27. august 2011

Svømmehud

Eg har alltid drømt om å ha svømmehud. Altså i alle fall då eg var lita jente, og me tilbrakte heile sommaren og det meste av fritida gjennom våren, sommaren og hausten på hytta, der stranda og elva berre var knappe 50m unna, og me boltra oss i elva uansett temperatur og vær, helst kvar dag.



Barndomsminner. Strand og mykje vatn å boltre seg i...



Sommer og vatn og bading og svømming og strand og båt, det høyrer saman for meg.

Det var med misunnelse eg såg på svømmehuden til "Man from Atlantis" som kom på TVen denne gangen. Å som eg skulle ønske eg hadde svømmehud mellom fingrar og tær, så eg skulle kunne svømme enda fortare og smidigare!



Man from Atlantis hadde svømmehud! Det ville eg au ha den gongen...
Eg har ikkje svømt så veldig mykje i det siste, men denne veka kom eg meg, endeleg, etter fleire vekers avhold, i vatn igjen.
Sjølv om det verken var det store havet eller det mystiske Seljordsvatn denne gongen, men det vesle bassenget ved Morgedal hotell.
Det var tid for vanngymnastikk i samband med kurs, må vite.
Eg var skeptisk. Eg er både open, nysgjerrig OG skeptisk av natur. Eg vil absolutt prøve alt eg ikkje har vore borti før, men er faktisk alltid litt skeptisk.



Dette er den formen av vanngymnastikk eg bedreiv med som lita jente. Men det er vel ikkje i nærheten av det me skulle gjera?

Og sjølv om eg er glad i det meste som har med vatn å gjera, hadde vel aldri blitt med vanngymnastikk frivillig. For skal ein ironman verkeleg måtte vera med på noko slik?
Men som sagt, sjølv om eg kan vera skeptisk, så tek nysgjerrigheten alltid overhand.



Jogging i vatn.

Vanngymnastikk handlar eigentleg ikkje om anna enn styrketrening i vatnet, og i stadenfor å bruke manualar eller strikk, så benyttar ein seg av vatnets densitet som motstand. Tettheten i vatn er rundt 800 gonger større enn luft, og dermed blir det mykje tyngre å gjennomføre ein bevegelse i vatn enn på land. Når du akselererar i vatn, kjem det så mykje som 1/3 av kroppsvekta i tillegg (NIH forskar på dette).
Likevel så kjente eg at eg trengte meir motstand.
Så då blei det delt ut motstandshanskar. Hanskar av neopren, som aukar overflata på hendene og dermed fører til større motstand i vatn.



Det var hanskar av denne typen me fekk teste.
Då blei det plutseleg utruleg artig å trene "styrke" under vatn! Vel og merke med hovudet over vatnet...Etter ein halv time med diverse øvingar blei det litt tid før svømming for dei som ville, og det var heldigvis ganske få, slik at det blei god plass til å svømme i det vesle bassenget.
Og så artig det var å svømme med "svømmehudhanskar"!
Følelsen av å gripe tak i vatnet blei forsterka, og sjølv om eg kjendte at det faktisk var lettare å svømme med hanskane enn utan, så var nok motstanden fortsatt større. Og dermed blei det lett å kjenne etter korleis svømmeteknikken kunne forbedrast.
Det blei berre 10 min svømming, men det var utruleg gøy, og eg blei veldig inspirert.
Dessutan har eg fått opprydda i mine fordommar mot vanngymnastikk. Det er eigentleg ganske artig, og i alle fall effektivt. Mangfaldet av øvingar nesten uendeleg samtidig som faren for å skade seg er ganske liten.
Så nå skal eg gå til anskaffelse av "svømmehudhanskar".
I tillegg til dei vanlege motstandshanskar av neopren (som vist på bildet ovanfor), har eit oppfinnsamt menneske eller fleire laga ein ganske annan type svømmehudhanske av latex:



"Darkfingloves"laga av Black Lagoon Products i USA.
Dei ser jo utruleg morsamme ut!
Det er jo den typen svømmehud eg ønska meg som barn.Dei er laga av latex, og finst i herre-, dame- og juniorvariantar og mange størrelser. Bestillinga er sendt.



Meir av hanskane finn du på darkfingloves.com
Hanskene ser eigentleg ganske rare ut, men blir visstnok brukt av både surfarar, svømmarar, "skydivarar" og til og padle med.



Svømming med darkfingloves. Frå Facebooksida.
Eg gleder meg til å få hanskane i posten! Endeleg skal eg au få meg svømmehud!



Binna er ein labrador, og har svømmehud mellom tærne. Dette er baklabben.
Til og med Binna har nemlegsvømmehud. Labrador er avla som spesialistar på apportering i vatn, og då kan det koma godt med å ha litt ekstra store labbar og svømmehud.



Binna har svømmehud mellom tærne på framlabbane også...Det er det ikkje alle hunderasar som har!

Det er bra at Binna har svømmehud frå før, ho set nemleg ikkje pris på å ha noko som helst form for hansker eller sokkar rundt labbane sine. Så får eg ta og kikke på labbane hennes i misunnelse mens eg ventar på pakke frå USA...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar