Måndag og tysdag gjekk eg nemleg mine første to turar sånn heilt nesten utan krykker (dvs eg hadde tatt med éi krykke i tilfelle isete nedoverbakker - bakkane her er bratte og kan fort bli isete, og eg treng nå virkeleg ikkje å røske opp att leddbandet ved å skli).
Det er slik at ein skal bruke krykker til ein kan gå vanleg (ingen halting!) og smertefritt.
Så etter seks veker med krykker så følte eg virkeleg at det var på tide å gå eit steg vidare. Dessutan prøva eg til og med forsiktig å "løpe" med to krykker. Hehe, det gjekk faktisk ganske bra, det blei skikkeleg utfordring for heile kroppen, og meniskane (som eg skulle passe på) fekk mindre belastning også.
Likevel - eg treng å koma igang med vanleg løping igjen. Ikkje så mykje pga IM 70.3 Haugesund i juli, men for min mentale helse - eg treng rett og slett desse avbrekka i tilværelsen. Ut i lufta, kjenne musklane jobbe, kjenne hjartet slå, musikk på øyra og berre i min eigen verden. Kvalitetstid med meg sjølv.
Negative tankar ramlar av, omverden blir mindre viktig, eg har berre meg sjølv å fokusere på.
Eg blir sprø viss eg ikkje skal på løpetur igjen snart! |
Og når ein spring i motbakke, så landar ein mest på forfoten, og dermed blir det naturleg støtdemping. Det er leggmuskulaturen nemleg som tek imot.
To timar etter telefonsamtalen hadde eg fått på meg løpetøy. Eg hadde også sykla til sentrum for å handle, på denne måten fekk eg varma opp muskulaturen i beina på ein effektiv og skånsam måte.
Så gjorde eg akkurat det eg hadde tenkt: springe 5x30sec på ein blaut grusveg opp ein bakke her i nabolaget.
Du veit du har hatt løpe-abstinenser når du gledar deg til å løpe motbakkeintervall i fire gradar og sludd. |
HURRA!
Hadde det ikkje for den medtatte (=dårlege) kondisen min, hadde eg kanskje synge høgt. Eller kanskje ikkje, sidan eg befann meg midt i nabolaget mitt :D.
Andre intervallet var også HERLEG.
Det var ein heilt merkeleg følelse å løpe igjen.
Det var som om ein gamal god etterlengta venn kom endeleg på besøk igjen.
Intervall nummer fire prøva eg utan knestøtte, men det var ikkje spesielt godt.
Då datt humøren litt i kjellaren.
Det er nemleg slik at nokre muskelfester er strekt, og det gir ein ekkel, ubehageleg nesten vond følelse når eg bøyer kneet aktivt (som å dra foten opp mot rumpa når ein løper).
Derfor blei det på igjen med knestøtta, og då gjekk det fint.
Og sidan eg hadde "mista" eit intervall pga eksperimentet, så gav eg meg sjølv eit bonusintervall...
Strålande fornøydd etter økta! |
Eg kosa meg!
Virkeleg!
Ja, det var fire plussgradar og sludd. Eg blei søkkblaut etterkvart men kosa meg.
Hadde tatt med drikkeflaske, musikk på øyra, og alt som eg ellers ville ha gjort ved ein lengre, vanleg løpetur.
Og det gav effekt, spesielt mentalt.
Etterpå unna eg meg eit glass med proteindrikke.
Og ein laaaang varm dusj.
Og i dag, så virkar det ikkje som kneet har tatt noko særleg skade av løpeøkten i alle fall.
Planen vidare er nå, og gjenta desse korte motbakkeintervall, auke med eit-to intervall pr økt, og gjenta økta eit par gonger i veka eller etter lyst og humøret (men ikkje oftare enn 3x/veka).
Så plusse på med sykling for å få meir variert belastning.
Alt i alt, så er eg veldig fornøydd med gårsdagens innsats.
Eg er liksom i gang igjen! Endeleg!
Teknisk dårleg bilde, men eg synst det er så morsamt. Lukas er ikkje fornøydd sidan eg både sykla og løp UTAN han, mens eg er i strålande godt humør etter løpeøkta :D |
herlighet så glad jeg er på dine vegne!! Kjenner igjen lykkefølelsen...da jeg hadde løpepause i 11 mnd pga plantarfascitt, så var første løpetur AMAZING! ..må le...motbakkeintervall i sludd og fire grader!! jepp - abstinenser! herlig! supert altså! nå er du i gang igjen! Husk å skynde seg langsomt!
SvarSlettJaa eg måtte le litt av meg sjølv, riktignok var det først opphald då eg sykla, så sludd var ikkje planlagt (men stoppa meg ikkje, hehe)
SlettJa dine 11mnd løpepause må har vore grusam, eg hugsar fortsatt at du nevnde dette i ein tidlegare kommentar, forferdeleg.
Sånn sett hadde eg jo flaks da.
Skal skynde meg langsomt.
Eg får kanskje ikkje tid eingong til meir "løping" denne helga, men kjem til å transportsykle ein del, så eg trur det blir bra.
Jeyy! *Tommel opp* :D
SvarSlettJepp :) :)
SlettBra imke! Dette er "do what you can in the moment" i praksis!
SvarSlettSå håper jeg virkelig at kneet straks blir bedre for å unngå sprøhet.
Ser litt skummel ut den hunden.
KnutØ
takk!
SlettAltså så lenge eg får fortsette med langsam progresjon mot vanleg løpeøkt (kanskje i løpet av mars måned) så skal eg vera fornøydd.
Det er nesten bedre å vera i bevegelse enn å sitte inne, for då stivnar kneet (fortsatt, men det er vel reaksjonen på at eg brukar kneet og musklane rundt meir og meir).
Hehe ja Lukas ser skummel ut på bildet, så eg turde først ikkje legge det ut, men samtidig er det jo veldig morsamt.
Men kanskje mest når ein kjenner han?
Eg skal ta og legge ut nokre meir koselege bilde av han neste gong.
Stort sett ser han jo ut som ein stor valp, med store, blanke øyne og digre poter ;)
Det kan vel ikke stemme at Lukas' hodet er 7 ganger større enn ditt = monsterhund? -)
SvarSlettUnner deg den løpeturen. Minus skaden vet jeg (og alle andre løpere) akkurat hvordan du har det. Holder på å bli gal selv pga været. Glatt slaps som er umulig med uoppdragen hund og har sjelden hjerte til å sette han igjen. Et rykk til siden og null kontroll. Verre enn blank is for broddene tar ikke. Jeg vil ha vår - eller til og med vinter. Blir gal av denne ubrukelige slapsen.
, ok sorry for, ventinga.
, spesielt siden dette var en gladpost om kneet ditt!
Ikke overdriv!
Hahaha tja eg får prøve å ta sjølvportrait med meg og Lukas der hodestørrelsen kan samanliknas.
SlettMen han har ein DIGER skalle altså!
(Veldig festlig å koma heim og hilse på han ved å bøye meg ned mens han hopper opp, men eg er vel heldig som enno ikkje har blitt slått i svime da :D).
Jepp. Slaps + vill hund er ikkje morsamt.
Broddar har null effekt, så dei har eg ikkje brukt heller på ei stund.
Stegjern kanskje? haha, nei det er berre å leite etter nokre få meter med bar veg, "heldigvis" for meg så treng eg ikkje mange km for å gjennomført ei løpeøkt desse dagane :P
Men nå er treningsbakken min dekka av glatt sleip snøslaps...Jaaa daa.
Ikkje fare for at eg skal overdrive altså :D
Som tidlegare sagt: berre luft din frustrasjon her, det fallar på trygg (snøslapsdekka) grunn ;)
Ja eg vil også ha VÅR!