26. januar 2014

Radikal Aksept (Dag 11 etter kneskaden)

Eg kan vel ikkje skrive dag 11 etter kneskaden?
For skaden er jo der fortsatt?
Men men - dikkøn skjønner vel kva eg meiner med det.
Kneet ser jo friskt ut - på utsida - men skaden er der !
Så nå har eg altså prøvd å halde humøret oppe (eg har tillatt meg eit par tre-fire minutter om dagen til å blei meg viss eg trengte det - det har heldigvis berre skjedd ein gong).
Det som eg har funne ut var ein viktig forutsetning for å ikkje bli deppa og frustrert etter denne "plutselege" skaden (samanlikna med slitasjeskade, som utviklar seg over tid), er RADIKAL AKSEPT.

Det er forøvrig skrive ein heil dele om den psykologiske biten av idrettsskader (sjå "Psychological rehabilitation techniques" frå sportsinjurybulletin, eller "How do athletes deal with injury" frå BrianMac Sports Coach).

Reaksjonen på skaden blir delt inn i faser, for eksempel:

  1. Sjokk/fornektelse
  2. Sinne
  3. Forhandling ("bargaining")
  4. Depresjon
  5. Aksept

Eg har heldigvis kome meg til punkt 5.
Det nytter ikkje å tenke å lure og gruble.
Leddbandet er strekt, det går ikkje an å løpe, eg er nødd til å gå med krykker viss eg ikkje skal gå som ein slagpasient (sjå her i bloggarkivet, apropos slagpasient, det har eg lært nå!),
snowboard- og skisesongen er over før den har begynt, og løping må eg vente med ei stund til.
Svømming er heller ikkje så lurt foreløpig.
Sånn er  det.
Sykling på rulle er bra trening,
og glimrande rehabilitering for eit skada kne!
Men det er andre ting eg kan drive med for tida, treningsmessig.
Eg har gått ein del ute, på krykker.
Helst med to krykker, fordi med berre éi krykke så blir det ikkje bra, men haltande.
Eg har sykla litt på rulle, for treninga sin del, av og til berre for å mjukne opp kneet.
Eg kunne også med fordel trent meir styrke!
Det går an å lese fag når ein syklar inne
- i alle viss det er i videoformat!
I går fekk eg selskap av ein venn på ein av krykketurane mine, og dermed slapp eg å ha Lukas i band, for det gjorde min snille venn (å gå ed Lukas i band  er noko herk, med to krykker eller berre éi, det funkar dårleg, han er så sterk til å dra meg rundt, og det har ikkje kneet spesielt godt av).
Realiteten for tida.
Me gjekk ned til sentrum, eg handlar hundemat, og meg gjekk heim att.
Eg bar altså sekken som vog kanskje 5-6kg, og i slik kontrollert slak motbakke gjorde det godt for både kneet og hodet mitt.

Men som eg savnar løpeturane mine!
Det hadde vore så godt å fly avgarde i full fart (og full stopp når Lukas er med, haha), kjenne sjå landskapet rundt meg, få km etter km unnagjort, kjenne pusten og musklane i beina....
Og så den herlege følelsen etterpå.
Det savnar eg.
Det å gå ein tur har virkeleg ikkje same oppmuntrande effekt.
Men, det kan hende at eg snart får knekt koden når det gjeld styrketrening, kanskje det kan funke like godt som avreageringstreningsøkt?
Eg får sjå.
Så lenge får dikkøn der ute med friske kne kose dikkøn på løpetur!!
Og Lukas kosar seg med tyggebeinet han fekk til femårsdagen sin!

12 kommentarer:

  1. Huff - skjønner at du er frustrert. Godt at du har kommet til punkt 5 :) alt er bedre enn ingenting, og du har jo rulla di. Og litt etter litt er du tilbake igjen. Kjenner også igjen savnet du beskriver etter å kunne løpe. Husker da jeg hadde plantar fascitt - null løping på 12 mnd var IKKE morsomt! men..snart er du der igjen. Du er sterk, og du har vært ute en vinternatt før. Sender deg tonnevis med energi og gode tanker <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tuuuusen takk! ♥♥♥

      Ååå null løping på 12 mnd høyrest forferdeleg ut!
      Men klart, om ein kan gjera noko anna.
      Eg kjenner eg heilt innestengt, for med all snøen gjeng det jo ikkje an å sykle ute (litt for risikabelt viss eg skulle tryne, og dessutan er det litt for tidleg til det enno).

      Så ja, eg har rulla mi, og så rosa og fin temposykkelen min er, og med god underhaldning i form av film eller video om triatlon eller anna (det slo ikkje heilt an å høyre om spinalnerver under syklinga sist :D) så er det ikkje så ille.
      I'll be back!!! :)

      Slett
  2. Det er bare å fortsett å fokusere fremover og kose deg med det du får til - så blir gleden desto større når du kan trene som normalt igjen!! ;-) Fortsatt god bedring!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja den gleden hugsar eg faktisk frå sist eg hadde ein kneskade: første "løpetur" var følgande: 1km jogging på grus, 1km sykling, gjenta 3x.
      Det var herleg!
      Heldigvis er det fortsatt tidleg i sesongen, eg trøstar meg med det :)

      Slett
  3. Kanskje du kunne prøvd deg på spark? :)
    Eller hva med noe så kjedelig som step (du vett, sånn maskin for både armer og bein)?

    Jeg skjønner godt hvordan du må ha det nå (nesten ihvertfall, siden jeg tross alt ikke har skadet foten sånn som du, bare har vondt i knær og ankler). Men heldigvis så er du jo ikke satt helt ut av spill, selv om du kanskje føler det sånn. Du kan jo fortsatt sykle (men med dét, så mener jeg ikke at det ikke er kjipt å ha skadet foten altså).

    Litt rart syns jeg da, at du faktisk klarer å trene styrke, når du har vindt i kneet. Eller er det alt annet enn bein du tenker når du skriver styrketrening?

    God bedring uansett!! Håper du snart kommer deg ut uten krykker :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Ja spark hadde nesten gått an...!
      Du tenkte på ellipsemaskin?
      Jaaaa den har eg faktisk tenkt på, det burde eigentleg gå, sidan føtane står på same plass, og det skjer ikkje noko sidelengs og ikkje noko støt..
      (veit at dei ser litt kjedelege ut, men det kan hende dei er ikkje så ille?)

      Eg trente berre styrke for overkroppen, eg sat på ein krakk, det gjekk fint.
      Eg kan også, og skal faktisk etterkvart, ta forsiktig og kontrollerte eittbeins-knebøy, for å styrke musklane rundt kneet, og bedre sirkulasjonen i kneet og spesielt kneledded (brusk og leddband har ikkje så supergod blodsirkulasjon, derfor tek slike skader tid, men med styrketrening så får dei bedre blodsirkulasjon).
      Forsiktig tåhev går også an.
      Alt under kontroll, og ingen sidebevegelse i det heile tatt (DA er det vondt).

      Eg kan eigentleg gjera alt som ikkje framprovoserar smerte. Og er kneet i ro, gjer det ikkje vondt.
      Berre om morgonen og når eg har sitte lenge, då har det stivna.
      Så styrketrening går an, så lenge kneet er i ro.
      Må berre få meg til å gjera det da ;)

      Slett
    2. Jahaa, ja jeg burde jo nesten ha skjønt at du er såpass flink at du ikke gjør noe som skader kneet ditt mer ;)
      Det sier seg jo nesten litt selv også, for hvem er vel så dumme at de gjør ting som gjør vondt? :)

      Huff, ellipsemaskin var det jeg mente ja. Den ER kjedelig, ihvertfall etter 10min. Men det er jo klart at det har veldig mye med innstillingen å gjøre, ja den i hodet altså. Har man noe å distrahere seg med (blad, tv e.l.) så går det nok litt lettere. Og så er det jo bedre å trene på ellipsemaskin, enn ikke å få trent i det hele tatt!

      Uansett så er jeg sikker på at du finner på noe alternativt- du er så flink til det du! :)

      Slett
  4. Uff, uff, og uff.
    Jeg skulle lest dette igår før jeg skrev mitt eget syteinnlegg, det er tross alt mye verre med skadet kne enn å være tung, dorsk og umotivert. Løpinga blir straks kjærere med det samme den blir tatt bort fra deg. Tenker meg også det er vanskelig med Lukas med krykkene. Rykk og napp er ille nok på to - friske - bein.
    Synd du ikke bor på disse kanter så skulle jeg meldt meg som hundelufter.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja Lukas er ei utfordring, men nå bruka eg grime på han i går, og då går han nesten pent. Stakkkars :D

      Åååå har du skrive syteinnlegg, då må eg bort og lese med det same, det er liksom litt morsammare og lese syteinnlegg enn innlegg som handlar om endelause løpeturar på lette bein, snøbrettleik og silkeføre :P

      Det kan tenkast at det er like tung å vera umotivert, eg trur nemleg fortsatt at det mentale er vanskelegare å få til enn det fysiske, både når det gjeld trening og skader.

      Ja det hadde vore koseleg med hjelp til hundelufting!
      I går greidde eg faktisk å tusle 45min med Lukas (me kom ikkje så langt da, men han fekk då veeeldig god tid til å snuse sida me gjekk i snegle/krykkefart). Men lenger rekk ikkje tolmodigheten min. Band som viklar seg rundt bein og krykker - huff huff :D

      Ja det er mest morsamt med alt ein ikkje får/kan/eller få lov til ;)

      Slett
    2. Her må jeg også si jeg er litt enig med deg Imke (beklager hvis jeg blader meg inn..), men jeg tror også at det er verre å slite mentalt med treningen, enn med fysiske skader. For da har du liksom ingen "unnskyldning" til hvorfor du ikke klarer å trene. Det har du jo ved de fysiske problemene ;)

      Slett
  5. Anonym2/2/14

    Leit med sånne skader.

    Krykkegåing behøver ikke å være kjedelig. Prøv for eksempel passgang, dvs sving venstrearmen frem samtidig med venstrebeinet - og motsatt. Så kan man gå baklengs, sidelengs og på skrå.

    På Enklereliv.no selges det krykkebånd til å ha rundt skuldrene. Slik kan man ha noe å henge krykkene i når man må bruke hendene.

    Ønsker deg snarlig bedring!

    /Knutø

    SvarSlett
    Svar
    1. Ååå nå ser eg at eg har ikkje svart på kommentaren din, Knut, SORRY!
      Det var jo akkurat den type tips og råd eg trengte på den tida - krykkegåing treng virkeleg ikkje vera kjedeleg, eg er heilt einig, og eg eksperimenterte vel ganske mykje på eige hand.
      Ja slike krykke band skulle eg hatt - for desse krykkene ramla like mykje uansett kor vant eg blei til å bruke dei - men eg fekk nå veldig mykje oppmerksamhet av folk i butikkar og slikt, og sidan eg spøkte det vekk, så vakte det heller "positiv" oppmerksamhet enn medlidenhet, trur eg.

      Du skjønner at eg har eit autofilter aktivert på epostinnboksen min, slik at alle eposter frå Blogger med "anonym" blir aktivert UTAN å koma i innboksen først - pga av den tidlegare stalkaren som brukte anonym som adresse og som eg ikkje orka å sjå kommentarane frå i innboksen min.

      Så beklagar at kommentaren din her har snike seg unna oppmerksamheten min!

      Imke :)

      Slett