Eg?
What?
Og eg som er så glad i sol og lys, og sommar og varme?
Nå er sommaren visst ikkje heilt over likevel, heldigvis.
Men sommarferien er over, og "kvardagen" er tilbake.
Nå er eg jo ikkje i fast arbeid, men det betyr jo ikkje at eg ikkje jobbar.
For å seie det slik: Jobben min er for tida å bli friskare.
Og dette er ingen jobb ein kan ta ferie frå.
Eg kan heller ikkje dra heim frå jobb kl.15:30 og sette meg i godstolen, spise middag, trene, omgås venner og dermed slappe av etter ein endt arbeidsag.
Jobben min er ein fulltidsjobb!
Døgnet rundt.
24/7.
Heile veka.
Året rundt.
Eg har starta opp att med samtaler hos terapeuten min nå etter sommarferien.
Og så godt som det er å få hjelp til løyse opp floker, så er det også ganske slitsamt og krevande.
Dette er noko som er vanskeleg å formidle til folk som ikkje har opplevd dette sjølv. Eg skal ikkje gjera eit forsøk her heller til å prøve å få lesarane mine til å forstå kor stor belastning ein terapeutisk prosess kan vera.
Det er altfor innvikla.
Eg har opplevd at mange "psykisk friske" trur at ein anten skal vera skikkeleg gal, "uberekneleg", "skrudd i hodet" osv for å måtte søke hjelp hos psykolog eller psykiater, eller at det er slik som det blir vist spesielt på amerikansk TV, at terapi handlar om å sitte i godstolen hos terapeuten sin og pratar om kor tungt livet er, og så får ein plutseleg ein "aha-opplevelse" og ein spaserar ut av kontoret helbreda og med nytt livsmot, som eit nytt menneske liksom.
Det finst sikkert desse to variantane også. Men det mest vanlege er nok alt som ligg innanfor desse to ytterpunktene.
For min del, så har eg nok tilbrakt alt for mange timar hos ein psykolog som ikkje skjønte kva som eigentleg var galt, og dermed brukt mykje tid og krefter med å ikkje koma vidare.
Heldigvis har eg etter utredninga i 2011 fått ein terapeut som eg virkeleg kan jobbe med og har tillit til, som er fagleg dyktig, visar empati og gir støtte, utfordrar og vurderar undervegs.
Og det gjer at eg virkeleg kan gå inn og jobbe med ting som ligg langt tilbake og visar seg til å vera viktige faktorar i dei helseproblemene eg har hatt i mange år.
Så det er jo bra, ikkje sant?
Eg synst jo at eg er heldig som får så god hjelp.
Men som sagt, det er også ganske krevande.
Det er mykje som skjer i terapeutiske prosessar som er vanskeleg å forstå.
Eg er jo ingen psykolog, og om eg var det, så er det ikkje sikkert eg hadde skjønt alt som skjedde ved meg sjølv. Me er dessutan alle forskjellige, så same behandling/terapeut har jo ulik virkning hos ulike menneske.
Me er litt like men først og fremst ganske forskjellige alle saman! |
Det heile blei ganske intenst, det var mykje å drøfte og analysere og finne ut om.
Etterpå så var eg saman med venner i eit par timar, men då eg så kom heim, så sa det stopp.
Eg er nå vant med varierande dagsform og at eg er mykje sliten og nedstemt og manglar energi, og prøvar forskjellige måtar å meistre dette på. Av og til er det godt å løpe ein tur. Eller så kan eit par timar foran TVen med god mat gjera underverk. Oppmerksamhetsmeditasjon har eg også prøvd, men det funkar foreløpig berre når eg har eit visst "rest-overskudd" igjen.
Men den gangen var det einaste som hjelpte, å legge meg i senga og få det så stille og mørkt som mogleg rundt meg. Sidan det fortsatt var midt på dagen, så ønska eg meg faktisk vinter. Eller i alle fall haustmørke.
Det måtte helst vera HEILT SVART.
Utan lys og lyd og lukt.
Sånn ordentleg mørkt. |
Jaja.
Eg sovna nok littegrann innimellom, sjølv om hjernen var forsatt i høygir.
Men det hjelpte.
Etter eit par timar i mørke så blei det litt ro i kropp og sinn.
Det er heller ikkje slik at eg blir deprimert eller får negative tankar, eg er berre heilt utslitt da, det er liksom ingen energi igjen til nokonting, alt er brukt opp, så også det minste sanseinntrykk blir altfor mykje.
Eg synst jo ikkje at det er så greitt det, å ligge i mørket når det er fint vêr ute.
Men viss det hjelpar?
Ønska meg å kunne gå ein tur i tussmørke. |
Det er nå i alle fall utan skadelege bivirkningar.
Bortsett frå Lukas som etterkvart blir uroleg og synst at å ligge i senga i fleire timar på lyse dagen er litt i meste laget av inaktivitet.
Men så er det også til hans beste, sidan det som regel blir det jo ein rusletur med han etterpå viss eg orkar det.
Det som er så bra med Lukas, er at han er glad i å tur uansett - lyst eller mørkt, sol eller regn. Go'gutten min :) |
Pussig nok så hugsar eg at den dagen så sa eg til ein venn at eg skulle ønske at me kunne ta vare på "ein lys sommardag som denne" og få den igjen midt på vinteren, i januar f.eks. Tenk å hatt ein strålande lys og varm solskinns-sommardag midt i januar?
Nokre timar seinare låg eg altså i senga og ønska meg ein mørk vinterdag, mens det var lyst og varmt ute.
Jaja.
Som sagt.
Eg har det betre etterpå og det er jo det viktigaste.
Så får eg heller nyte sol og lyset ein annan dag.
For det veit eg at eg skal.
Og det ser eg fram til!
Det høres ikke akkurat ut som du lever på noen rosa skyer, nei.
SvarSlettSå mye som jeg har "snakket" med deg nå, så føler jeg liksom at jeg kjenner deg litt. På en måte ;) Så jeg kan jo ikke annet enn å gi deg litt (masse) medfølelse, og håpe at du etterhvert kommer deg "ut av" disse dumme greiene du sliter med. Hvis det kan kalles en "greie" da..
Og så vet jeg jo, eller jeg føler ihvertfall at jeg kan merke, en annen side av deg, de dagene du har det bra. Så jeg ønsker på dine vegne, at du får mer og mer av de gode dagene. Og mindre og mindre av de dårlige stundene :)
Takk for gode ord, Guro!
SlettJa du kjenner meg nok litt nå, i alle fall så stemmer det godt, at dei gode dagane mine, dei er der også!
Eg lever liksom både på rosa og svarte skyer. Hoppar frå sky til sky ;)
Jo, det er ei "greie" eg slit med. Ein diagnose har den også faktisk, men sidan eg ikkje har lyst til å skrive ein typisk helseblogg og å bli stempla som den som har [sett inn diagnose her] og derfor er så[sett inn fordommar her], så skriv eg eg heller om kva eg gjer nå det ikkje går bra, og kva eg gjer når det går bra.
For dei fleste opplever jo dette, ein form for nedturar og oppturar gjennom livet, det trengst ikkje alltid merkelapp, og ein diagnose forklarar ikkje så mykje heller for folk flest.
Så eg jobbar og trenar for å få fleire gode dagar :)
Og skriv litt om det her.
Det er nok fortsatt mange som har en oppfatning av hva en psykisk tilstand/lidelse er og som fortsatt ser for seg bildet av pasienten på sengebrisken og terapeuten som sitter bak skrivebordet.... dessverre!
SvarSlettGodt er det da at der finnes mange andre mennesker som vet bedre - inkludert DU Imke! Og jeg synes det er utrolig flott at du skriver om disse tingene her. ALT for mange har kvaler med å blottlegge sitt indre - meg inkludert - og det er dumt! Det betyr ikke at jeg ikke forstår at folk er redde for å eksponere seg, for det skjønner jeg så alt for godt, jeg sier bare at det er dumt at det hersker så mye ufrihet når det kommer til disse tingene her. Psykisk helse er fortsatt litt tabu og folk som ikke forstå noe av psykisk helse er kan være veldig stygge i sin dom.... og slikt åpner ikke opp men bidrar til enda mer lukkethet!! Ja til mer åpenhet....
Slik jeg ser for meg dette som du skriver om så ser jeg for meg at dette er en prosess som går hele tiden, en prosess som du jobber deg gjennom, som du lever i konstant og som det ikke er mulig å ta ferie og fri fra. Det er, som du skriver, ikke en 8-16 jobb. Og folk som ikke har stått i slike prosesser har ikke begrep om hvor slitsomt det faktisk er å stå i en slik tilhelingsprosess. Det er en enorm opprydning i det indre sjelslivet og det setter sitt preg på alt. Det er veldig utmattende å jobbe med psykisk helse. Punktum! Så, om du føler at omverden ikke alltid helt skjønner og du blir litt frustrert noen ganger, tenk da på meg og "M" og vit at der i alle fall er minst to sjeler som skjønner, kanskje det hjelper litt ;-)
Fortsatt lykke til med sorteringsarbeidet ditt!
Åååå tusen takk Silja!
SlettJa det var det mykje sant og bra i det du skriv (kjenner eg kanskje ein liten ettervirkning av sorteringsarbeidet ditt med "M" her? Du virkar så tydeleg og hadde så mange kloke ord, ikkje at du ikkje har det ellers, men det var så utruleg godt formulert og gjekk jo rett heim hos meg).
Ja det er synd at psykiske lidelsar fortsatt skal vera stigmatiserande og tabu. Det er klart at uvitenhet og lite kunnskap rundt psykisk helse bidrar til at folk har fordommar, men eg kan jo heller ikkje så mykje om f.eks. reumatiske sjukdommar og dømmer jo ikkje folk for det.
Og eg skulle ønske at det var lettare å skrive om mine personlege erfaringar frå psykisk sjukdom og behandling, men det ER jo ei stor eksponering.
Samtidig så har eg heller ikkje alltid så stort behov for det, så ein rein helseblogg blir det ikkje med det første.
Samtidig kjenner eg jo at det ikkje heilt stemmar når eg berre skriv om solskin, rosa triatlonsyklar og Ironman.
Det er så mykje meir bak. Og ALLE har jo ei psykisk helse, og dei fleste vil møte noko vanskar på eit eller anna tidspunkt gjennom livet.
Mange ser meg jo for det meste når eg er ute og løper og syklar, og det ser sikkert ganske sprekt ut til tider (har eg hørt :D). Men dei opplever ikkje den andre sida, den 24/7-jobben min med helsa mi.
Og sjølv om eg sjølvsagt ikkje fokuserar på terapi heile dagen, så kjem det i glimt/flashbacks, heilt uventa, og så kjem det gjerne om natta også. Rare drømmer, og eg vaknar om morgonen ganske sliten av alt eg måtte ordne opp i drømmene mine :P
Så JA! Det er utmattande å jobbe med psykisk helse. Takk Silja, for den :)
Og godt å vite at litt åpenhet blir satt pris på! Eg er jo alltid litt i tvil når eg skriv om dårlege dagar. Eg skriv jo ikkje om dette for å klage, men for å vise at slik er livet mitt også.
Kanskje nokon snublar over bloggen min, kjenner seg litt igjen i dette, `blir inspirert og får litt håp, kven veit?
De er nå i alle fall to kloke sjeler, du og "M" :)
ja det kan godt hende at sorteringsarbeidet mitt hadde innvirkning i forhold til formuleringene mine i kommentaren her - det skal du ikke se bort fra. Å rydde i eget bo gjør kanskje at man ser ting klarere utefor bare sitt eget lille rede også? jeg ser ikke bort fra at det er en sammenheng der nei!! ;-) god helg til deg!
SlettTakk!
Slett(Eg las kommentaren før helga, så det var koseleg, fekk berre ikkje summa meg til å svare)
Ja veit du, dei av mine venner og bekjente som har vore igjennom slikt "sorteringsarbeid" sjølv, er dei som har hjelpt meg mykje vidare.
Om det så berre er at dei har forståelse rundt kva det dreier seg om.
Trengst ikkje alltid gode råd, men nokre gode ord på ferden gjer alltid godt :)
Dette var godt og modig skrevet!
SvarSlettDen 24/7-tankekverna er kjent, selv skulle jeg ønske at jeg kunne ta den vekk. På et kurs i depresjonsmestring lærte vi å forsøke å sette av et par timer daglig til denne tenkingen, og la være ellers. Men det er ikke så lett.
Sånne glimt (ticks) og flashbacks har jeg også. Før skjønte jeg ikke hvorfor de kom, de bare var der og det var svært ubehagelig. Av og til fikk jeg panikk og kom i "flight or fight-modus" og forsøkte å løpe fra noe ikke-fysisk. Etter mange timer i samtaleterapi kom det frem at lukter, lyder osv fra et traume langt tilbake som jeg synes var veldig skamfullt, tabubelagt og vondt, og som jeg har brukt mye tid på å prøve å fortrenge var en av årsakene. Nå er det to år siden samtalene, de negative lydene og luktene bremster meg kraftig fortsatt, men når det skjer forsøker jeg å "vri om" på inntrykket ved å kople det til en annen tidligere positiv opplevd hendelse.
En ting er sikkert med samtaleterapi: Enten forsvinner tankekverna eller så endrer den seg. Man plukker frahverandre det som ligger langt tilbake i tid og får hjelp til å se det med nye øyne.
Lykke til på ferden :)
/KnutØ
Tusen takk Knut!
SlettNår det gjeld sånn "tvangsgrubling/tankekvern" så fungerar det faktisk (i alle fall av og til) å sette av tid til dette ("ok dette skal eg gruble over i dag kl.17-18" - høyrest rart ut, men eg har gjort det - eller når ein vaknar om natta - skal gruble på dette i morgo etter frukost osv).
Huff sånne flashbacks som aktiverer heile deg, med fight-of-flight-modus og heile pakka er jo slitsamt, så godt du fekk kvalifisert hjelp til dette! Posttraumatisk stress er ikkje noko å spøke med, og det rammar jo alle slags mennesker (er jo ganske utbredd blant soldatar f.eks).
Godt du får kobla det om, det har eg tru på, hjernen vår er jo plastisk, den kan formes over tid.
Ein kan styrke dei nyttige nervebanene slik at dei blir sterkare, men klart, ein må halde på med dette ei stund.
Ja veit du eg trur eg er inne i ein periode der eg virkeleg plukkar ting i frå einannan. Vha samtaleterapi. Og det funkar. Mange gamle traumatiske ting som eg har fortrengt blir riktignok reaktivert litt, men samtidig retta på og avliva og begravd (nokon hardnakka saker gravar seg riktignok opp att, men det er berre å ta spaden fatt igjen).
Men det skapar utruleg kaos i hodet mitt. Og sjela mi. Så var det sorteringsarbeidet som Silja nevnar ovanfor.
Det er viktig også.
Ein ryddar heller ikkje huset sitt ved å dra fram alle ting frå hyller og esker og skap for å tørke støv, ein må også sette tilbake det ein skal ha, og kaste det som er til overs, ellers blir berre heile huset fult opp med ting som sleng rundt.
Som sagt, så er eg så glad at eg kjem godt overeins med terapeuten min, så det går jo framover. Eg er berre utolmodig.
Derav innleggstittel "omfavne det mørket".
Eg må tåle litt kaos og mørke for å koma igjennom det, ellers går det ikkje.
Eg har ofte nekta det.
Takk for gode kommentar, som alltid, så har du mange gode kloke ord å kome med, det set eg veldig pris på! :)
Jeg beundrer deg for å være åpen, for å dele noe av ditt indre. Veldig få mennesker gjør nettopp dette. Vi har jo skrevet litt "off-line", og jeg føler virkelig at jeg begynner å kjenne deg litt. Og jeg setter pris på deg.
SvarSlettDu er et genuint reflekterende menneske med masse godhet i deg. Det er synd at du opplever et "mørke" som ikke alltid er lett å håndtere. Glad for at du føler du får hjelp av riktig person nå. Da kan det bare gå oppover. Du har sikkert prøvd det, men hva med musikk - kan det treffe deg? jeg bruker bevisst musikk til å bearbeide mitt indre. Det treffer meg veldig - får meg videre. Jeg sender deg en link på FB....
Mange gode tanker fra meg. <3
Tusen takk Janne!
SlettEg fekk forresten linken av deg, har berre ikkje fått sett på det enda, har halde meg litt borte frå FB denne helga ;)
Ja eg har brukt musikk, i periodar. Eg gjer det ikkje så mykje nå, sidan eg fort blir overvelda, og heller stenger av for følelsar.
Musikk har hjelpt meg gjennom akutte krisar, faktisk, og eg har eigentleg tenkt at eg burde lag meg ein slags "første-hjelps-CD" eller spilleliste, så det kunne eg jo godt gå igang med nå.
Akkurat den siste veka var det eit slags "godt mørke" fordi eg kunne senke litt krava til meg sjølv. Og sidan eg eigentleg er eit menneske som trivst best i lys og varme og glade fargar, så veit eg at mørket aldri varar evig.
Ja veit du noko av mitt indre er jo greitt å dela her på bloggen, men eg synst det er veldig koseleg å kunne prate "off-line" med deg, det er kjempeoseleg :) :)
Hei Imke,
SvarSlettModig, åpent og ærlig skrevet.
Du er åpenbart istand til å reflektere over eget ståsted. Da er jeg tygg på at du finner veien opp og frem. Stå på, Imke :-)
Jannicke
Det skal eg, Jannicke.
SlettTusen takk! :)
Hei Imke,
SvarSlettDu er modig. Du skriver så nært og nøkternt om noe stort og vanskelig. Jeg tenkte jeg skulle skrive noen oppmuntrende ord, men så tenkte jeg at jeg bare vil takke deg for motet ditt. Selv om du er sårbar er du sterk.
Lykke til med den store jobben.
- Laila
Hei Laila,
Slettnå var eg passe treg til å svare på kommentaren min, det beklagar eg, eg har berre ikkje vore innom bloggen her i det siste i det heile tatt! Takk for dei gode ord du skreiv til meg!
Dei skal eg ta til meg og hugse på :) :)