Eg hadde vek håpa på at kneet ville bli litt bedre i løpet av helga, men det har det ikkje.
Det eg kjenner mest, er at det er hevelse inni kneet som gjer at det er vanskeleg å bøye kneet, og vondt å gå, spesielt i nedoverbakke (og svingar).
Min favoritt sovestilling for tida :P |
Og det dreier seg da ikkje om "tilbake i idrettsaktivitet", men normal funksjon.
*sukk*
Eg tippar på at snowboard- og skisesongen er over for meg alt før den har begynt i år.
Det er trist.
Eg hadde gleda meg veldig til den.
Hadde håpa på masse deileg snø, og så kom den!
Det blir ikkje slike sprell med det same med kneet mitt. Ikkje sikkert det hadde blitt det MED eit fungerande kne heller altså :D |
Det er berre å akseptere det.
Eg er fortsatt sint og lei meg, men eg kan ikkje dvele så lenge ved det, for kneet blir jo ikkje bedre av det.
Så prøvar eg å fokusere på det eg uansett ville ha gjort (lese fag, og dette treng eg ikkje noko fungerande kne til).
Her kan du lære det meste om det som ligg mellom øyra som består av nerveceller (og hjelpeceller for å vera nøyaktig - forresten også om arterier og vener. Eg stoppar her nå.) |
Det visar seg nemleg at den mentale sida er minst like viktig som den fysiske.
Visualisering (eng. imagery, visualization) er eit stikkord.
Sikkert lurt å ta ordentleg i når ein først skal visualisere eit sunt kne :D :D |
Hardt.
I dag har eg også prøvd å få ein time his fysioterapeuten, men han var dessverre opptatt i to veker framover. Men han anbefalte meg å ta ein legetime og evt fått henvisning til MR,
og heldigvis har fastlegen min tid i morgo, så eg skal bestille time (eg må hugse på å sende SMS til legesenteret i løpet av dagen).
Så har eg tatt fram boka "The Triathlete's Guide to Mental Training" igjen, der er det eit eige kapittel om "Psychology of Injury".
Då er det berre å lese i veg.
Og bli bra.
Æsj da, MAX uflaks liksom!... :(
SvarSlettDu får øve deg på visualisering av trening imens du venter... :)
Håper virkelig at det ordner seg så fort som mulig for deg. Selv om det viktigste jo nå er å skynde seg roolig ;)
Takk for omtanken! (Kan ikkje få nok av den)
SlettJa det ser ut som eg må skynde meg roleg, men så går det også sakte men sikkert riktig retning.
Små skritt i riktig retning ;)
(*sukk*)
Kjipt!! Masse varme tanker fra meg til deg! Dette var uflaks delux altså og slettes ikke noe godt å lese. Hang in there. Prøv å bevare roen (lett å si, vanskeligere å gjøre) og kose deg med andre ting mens du leges!!
SvarSlettTakk for varme tankar! Dei treng eg!
SlettEg har greidd å kome til ro (tillater meg innimellom å bli lei meg, men maks tre minutt liksom ;) ).
Det går riktig retning med kneet, men saaaaaaakte.
God tolmodighetsøvelse, det må eg sei ;)
Neeeii, har du skadet deg?
SvarSlettSånn går det altså når man dropper ut av trimmingsen for ei stund, skrekkelige ting skjer. Også kneet da... Sukk.
Jeg får si som Silje, don't panic, selv om det er umulig.
(Etter noen uker med snø er jeg nå veldig klar for bare veier igjen.)
Huff ja, panikken har lagt seg nokonlunde (den gjekk over etter 4-5dagar, eg trur det var legens trøstande ord som hjelpte, han er så omsorgsfull).
SlettEg sklei på is som hadde gøymt seg under snøen, og ramla FRAMOVER og NEDOVER ein bratt sti i skogen - mens eg løp.
Og kneet blei overstrekt, dvs leddbandet på innsida av kneet.
Ein kjedeleg skade som tek tid.
Men det går bedre,
Ja skrekkkelige ting kan skje :P
Men det gjekk nå bra ganske lenge med mine vanvittige løpeturar med Lukas på blanke isen.
Eg har faktisk droppa også mine ønsker om å stå på snowboard i fluffy snø for denne vinteren, og rettar fokuset framover mot våren og bare vegar.
(Eg treng vel ikkje utbrodere kor vanskeleg det er å gå tur med supersterke Lukas OG på krykker?? Men eg har funne ut at han ikkje bryr seg om turen er berre 2km i staden for 4km. Berre turen varar like lenge, så er det greitt :D )