Det har ikkje blitt så mykje planlagt og strukturert trening, men det blei mykje mosjon for det.
Mine motbakkarmeter denne siste veka fordelte seg på følgjande turar:
- Raudkleiv, måndag, 232m + bakken heim = 365m, på sykkel
- rusletur med Binna, måndag, 65m
- Hattefjell, tysdag, 566m, til fots
- Bakken heim på sykkelen, onsdag, 123m
- Bakken heim på sykkelen, fredag, 123m
- Kivledalen rundt motsols, laurdag, 350m, til fots
- motbakkesykling i terreng, ca 150m, søndag
Det er ganske bra. Mange fine motbakkar som eg tilbakela.
Torsdagen blei det ingen motbakke, men spinning og styrketrening i samband med kurs.
Og derfor var det kjekt at eg møtte ein nabo som eg kunne sitte på med etterpå. Som hadde til og med plass i bilen sin til sykkelen min.
Av og til så er det nemleg kjekt å forsere desse motbakken saman med nokon.
Også om det berre er i bilen ;)
Nokre inntrykk frå siste vekas "verste" tur må eg jo ha med:
På laurdagen skulle eg eigentleg springe ein lett tur. Men heile 350m høgdemeter fordelt over ca 4,5km byr vel neppe på ein lett tur...
![]() |
Laurdagens løypeprofil. Kanskje viss eg neste gong plottar inn løypeturen FØR eg dreg av garde, så får eg ein aning om det blir lett eller ikkje??? |
Det regnar utover Seljordsvatnet. Her utsikt frå Venås. |
Regnet nærma seg sakte men sikkert frå Bø. Men det var eigentleg godt å bli litt avkjølt av nokre regndråper, det blei nemleg ganske varmt i motbakken!
Ein bekk. Mykje vatn som kom ned frå fjellet på laurdag! |
Bringebær. Litt mat var det i alle fall. Vanskeleg å ta eit skarpt bilde, det blåste faktisk kraftig frå bekken i bakgrunnen. |
Binna i Kivledalen. |
Det renn i strie straumar. |
Eg hadde ikkje tatt med drikkeflaske. Dette var ein av mine drikkestasjonar undervegs. |
Hurra! Nedoverbakke i Kivledalen. Herleg :) |
Uansett om det er lett eller tungt på ein løpetur, så er det alltid godt å kome inn att. Ein god følelse å koma inn att etter å ha vore ute i motbakkar og regn :) |
Takk!
SvarSlettDet blir forhåpentligvis fleire torsdagsturar snart. Dei savna eg nemleg også...