24. mars 2014

Nesten 30km og nesten 60km/t

Jaaaa...
Eg sykla meg altså ein tur i dag, og hadde som mål rundt tre mil, eller 1,5t.
Det var ikkje sååå nøye altså, fordi eg brukar riktignok ein treningsplan, men eg hadde då eigentleg valget mellom å ta igjen sundagens sykkeltur på 30km (eller eigentleg helst 40km) eller droppe denne og begynne friskt på denne vekas første sykkeløkt som er planlagt med 40min.
Det var solskinn i dag, så eg bestemte meg fort for 30km.

Og viss ikkje, så var det ikkje så farleg.
Eg hadde nemleg hoppa elegant over lunsjen, og starta derfor kl.14:30 med tom mage, som romla i protest!
Eg putta ei halvfrosen toastskive i baklomma på sykkeljakka, bytta vatnet ut med sportsdrikke og fann ein powerbargel som kunne tene som "nødmat".

Men sportsdrikken gjorde susen, og solskinnet også, dessutan var eg skikkeleg i beit for å sortere noko tankar i hovudet, så den første halvtimen gjekk fint på berre sportsdrikke.
Så hadde toastskiva tina, og den gjorde godt å få i meg.
Kven skulle trudd det, toastskive utan pålegg?
Smakte godt for meg :D

Intensiteten skulle liksom vera "moderat" og det er nok nesten slik det blir uansett i Vest-Telemark. Her er det bakkar. Også langs vatnet. Det går opp og ned.
Eg tok motbakkane med ro, men susa ned full fart i nedoverbakke.

Eg har ikkje sykkelcomputer på den nye sykkelen, så eg registrerar distanse og fart med GPS og App, anten Sports-tracker eller Endomondo.
Så då eg kom heim, såg eg at eg hadde sykla 29,37km.
Hmmmmmmm.
Kanskje må eg skaffe meg ein sykkelcomputer?
Hadde ikkje eg då alt vore innanfor døra og hilst på Lukas, hadde eg tatt meg ein ekstra runde for å runde tre mil.
Virkeleg! Eller ikkje tatt den vesle snarvegen som eg tok (som er kortare men brattare).
Hmpf.
Men det er jo nesten 30km, ikkje sant?

Så såg eg på maks-fart: 59km/t.
Er det muuuleg? Nesten 60km/t.

Kunne det ikkje ha vore 60km/t da?
Det hadde jo vore mykje artigare.
Men men.
Neste gong.
"The need for speed", den sluttar aldri.
Eg har i alle fall kosa meg, kom inn etter 1t31min20sek, så DER låg eg i alle fall godt innanfor målet.
Lukas krever oppmerksamhet når eg kjem heim!
Og han elskar at eg legg meg på golvet for å strekke ryggen etter syklinga!
Då skal han også strekke ryggen og ha magekos i tillegg!
Låra er faktisk litt slitne nå, så Lukas stakkars må smøre seg med tolmodighet før me ruslar ut ein tur.
Og for ein matlyst eg har fått etter halvannan time i frisk luft og solskinn.
Det gav meirsmak!
Og så må eg vel ut og lufte go'gutten snart...
Kven kan nå motstå dette blikket???

4 kommentarer:

  1. hehe - jeg skrev nettopp i kommentar til deg (hos meg) at jeg aldri makter å motstå disse triste, triste hundeblikkene, ei heller de glade, - jeg vet, vet, vet jeg får bli med -)
    Dette blikket er det viktigste evolusjonen har gitt hunder.

    Fniser også til alle krumspringene for ekstra meter. Det hender stadig vekk at jeg løper rundt huset og fram og tilbake på parkeringsplasser - for runde tall. Runde tall er meget meget ettertraktet.

    Ellers godt å se at du er igang - på hjul i solskinn og i programrute. Sannelig godt du fikk orden på dette kneet til våren!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja kneet har hatt god framgang. Det er ikkje 100% enda, men fungerar til løp og sykling, og da er eg fornøydd.
      Uff veit du kanskje er dei GLADE blikkene til bikkjene våre verre enn dei triste?
      For når dei er så glade for "at dei sikkert blir med ut", og dei ikkje kan bli med, så må me jo skuffe dei, og det er ille å sjå forvandlinga frå super happy til djupt skuffa (og såra og vonbroten)....

      Runde tall runde tall ja, neste gong! :D

      Slett
  2. Du må alltid huske på å "runde opp", så blir det fort mer fine, hele tall! ;)

    Ikke rart du var sulten etter den turen da. Både sykling i 3mil óg uten særlig mat i magen :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hmmm ja altså matematisk sett er det lov til å runde opp til 39,5km, men det høyrest nesten mindre ut :D
      --> eg skal gjera det til rutine å sjekke GPS'en før eg kjem meg heilt heim.
      Frå nå av.
      Sykling gjer noko med matlysten - den er alltid stor etterpå.
      Pussig det der :=)

      Slett