Helsa mi denne veka kan samanliknast med eit tordenvêr som byggje seg opp over eit par dagar og så brakar laus. Så er det stillheten etter stormen etterpå..
Så det blei ikkje mykje trening denne veka, eg har rett og slett ikkje hatt energi til det. Eg har heller brukt tida til å lappe saman bruddstykkene igjen. Og det tek jo litt tid. Men så er det også akkurat tida som hjelpar.
Då er det godt at me var på tur igjen på torsdag.
På torsdagstur. Denne gongen gjekk me langs Sundsbarm, på Millionvegen. Denne vegen er småkupert og lett å gå, og sikkert kjempefint å sykle på også.
Vêret på torsdag føremiddag var fint, og vatnet stille, så det var nydeleg å vera ute nokre timar utan noko mål og meining eigentleg. Berre rusle, knipse nokre få bilder og smake litt på bær uindervegs, og høyre på bølgjeskvulpet under lunsjpausen.
Og då kjenner eg at bruddstykkene nesten dett på plass igjen av seg sjølv...
|
Sundsbarmvatnet sett frå "Lomma" |
|
Millionvegen. Berre litt småkupert, og lett å gå. |
|
Ljåblom (Parnassia palustris) |
|
Me fann ein fin lunsjplass. Stille på Sunsbarmsvatnet. Det frista nesten med ein svømmetur også :) |
|
Ein rødskrubb. |
|
Hmmmm bringebær var det også ein del av langs vegen. Og dei var gode! |
|
|
|
Blomsterlav. Kanskje ikkje spiseleg, men veldig fint. |
Dette er gode bilder å ha i minne neste gong uvêret braker laus.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar