9. mai 2013

mo·ti·va·sjon

"Samlebetegnelse for de faktorer som setter i gang og som styrer atferden. Det første omtales ofte som motivasjonens energikomponent (hva som setter oss i sving, og hva som bestemmer innsats og utholdenhet), det andre handler om motivasjonens retning (hvilke mål vi setter oss, og hvilke valg vi tar)." Det Store Norske Leksikon (motivasjon – psykologi. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Hentet fra: http://snl.no/motivasjon/psykologi)

For eit par veker sida fekk eg endeleg den boka i posten som eg hadde venta på:
"The Triathlete's Guide to Mental Training" av Ph.D. Jim Taylor og Teryy Schneider.

The Triathlete's Guide to Mental Training.
Sidan eg har gitt ansvaret til å lage treningsprogram over til coachen min (sjølvaste Dave Scott - men det visste de vel nå :D ), og slepp å bruke tid på å sette saman treningsøkter, kan eg ta meg av andre aspektar som er viktig i forhold til treninga, nemleg den mentale sida.

Mental Trening
(høyrest det skummelt ut?)

Dave Scott & David Glover er flinke til å dele treningskunnskap med oss som blir coacha, men det meste er så langt mest basert på den idrettsfysiologiske delen.
På mitt spørsmål til Dave Scott om kva eg kunne gjera med at eg synst trening er så tungt og at eg opplever konkurransedagen som mykje lettare, så svarte han "Get more race day in your training!".
Men dette gjeld altså berre akkurat meg.
For andre kan oppleve at det er lettast å trene, og dei presterar optimalt, men når dei skal konkurrere, så går nervene løpsk og prestasjonen blir dårlegare enn forventa.
Så her kjem den mentale biten inn.
Eg har lest dei første to-tre kapitlane av boka ovanfor og er begeistra så langt!

Kjempespennande lesing!

Og sjølv om boka har triatletar som hovudmålgruppe, så er teknikkane som blir beskrive også nyttige i livet utanom trening og konkurransar (seier Mark Allen i forordet, fritt oversatt).

Noko av essensen som er viktig å ta med seg heilt frå starten av når det gjeld mental trening/mental innstilling er, at mental trening/innstilling ikkje er medfødd, som så mange trur. Det dreier seg derimot om teknikkar som ein kan utvikle og jobbe med på same måte som dei fysiologiske og tekniske aspektane av treninga (her: triatlon).


I mangel på noko som passar bedre har bokas forfattarar skapt uttrykket "Prime Triathlon".
Det blir definert som "prestasjon på eit vedvarande høgt nivå under dei mest utfordrande forhold".

Det handlar ikkje om å yte 100% heile tida (ingen kan dette), men om å yte best utan dei veldig store opp- og nedturar.

Høyrest det litt uoppnålege ut?
Er ikkje opp- og nedturar ganske vanlege?
(Jepp, det er det, men dei meinar at det går an å redusere desse svingninane til eit minium).


Det handlar om å gjera sitt beste spesielt under utfordrande forhold.
For kven likar ikkje å sykle i solskinn?
Eller ta seg ein løpetur i flatt terreng på mjukt underlag med fantastisk utsikt?

Eller svømme i varmt vatn i roleg sjø?
Men kva skjer når du møter motgang, når det pøsregnar ute på sykkeltur og du punkterar, skoene er blaute på løpetur og skodda sig på, og bølgjene kastar deg rundt slik at du ikkje får puste utan å svelge eit par munnful med vatn og blir sjøsjuk?

I bokas begynnelse blir det satt opp ein pyramide med seks mentale faktorar som i størst grad påvirkar prestasjonen i triatlon (og gjerne også annan idrett som er basert på uthaldenhet, altså ikkje på teknikk/lagspel osv).


Prime Triathlon Pyramid
 (fig 1.1 frå boka "The Triathlete's Guide to Mental Training, p.13)

Nederst som basis for pyramiden er motivasjon.
Denne er heilt grunnleggande for å oppretthalde ønsket og determinasjonen om å trene (jamfør den norske definisjonen i starten av innlegget).

Motivasjonen er den bidragsfaktoren du har størst kontroll over.
Motivasjonen vil avgjera kva rolle trening spelar i livet ditt,
og kva slags valg du tek.
Motivasjonen vil påvirke alle aspektar av prestasjonen din:
- kondisen din
- teknisk trening
- taktisk trening
- mental forberedelse
- og livsstilen din generelt, inkludert søvn, kosthald, relasjonar og forpliktelsar i forhold til skule, jobb og andre aktivitetar.
Kva med kosthald når du trenar?
Motivasjonen er ein viktig faktor som me faktisk har størst kontroll på.
Fysiologisk sett kan me alltid forbedre kondisen vår, men ein gong vil me nå våre grenser sett av genene me er fødd med. 
Me kan heller ikkje påvirke klimaet vårt eller vêret, kor sterke konkurrentane våre er eller korleis ein konkurranse er lagt opp (stigning, underlaget, bratte svingar, dei er det same for alle).
Men motivasjonen vil avgjera korleis du møter desse faktorane. 
Sykling hausten 2011. Er du motivert nok,
går det an å sykle sjølv om det eigentleg er "for kaldt".
Motivasjon er den energien som får deg ut på trening, som bestemmer kor ofte, kor mykje og kor intenst du trenar. 
Den vil også få deg til å trene når du er trøtt, stressa, sliten, ikkje gidd, er tung og tom i kroppen og ikkje har det moro i det heile tatt.
(For meg betyr det gjerne nå at om eg ikkje er "motivert" ein dag, så går eg ut og gjer denne planlagte treningsøkta likevel - sjølv om eg ikkje har lyst. Eg har jo det store målet i bakhovudet - IM 70.3 Haugesund - og det er min kilde for motivasjon - og då treng eg ikkje har lyst til å trene dagleg - eg kan gjera det til tross for at eg ikkje er "motivert"!)

Så for å ha størst motivasjon er det viktig å spørre seg sjølv om kvifor ein held på med dette ein held på med.
Kva er grunnen til at eg driv med triatlon?
Kva er det som gjer meg glede med triatlon, er det sjølve treninga, eller godfølelsen etterpå, er det dette fantastiske spennande og mangfoldige triatlonmiljøet, er det vennane eg trenar saman med, er det reisen til konkurransen, er det å teste grensane mine, er det å prøve stadig noko nytt, er det helsegevinsten?

Kva er grunnen til at du driv med den idretten du driv på med?
Kva er det som gjer at du trenar?

Eller at du deltar i konkurransar?
Veit du eigentleg det?


Ha ein fortsatt fin himmelfartsdag!


6 kommentarer:

  1. Anonym9/5/13

    Fin omtale av boka og jeg likte godt den behovspyramiden, den skal jeg kjøpe!

    Selv har jeg boka "Hardt og langt - fra sofagris til ironman", som jeg kjøpte fordi den hadde en god tilnærming til smerter. Smerte omtales som en gammel venn som kommer snikende. Før hatet jeg "Herr Smerte" som pesten selv, nå forestiller jeg at henger meg fast på ryggen hans så er det opp til meg å bestemme hvordan utfallet blir. Omtale av boka her: http://www.kondis.no/hardt-og-langt.5019144-141435.html

    KnutØ

    SvarSlett
  2. Så bra at du likte boka!
    Den er så spennande og samtidig så lettskriven at den er vanskeleg å legge fra seg.
    Alle aspektane i pyramide blir omtalt i eit eige kapittel.
    Sjølv har eg koma fram til "confidence" og har alt brukt noko av dette på treningsøktene mine.

    Det med smerte er jo utruleg komplisert, og du veit nok ein heil del om dette.
    Eg har ganske låg smerteterskel i det daglege (er ganske overfølsam, og får faktisk "godt humør" når eg tek ein paracet eller to, får då slapper kroppen av).

    Ja boka du har må eg i alle fall sjå på, Fred Arthur har eg såvidt møtt i Oslo på vår Kick-off med Dave Scott, men rakk ikkje snakka så mykje med han. Er sikkert utruleg spennande lesing.
    Eg likar sånne bøker kjempegodt.
    Mykje me kan lære!

    Flink du er som mentaliserar smerte på den måten! Det vil eg også gjerne lære meg.

    SvarSlett
  3. Jeg digger å lese innleggene dine ;-)

    Jeg synes det er veldig fasinerende hvordan man den ene dagen takler utfordringer mens når man en annen dag står overfor nøyaktig de samme utfordringene, ja så takler man de slettes ikke.... det viser vel kanskje bare hvor sårbare vi mennesker er overfor variabler som påvirker dagsformen, eller? Og i så måte så er vi mennesker kanskje også litt ulike i forhold til hvor mye eller lite som skal til før det rent psykisk påvirker dagsformen negativt.... om du forsto hva jeg mente. Vanskelig å forklare ;-)

    Uansett: spennende lesestoff!

    SvarSlett
  4. Takk for fint kompliment Silja! :)

    Ja me er vel alle saman utstyrt forskjellig med tanke på kor mykje motgang me toler.
    Ikkje sant, nokre menneske er berre super robuste og dagane er like og dei toler mykje utanfrå.
    Andre er meir utsette for ytre påvirkningar eller også svingningar i dagsrytmen osv.

    Men det som er spennande, er at uansett utgangspunkt, så kan mykje lærast, spesielt kva haldning me har ovanfor alt dette.
    Det betyr ikkje at det er lett, tvert imot, ellers ville alle som ville lett gå ned i vekt, slutte å røyke, osv, men vaner er vondt å vende.

    Utruleg spennande og fasinerande tema ja, men også ganske utfordrande å skrive om.
    Skal nok fordjupe meg litt meir i dette temaet ;)

    SvarSlett
  5. Som alltid så føler jeg at du virkelig får satt de rette ordene på disse temaene du tar opp. Jeg blir alltid så mye mer ... ettertenksom etter å ha lest innleggene dine, og prøver så godt jeg kan å ta de kloke ordene dine med meg videre. Da spesielt mtp. treningen min, men også i andre aspekter av livet mitt.
    Så du kan vel trygt si at DU er med og gir meg motivasjon, Imke. Takk for at du deler dine tanker og erfaringer, både her på bloggen din, men også de svarene du legger igjen hos meg! :)

    SvarSlett
  6. Tusen takk for kjempegod kommentar, Guro!

    Eg har vore utan ordentleg internett eit par dagar, så her kjem litt forsinka svar :)
    Eg blir veldig smigra av å høyre at innlegga mine motiverar deg. Då er det moro å blogge altså!

    Eg hadde ei god venninne mens eg gjekk på høgskolen (ho flytta dessverre tilbake til Bergen) som dreiv med landeveissykling, og ho motivera meg kjempemasse tilå sykle!
    Og på den tida likte eg eigentleg berre å løpe.
    Det er takka vera henne at eg har virkeleg begynt å like sykling.
    Av og til kan eg berre tenke på henne og kor ivrig og bra ho trente, og motivasjonen er der med ein gong.
    Så motivasjonen kan me finne overalt :)

    SvarSlett