Tull og tøys, tennkte Binna den gongen - eg var berre i super humør etter å ha løpt opp ein laaaaang motbakkke - det var DEN GODE LØPSFØLELSEN da! (Tilbake i 2012). |
Jepp. Seks månader.
Tenk det!
Hadde du greidd det?
Å la vera å løpe så lenge?
Siste gong eg ikkje løp over så lang tid, var FØR eg i det heile tatt starta med løping, og det var hausten 2006.
Lett er det ikkje å la vera, eg savnar å løpe.
Samtidig så gir treninga mi nå resultat.
Eg har nemleg begynt å trene løpeteknikk.
Og det har eg faktisk ikkje gjort før.
Då eg starta med løping hausten 2006 starta eg med "intervall" dvs eitt minutt løp, to minutt gange, i ein halv time, så utvida eg løpedelen til eg kunne løpe ein halv time i strekk, osv.
På den måten fekk eg framgang veldig fort.
Fokuset mitt var stort sett på distanse, og ikkje fart. Dei fleste løpeturane var roleg, rundt 6min/km. Hunden min den gongen, Binna, var stort sett med. Ho trava også jamnt og støtt. Me var rett og slett eit godt løpeteam.
"Eg og Binna" eit løpeteam. |
Så nå trenar eg løpeteknikk.
Det har vist seg at 15min er passe. Meir blir for mykje for føtane mine.
For å styrke dei indre fotmusklane gjer eg alle øvingar i fivefingers, eller barbeint, og ein god del øvinger på balansepute eller tjukk treningsmatte, slik at også små musklar blir brukt.
Eksempel på øvelse i løpeteknikk - den likar eg godt! |
For tida har eg heller ikkje vondt i føtane. Det berre kriblar litt i høgre fot.
I går gjekk eg først ein knapp time tur i skogen med Lukas, og så tok eg 15min med løpeøvelsar.
Eg prøvar også å auke kadensen for å engasjere fasttwitchmusklane (som visstnok blir dårlegare med alderen), og då får eg samtidig opp pulsen.
Eg avslutta så med 15min yoga, for yoga skal eg nå endeleg lære meg!
Screenshot frå Daily Yoga-app'en. Ein plass må eg jo starte. |
Då eg stod i dusjen hadde eg følelsen av å ha løpt ein lang skogstur.
Eg stod jo igjen med inntrykket av å ha vore ute på beina i nesten ein time, og så kjente eg at eg hadde brukt musklane i leggane og føtane veldig godt.
Nesten som å ha vore på løpetur i skogen!
GODT var det!
Så sjølv om det fristar å tjuvstarte å løpe nå når det blir vår, skal eg heller fortsette med dette opplegget mitt, for dette likte eg virkeleg godt.
Nå, dagen etterpå, så kjenner eg meg heller ikkje spesielt stiv eller støl.
Kanhende eg kan få ein liten forsmak av den gode løpefølelsen likevel?
Minner om deilege løpeturar i sommarvarmen... |