2. februar 2014

These boots are made for walking!

Sidan i fjor haust så starta eg å registrere treningsøktene mine med Endomondo-app'en, og det har for så vidt vore artig. Nå i januar har eg til og med begynt å registrere all slags fysisk aktivitet - altså ikkje berre planlagte strukturerte treningsøkter, men også transportsykling og spesielt alle gåturar.
Kalenderbladet frå Endomondo for Januar visar det tydeleg:
Eg går og går og går!

Ein grunn til at eg går enda meir enn det eg har gjort før er jo da at løping er utelukka etter at eg strekte leddbandet i midten av januar:
Endomondo har ingen symbol for idrettskadar.
Dette er mitt forslag :D
Eg har også forslått den indre menisken i tillegg, noko som fysioterapeuten min fann ut sist onsdag.
Men - ingen fare - menisken er ikkje skada, den er berre "irritert".

(Snik-opplysning:
Me har to (2) menisker i kvart kneledd. Ein ytre (=lateral) og ein indre (=medial). Den mediale er kobla saman med det mediale leddbandet (sidebandet), mens den laterale menisken ligg meir fritt til. Dvs, skadar ein det indre sidebandet, vil også den mediale menisken få seg ein trøkk).
Eg synst som ivrig mosjonist burde ein hatt litt kunnskap om kroppens anatomi. Det er mange som ikkje veit at me har to meniskar i kvart kne. Til og med triatletar eg kjenner som har blitt operert på "menisken" visste ikkje at dei eigentleg hadde fire menisker til saman.
Ein annan grunn for at eg går så mykje er at eg har Lukas, som skal luftas.
Og at eg ikkje har bil for tida (men sjølv den tida eg hadde bil, så blei det så lite poeng å køyre 1km ned til sentrum for å handle, då gjekk eg heller - gratis trening!).

Så har eg også fått meg nye vinterstøvlar!
Hurra!
Eg synst gode vinterstøvlar er skikkeleg luksus, sjølv om ein jo virkeleg treng gode vinterstøvlar.
Likevel, så ender det ofte med at eg subbar rundt i snøen med gore-texløpesko eller turstøvlar.
Men rett etter nyår, så blei det desse her på meg:
KEEN Hoodoo II  High Lace
Åååå så gode dei er!
Eg hadde jo flaks at eg kjøpte desse FØR eg ramlar på kneet mitt, for desse her har eg hatt veldig god bruk for sidan! Dei har kjempegod såle, så broddar kan brukast på glatta, ellers så har desse godt grep på vinterføre:
Sjå på den gode sålen!
Eg synst jo at dei er utruleg fine. Fargemessig, så trengte eg eit par svarte støvlar, som tolde litt meir enn mine "finvinterstøvlar". Dei har også den typiske KEEN-tåforsterkning av gummi:
Kjekt å sparke med, haha.
Eg hadde sett desse støvlane før, på ei norsk nettside, men så blei dei utsolgt i min størrelse. Men så dukka dei opp att igjen, berre eitt par igjen i størrelsen min, og då måtte eg jo berre slå til!
Synst dei er skikkeleg fine, ordentleg robust lær, fôra med teddyfor og isolasjon, og dei har fine petrolblå detaljer (på mange bilder ser det ut som ordentleg blåfarge, men dei er "petrol/teal", altså blågrøne).
Fargen heiter "Black-Deep Sea" og fargen på djupt vatn kan vel variere litt,
alt etter lyset som fallar inn, så det passar jo.
Å bestille støvlar og sko på nettet er jo litt tricky, i og med at ein ikkje får prøvd dei. Men mange nettbutikkar har jo både gratis frakt og retur, så då gjer det jo ingenting å prøve. Er tilbodet såpass bra, synst eg at det lønner seg å ta sjansen.
KEEN er kjent for å lage sko for breie føtar, og etter å ha lest mange review på nettet om denne modellen, så var eg sikker på at tærne mine ville ha god nok plass i desse.

Eg brukar størrelse 39 (US 7,5 og UK 5,5) og denne i størrelse 39 passar bra, med plass til eit par ullsokkar av den ikkje altfor tjukke typen.
Støvlane gir litt støtte samtidig som dei er mjuke, dei minner nesten om snowboardstøvlar, mjuke, men gir støtte, er varme og har god plass - eg ELSKAR snowboardstøvlar :D).

Så dette var litt produktvurdering/tips.
Eg var sjølv på jakt etter gode vurderingar av denne støvelen, og satt pris på alle testar eg kunne koma over, så derfor blei det litt meir detaljert her, slik at det kan koma til nytte for andre.
Eg er ikkje sponsa av Keen, så dette er ei uavhengig vurdering.
(Men Keen er eit tøft merke, skulle gjerne ha tatt på meg produkttestar av andre skomodellar frå Keen, dei er virkeleg noko for meg, berre sjekk outdoorkolleksjonen deira).

Ellers er februar her, og med den nye månaden også ein ny vêrtype, nemleg MILDVÊR.
Skrekk og gru.
Snart er vel all den vakre fluffy snøen borte?
Januar månad hadde treningsmessig ikkje så mykje spennande å vise, men her kjem nå ei oversikt.
Statistikk frå Endomondo.
Endomondo har mange funksjonar for dei som betaler for full versjon, men så stort behov har eg ikkje for fancy funksjonar, då lagar eg meg heller gode statistiske oversikter sjølv.

Forresten så går det bedre med kneet mitt. Men etter sist fredagen der eg til saman tilbakela nesten 7km på beina (i tre - fire omgangar vel å merke) så var kneet vondt og stivt på laurdagen. I dag er kneet er mjukt og fint, sidan eg berre gjekk "stusslege" to km i går, pluss støvsuging og diverse annan husleg mosjon.

Alt med måte når det gjeld rehabilitering av leddband! Eg blir vel litt ivrig innimellom.
Kanskje er det støvlane som får meg til å gå?
Sama det :D

3 kommentarer:

  1. De skoene så jo helt perfekt ut å gå tur med på veier med litt mer snø (enn hva vi har)! Så ut til å være god støtte oppover anklene også, ja :)
    Tviler på at jeg noen gang ville hatt bruk for dem her på Jæren (but you never know...). Men hadde vi hatt så mye snø som dere der oppe på Rauland (?), så hadde jeg nok gått til innkjøp av sånne ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja støvlane er supergode - slutt på det med å plukke snø ut av joggeskoene og halvblaute sokkar :D
      Dei hadde sikkert gjort nytte med litt sur vind langs kysten, dei er nemleg gode og varme også ;)

      Ja det blir meir snø her pga innlandsklima (Seljord ligg ca 5mil nærmare kysten enn Rauland, så Rauland har enda meir snø - der er det fortsatt MASSE snø - her har det blitt litt mindre pga mildvêr dei siste dagane).

      Måtte berre vise fram støvlane, er så fornøydd nemleg :)

      Slett
  2. Så bra at menisken IKKE er skadet!
    Endomondo bruker jeg ikke, men all loggføring er virkelig bra - en sann motivasjon. Du er jo bare superflink til å gå masse. Støvlene ser veldig bra ut. Gode. Jeg loffer rundt i UGGS ennå....:) venter på at vinteren skal gli over..he he!

    SvarSlett