera, eg har hatt meg ein deileg løpetur i dag, og måndagen var eg enda ein gong på Hattefjell, så eg har vore ganske aktiv, og det er eg fornøydd med, og eg kjenner at dette har eg godt av.
Så lenge eg kan koble av mens eg held på.
Når eg treng å koma meg litt opp, er Hattefjell eit fint og lettvint mål.
Det er ein balansegang dette.
Men me får sjå.
Ein dag av gangen.
Og denne dagen er over (klokka er 00:03), og dermed er innlegget herved slutt :)

7 kommentarer:

  1. Jeg har også det som kalles "stressmage". Bare at jeg ikke blir kvalm, jeg får det "den andre veien"... ;p

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Guro!
      Ja stressmage kan ha mange variantar og -ehem - konsistensar... urg ;)

      Plagsamt er det uansett, og det er vel i seg sjølv ikkje så mykje å gjera med enn å "stresse ned", men det er jo lettare sagt enn gjort.

      For meg er stressmage eit teikn på at eg har underliggande langvarig stress og bekymringar som eg ignorar og "spisar i meg", og derfor gjer magen opprør.

      Viktig å bli klar over kva som ligg bak, trur eg.
      Nokre pusteteknikkar skal visst gje lindring, så det burde ein vel prøve?

      Når har eg funne bloggen din også, så artig at du har begynt å blogge!
      Skal nok følge litt med på denne, det er alltid inspirerande å lese korleis andre trenar.

      God trening og god blogging!



      Slett
  2. Hei. Godt å sjå at du løper igjen....løping e kjket altso. Ellers e eg misunnelig på at du kjemper deg gjennom styrketrening....der svikter eg big time. Får prøve å følge deg med regelmessig styrketrening framover......

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, løping ER kjekt!
      Og eg set så pris på løpeturane nå etter så lang pause.

      Ja kva er det med denne styrketreninga som gjer at den er så lett å droppe???
      --> det virkar som 40min styrketrening er DET tiltaket, mens 40min løpetur er jo ingenting, det, liksom.

      Skal prøve litt sjølvdisiplin her, og legge ut styrkeøktene mine, kanskje det hjelper på å halde ut?
      For det ER virkeleg godt å trene styrke, synst eg.
      Eg berre gløymer det når er ikkje driv med det...

      Slett
  3. Ei kontrastrik dame, det er du Imke, akkurat som hausten. Eg heiar på deg, og at treninga vinn over alle dei andre utfordringane. Ein dag av gongen, og bli inspirert.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Elisabeth!
      Eg set veldig pris på litt heiing!
      Når det røyner på trur eg jo gjerne at eg er mutters aleine i verda... så då er det godt å vite at nokon heier på meg. Og både beina og hovudet kjennest nok eit hakk lettare da :)

      Slett
  4. Jeg digger høsten ;-) Du er flink til å skrive! Kos deg med trimmings utover høsten ;-)

    SvarSlett