16. mars 2014

Meir sykkellykke og løpeglede!

Tida går fort, det må eg sei.
Det er altfor lenge sida sist innlegg, og eg kan ikkje skjønne at eg ikkje har blogge i det siste, for eg har hatt så mykje å skrive om!
Til og med treningsmessig!

Eg er altså i gang igjen med løpinga.
Berre så smått.
For eksempel, så løp eg 3 x 1km på (flat) grus, med 1km sykling imellom.
Det var på måndag.
Og det gjorde faktisk litt vondt å løpe...altså det er noko med muskelfestene som ikkje er heilt på plass, slik at det var vondt alt etter 30sekund. Men det blei ikkje verre, og det var kanskje meir ubehageleg enn vondt.
Dessutan skulle eg visst utfordre denne typen ubehag, meinte fysioterapeuten min sist.
Deileg vêr å løpe i!
Neste dag kjendest kneet heilt fint. Eg var ikkje særleg støl heller. Eg hadde sykla for å varme opp, og sykle litt i etterkant, eg lurar på om dette kanskje hjelpte?
Treningsmotivasjonen var i alle fall stor.
Dagen etterpå blei det ein liten sykkeltur på 40-50min. Moderat intensitet, berre for å nyte solskinnet (og vinden, haha).
Black Beauty, har fått seg lykt bak!
Eg sparar ikkje vekt her, eg vil heller ha ein sykkel
som funkar i alle slags vêr- og lysforhold.
Åååå så herleg det er å sykle når det nærmar seg vår og kneet fungerar, og det er solskinn, det er berre heilt topp det!!
Så var det onsdag, og vêret var igjen, heilt strålande. Blå himmel og solskinn, og sidan eg hadde bursdag så skulle det "feiras" med løpetur.
Først skulle eg berre varme opp og skulle ned til vatnet, men der var det så fint, og sola varmar, at eg bestemte meg for ein løpetur på stranda!
For eit utsikt! Dette er brygga på Bjørgesanden Camping.
Der me har ein liten strand.
Det var nesten sommarfølelse, nesten ikkje vind, og sola "steika" ned.
Så det var berre å parkere sykkelen og starte å løpe mens kroppen var varma opp.
Her har vi stranda i Seljord, ved Bjørgesanden.
Den er ca 250m lang, så det blei intervall på 500m.
Eg slo på GPS'en og fann ut at stranda var ca 250m lang (og ikkje 400m som eg tidlegare hadde trudd), så det blei intervall på 500m med ein pause på rundt 1:30 imellom.
Og fyttirakkern så tungt det var!
Sanden var ganske våt, og det var ikkje vanskeleg å få opp pulsen.
Eg hadde i utgangspunktet ikkje tenkt å trene harde intervall, men det blei det likevel.
Og bra er det, eg har ein del uthaldenhet å bygge opp att etter 6veker på krykker.
Eg blei så varm at det frista med ein dukkert.
Men det får koma ein annan dag :D
Det blei 6 x 500m intervall, og farten var ganske låg (pace på 6-7min/km), men pulsen var HØG!
Den var til og med skyhøg!
For 5-6år sida hadde eg ein makspuls på ca 184 bpm. I alle fall var det det høgaste eg greidde å framprovosere.
Og nå kom eg fleire gonger over 180bpm, til og opp i 183!!
Det kjendest da ikkje sååå tungt??
==> fasiten er at det er effektivt å løpe på våt sand, og eg trur også at det er bra for kneet mitt.
Og så støl eg var dagen etterpå!
Min leggmusklar var i sjokk i to dagar etterpå, minst.
Men du verden så herleg det er å vera støl frå løpetur igjen, det har eg savna!
Heilt pumpa etter 30min løping.
Og deileg å sole seg på den varme brygga. DIGG!
Eg tok eit par dagar "pause" frå strukturert trening, men tur i skogen med Lukas blei det den eine dagen, og det er faktisk god trening det også. Spesielt sidan eg fortsatt må "passe på" kneet mitt, slik at eg ikkje sklir og strekker leddbandet igjen.
Men eg har blitt så glad i å sykle.
Kanskje er det den nye sykkelen ("Black Beauty") som har fått opp sykkelgleda?
Godt rysta til alle slags lysforhold: solbriller og digert batteri til lykt.
Trur ikkje eg får bruk for framlykta på ei stund, men ein kan jo aldri vite...
Så hadde eg i går ein av mine "yndlingsøkter" på terrengsykkel, nemleg ei lita motbakkeøkt.
Som ein ser, så gjekk det passe tregt i motbakken (men sluttida mi var pussig nok akkurat den same som den pleier, og eg prøva å halde pulsen på rundt 160bpm), og mens gjekk fantastisk fort nedover (det hadde nok gått enda fortare viss det ikkje hadde vore is igjen i den øvre delen av vegen).
MORO!

Alt i alt så har eg storkosa meg med treninga igjen.
Eg synst liksom at alt er berre moro!
Etterkvart skal eg lage meg ein plan, og så få meir struktur på treninga, men men, eg veit jo korleis det blir med desse treningsplanane etterkvart. Det er tross alt eg som bestemmer kva eg skal trene på, og ikkje planen.
Og ein viktig del av treninga som me alle veit, er jo restitusjon.
Og den skal eg i alle fall fortsette med å vera god på.
Ikkje så vanskeleg heller, når det er dagar som dette:

9 kommentarer:

  1. Så bra Imke! Du er virkelig igang med treningen igjen jo :D
    Og så så mye du har fått gjort bare iløpet av én uke!

    Foressten så tror jeg også at det kan ha noe å si på det at du syklet i forkant av løpeturen, altså oppvarmingen. Jeg merker det ihvertfall veldig godt selv på min egen ankel, og av og til ett kne som tuller litt, det er mye bedre (og mindre vondt) hvis jeg løper en liten tur ETTER at jeg har syklet i 10/20min først. Pluss at jeg da kan korte litt ned på selve løpe-delen, hvis jeg sykler litt først, som igjen fører til "sparing" av føttene ;)

    Når jeg først nevner mine vondter (jeg beklager at jeg "alltid" snakker om meg og mine problem, selv på DIN blogg...), så tror jeg faktisk at jeg bør ta steget og la en proff se på ankelen min. For den blir liksom aldri helt god igjen, det blir alltid litt vondt uansett hva eller hvor lenge jeg trener... ;p

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det har slått meg at eg har forsømt å varme opp før løpinga. Eg meiner, viss du f.eks. med annan type sport, då varmer ein ofte opp med å LØPE, ikkje sant? Og ein kan jo varme opp for ei løpeøkt med å løpe, berre ein tek det "med ro" eller legg inn korte raske drag for å få i gang blodsirkulasjonen.
      Men for oss som har litt medtatte kne og anklar (eg synst absolutt at du skal la nokon "proff" å sjå på ankelen din. Ein fysioterapeut kanskje?), kan med fordel varme opp ved å sykle, det er jo meir skånsamt. Og eg gjer det som du gjer, eg brukar litt av sykkeltida som løpeøkt, dvs. kondismessig blir løpeøkta lengre, sjølv om belastninga på beina blir mindre.
      Så eg har nok tenkt å fortsette med dette (så la oss håpe at snøen som falt i dag FORSVINN igjen, fort :D).

      Ikkje noko problem altså at du nevner dine problem her, det er jo dette kommentarfeltet er til for :)

      Slett
  2. Hurra for treningsglede og fremgang! Det unner jeg deg av hele mitt hjerte! du har hatt en tøff vinter. Nå er du i gang. Fantastisk område du bor i forresten, nydelige stemningsbilder - og for et herlig vær å trene i! Husk å skynde deg langsomt. Fortsatt god bedring med kneet - og kos deg med Lukas og Black Beauty! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk Janne!

      Ja der var nydeleg vêr! (Og så ser me ikkje meir av vinduet i dag, for der har snøen kome igjen - men den forsvinn vel snart igjen den, ikkje sant!?).

      Ja det er nok landskapet her som gjer at eg blir buande, til tross for at eg kjenner at mange av mine gamle venner bur litt for langt unna.
      Det er herleg med høge fjell og det store vatnet, det er ei perfekt blanding for meg, som har vakse opp med mykje bading og båtliv.
      Eg synst virkeleg det er ein flott plass, og den gongen eg flytta hit pga jobb istadenfor å pendle, då var det bevisst med tanke på treningsmoglegheitane.

      Ja eg skal skynde meg langsamt. Blir jo alltid så kjempestøl etter treninga nå, så kviledagane kjem ganske naturleg av seg sjølv, og blir da brukt saman med Lukas (på sofaen og i skogen :D).

      Slett
  3. Deilig med vårinspirasjon og sol nå som vinteren er tilbake for fullt. Sitter her og ser på snøen som laver ned og er sååå glad for at jeg tok meg sammen og løp i går ettermiddag - på bar asfalt. - så er det bare å håpe at alt er smeltet i morgen. Godt å høre at det fremdeles går så bra med opptreninga di.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det!
      Heldigvis forsvann snøen like fort som den kom og det blei bart.
      Men nå i dag så er det faktisk litt snø i lufta igjen, men det trur eg blir det ingenting av!
      Me må nyte vårdagane når dei kjem altså, det er berre heilt herleg.
      Eg er superklar for vår!

      Slett
  4. Så flott at du er i gang igjen!!! Og alle disse bildene: det ser jo bare helt strålende ut ;-) Snart er det vår!! Juhu!

    Virker som du har god kontroll på opptreninga - det gjelder bare å ta det rolig og øke gradvis; men det vet du! Og etter mitt 6ukers sengeleie i fjor på denne tiden så vet jeg alt om hvor hardt det er for kroppen å starte opp igjen - så all medynk og forståelse fra meg. Fortsatt masse lykke til og tvi tvi; jeg har trua!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja det var heilt fantastisk!
      Og eg vil virkeleg nyte det fine vêret og solskinnet mens det er der, då får heller oppvasken tårne seg opp inne (som det faktisk -ehem- gjorde).

      Ja eg hugsar at du var ganske satt ut ifjor på den tida. Det er eigentleg ganske kjekt med blogging og lesinga av andre sine bloggar, for då ser ein så godt at det blir gode periodar, og dårlegare, og så kjem det alltids gode igjen...

      Skal ikkje skynde meg for fort sjølv om det fristar. I går drog eg det kanskje litt langt, men med god restitusjon så går det nok bra.
      Eg har trua eg òg!

      Slett