Eg er ein veldig visuell person.
Dvs, eg likar bildar framfor lyd, eg får energi av fargar, og former, og når eg skal lære meg noko nytt, så likar eg godt å teikne det framfor å skrive det ned i ord.
Min glødande interesse for anatomi og fysiologi til tross, blei vevslære litt kjedeleg. Men det hjelpte absolutt å teikne det! |
Som mine faste blogglesarar kanskje har skjønt nå, med tanke på lengda på innlegga :)
Eg trur kanskje eg treng mykje "input" i form av bilder, mens "output" er i form av ord.
Eller handling.
Akkurat etter turen min til Tyskland for to veker sida, så har eg vore litt tom.
Mange familiegreier som har vore gløymt har dukka opp att.
Og det var både gode og vonde ting.
Men å møte og bli kjent på nytt igjen med niesa har vore heilt super fantastisk!
Sjekk den nydelege niesa mi! Ho er berre heilt superskjønn! ♥ |
Sjølv om tida etterpå har vore litt tung.
Det er ikkje noko nytt, og eg har gjennom mange år lært meg å handtere tunge periodar.
Eg må berre jobbe meg igjennom desse, eller la tida hjelpe til, om ikkje anna.
Pause på syklinga - hodet var ikkje med - og eg ville svømme - kunne jo prøve tridrakta? Og svømme UTAN våtdrakt for ein gong skyld? Men tør eg? |
Og der kjem bloggen inn, og treninga, og triatlon, og bildene.
Når eg mistar meg sjølv i vonde minner, så trengst det sterke gode bilder som overdøyver dei gamle.
Bilder i farge!
På veg heim frå fysioterapien i går - ein treng ikkje manipulere fargane her, når himmelen er knallblå og sola skin og blomane er sååå fine! |
Innbydande vatn, høg blå himmel og solide fjell.
Sand mellom tærne og vind i håret på sykkelsetet.
Sol i ansiktet og lukten av fargerike blomar.
Eller også mektige skyer og regn i lufta.
Løpesko på grus.
Rytmiske steg, eller tunge.
Landskapet som endrar seg undervegs.
Velkomsten av hunden heime.
Strekke ut støle musklar, la ein svett kropp kvile mot stuegolvet mens hunden vimsar rundt og byr på seg sjølv.
Eg er av og til nødd til å minne meg på kva eg likar ved trening og triatlon.
Det høyrest kanskje merkeleg ut, men det har seg slik at hodet mitt av og til er på autopilot, og køyrer berre det mest nødvendige, så når eg prøver å få fram motivasjonen min for å trene så kjem det "Access denied.".
Så då er det berre å "mate inn" igjen med noko av det eg eigentleg alt veit.
Men berre ikkje har tilgang til der og da.
Så framover, fram til konkurransen i Haugesund 6.juli, så skal eg bruke bloggen til å mate inn gode tankar om triatlon, trening, meg sjølv og fokusere på det eg likar.
Det er ikkje tvil om at eg kosar meg på konkurransar. Eg blir jo heilt religiøs når eg nærmar meg mål! :D :D Dette var i IM 70.3 Haugesund 2013. |
Selfmademultisportwoman (meg) er forfattar, så selfmade skal det bli, for eg er min eigen beste coach.
Ikkje noko vondt om Dave Scott - eg ville meir enn gjerne hatt han som coach igjen, men da kanskje ikkje i forberedelse på ein konkurranse, men som ein slags treningscoach.
Eg kom godt overeins med Dave Scott! |
Og akkurat nå er det tide for nedtrapping av trening (hahaha, som om eg hadde noko treningsvolum å trappe ned frå :D) og oppkøyring av motivasjon, gnisten, inspirasjon og kortare økter i racepace (eg likar ordet racepace - det får det til å virke lett - konkurransefart virkar derimot litt - ehem - litt omstendeleg).
Nok skriving, nok output.
Nå skal eg bruke opp mine siste slantrer på "godbitar" som eg skal ha med på konkurransen i Haugesund. Konkuransegodteri, på ein måte.
Hmmmmm Sport Beans er berre såå gode! |
Jeg vet ikke om det kanskje virker som et evig mas fra meg, hver gang jeg kommenterer. Men hvis jeg føler at jeg har noe å si, så måå jeg bare si det... ;)
SvarSlettMen altså, denne bloggen din er like mye "terapi" å lese for meg, som det antagelig er for deg å skrive den. Du kommer med så mye klokt som jeg ikke ellers hadde komt på selv, og du får meg virkelig til å tenke litt mer over "ting".
Jeg er nok ikke den som skriver mest "fornuftige kommentarer" her hos deg eller hos de andre proffene (og ja, du er også en av dem), eller voksent. Eller inne på min egen blogg for den saks skyld, hihi... Men så lenge jeg har noe å si, så sier jeg det heller. I stedet for å holde det inne ;)
"Proffer" haha ja, den var god ;)
SlettEg tek det som eit kompliment.
Men synst jo at bloggen din ser veldig proff ut også!
Dessutan er dine kommentarar her blant dei mest fornuftige, synst eg, men eg set også pris på "tullekommentarar" eller berre eit smilefjes eller noko.
Men dine har nå veldig gjennomtenkt og ærleg, og det set eg pris på, så det er ikkje mas i det heile tatt, tvert imot :)
Glemte å si at min terapi er den tiden jeg bruker på å "produsere" noe. Altså når jeg strikker, hekler eller driver med annen form for håndarbeid. DA trives jeg allerbest, og merker at humøret stiger betraktelig!
SvarSlettDet er ikke alltid jeg da har så veldig lyst til å ta ut på en treningstur, hvis jeg har en dårlig dag/periode. Men allikvel så VET jeg jo at humøret er mye bedre etter en tur på sykkel eller i joggeskoene. Så sånt sett så er jo fysisk aktivitet også en fin form for terapi for meg :)
Ha en fin helg, Imke! :)
Takk for det Guro!
SlettDet å lage noko er fin terapi det også. Eg hugsa den tida då Binna døde (forrige hunden min, ikkje sant), så sat eg og hekla mange luer. Det gav meining når livet ellers ikkje hang heilt saman.
Så synst eg at spesielt strikking og hekling er så morsamt, for det er i utgangspunktet enkelt, men uendeleg varierbart, og så kan ein leike seg med fargar, og leike er jo bra, også i vaksen alder!
Hos meg så går dette i periodar, for tida så står det stille (sjølv om eg plutseleg ein kveld sat og begynte å hekle på ein gekko - av alle ting :D :D).
Handarbeid er fin terapi når ein ikkje orkar mykje anna, og kroppen er sliten og hodet treng sysselsetting.
Mens trening er meir for dei dagane der det skal kraftigare "tiltak" til, når ein ikkje har det bra.
Så godt at du har funne ut at begge delar fungerar for deg, det er jo glimrande!
Ha ei riktig fin helg du også Guro! :)
Haha, en gekko faktisk! (sorry at jeg ler, men det hørtes litt morsomt ut...)
SlettJa, håndarbeid er supert å bruke som terapi hvis du vil tenke på andre ting. Samtidig som det også kan være akkurat da du lar tankene vandre for mye, hvis du strikker en genser f.eks og skal bare strikke rundt og rundt og rundt.
Så smart måte å se det på da, at hvis kroppen ikke er klar for noe fysisk terapi, så er det jo supert å bruke stillesittende håndarbeid som terapi! :)
Ja det er jo ikkje alltid at kroppen er klar heller, så det er godt å ha fleire alternativ å velge mellom.
SlettJaha, ikkje sant, ein gekko av alle ting :D :D
Men den var litt tøff berre - men har så langt berre kome til hode+hals+aukning til frambeina ;) Stakkars :D