Ettersom det ikkje berre er snø som dalar ned frå himmelen for tida, men jaggu meg også regn og sludd (om enn lite) så merkar eg at ikkje lenger vil gå ut utan broddar. Med bratte 100m høgdeforskjell ned til sentrum, så gidd eg rett og slett ikkje å skli rundt som bambi på isen!
Eg brukar broddar.
Heilt vanlege.
Sånn til ein femtilapp. Dei fungerar veldig bra.
Men på løpetur så treng eg broddar som sit litt bedre på foten, og da har eg altså brukt broddar laga for løping, av Nordic Grip.
Dei har eg blogga om før
her, i gamle bloggen min.
Eg er fortsatt fornøydd med dei.
Men at dei gjekk i stykke då eg skulle stramme dei på siste løpetur, er eg ikkje fornøydd med.
Korleis skal eg fikse dei, tru?
Heldigvis har eg fortsatt mine "gå"broddar.
Dei er av typen 50kr på Rema og fungerar glimrande.
Så dei anbefalar eg på det sterkaste.
I praksisk er det ikkje stor forskjell mellom billige broddar og den dyre typen, trur eg.
Piggane er ganske like.
Dei stikk meir ut av gummien, så dei løsnar nok fortare enn på NordicGrip sine.
Gåbroddar av den typen har fire piggar framme og fire piggar bak, mens løpebroddane frå NORDIC GRIP har fem piggar framme og to piggar bak.
Bak på hælen hadde eg gjerne hatt fleire.
(Det går an å få tak i reservepiggar av akkurat denne typen - kanskje dét er ein mulighet?)
|
"WinterWise ® replacement studs" |
Forskjellen mellom gå-og løpebroddar er bl.a. korleis dei blir festa på skoene.
Løpebroddar har gjerne reimer, og dei er heilt nødvendige for at broddane ikkje skal skli av under bruk.
|
Løpebroddar frå NORDIC Grip til venstre, vanlege gåbroddar til høgre.
Som ekte selfmadewoman skal eg nok få lage reimer til gåbroddane også.
Berre gje meg litt tid ;) |
Sjølv om gåbroddane er enkle og solide, så gjekk også desse i stykke sist vinter.
Men det viste seg at det berre tok fem minutter å fikse dei:
Eg laga tre par hol med hulltang og trædde igjennom rundstrikk. Trur nok det er lurt med strikk, ellers ryk vel gummien igjen ganske fort viss ein brukar noko som ikkje elastisk.
På løping er det jo mange som brukar piggsko.
Det har eg ikkje prøvd, og grunnen til dette er at eg ikkje har funne piggsko som eg likar til ein god pris, og dessutan likar eg ikkje tanken på at eg ikkje kan "ta av" piggane når eg kjem på bar asfalt.
Men eg må innrømme at det fristar med sko frå
Icebug, om det så berre er for å ha biller under føtane :D
|
Detail frå Icebug sine Anima2-BUGrip-sko. |
Ein kan også lage seg piggsko sjølv, eller la dei bli pigga, anten av løplabbet, bildekkforhandlarar (har eg hørt) eller andre. Det kunne eg godt tenkt meg også, så eg undersøkte litt.
Det går an å bruke piggar som er laga for å pigge sko, ellers så kan ein også bruke skuer.
Det er visst ein bestemt type skruer som eignar seg best (pga av det kantete skruehode):
Dei har eg ikkje fått tak i hos lokale byggmaker, så det får vente til seinare.
Michelle, som løper i Alaska, bloggar om korleis ein gjer det heile:
På min jakt etter brodder og piggar så snubla eg over forskjellige variantar og versjonar av broddar.
For eksempel desse her, som er tenkt til bruk i terrenget:
|
Broddar frå ICERS. Ein heil såle med gummiknottar med innfelte piggar, og festereimar på oversida.
Eit seriøst kanadisk firma som lagar desse. Dei har set med reservepiggar. |
Så er det ein variant frå den kjente
Yaktrax:
|
Pussig nok, så har desse aldri frista meg så veldig...men dei funkar kanskje? |
Så er det ein morsam hybdrid frå
ArtiMate, den får eit pluss pga fargeutvalget, og har ellers også mange forskjellige typar broddar:
|
Ser ut som broddane kan ramle av når som helst, men fargen er fin,
og ArtiMate tilbyr set med reservepiggar. |
Så finst det entusiastar i Arizona,
Kahtoola, som lagar skikkelege broddar, stegjern og truger:
|
Det er Kahtoola sine "Microspikes"
(korleis ser MAKRO-spikes ut, da, mon tru???).
Dei skulle eg gjerne prøvd ut! |
NordicGrip har faktisk også denne varianten, dei kallar den "Monster Grip":
|
Monster Grip frå NORDICGRIP - ser jo akkurat ut som Kahtoola sine -
kven var først ute, tru? Eller er det akkurat same produkt? |
Då eg først var inne på Nordic Grip sine sider, fann eg også den "norske" varianten av brodde-sålen frå kanadiske ICERs. Kven var eigentleg først ute?
|
Dette er kraftige saker, "Extreme Grip" frå Nordic Grip.
Liknar VELDIG på ICERs sine.
Men får eit pluss pga den fine fargen. |
Det ville vera best om det kom eit godt lag med bra snø, slik at isen blei dekka, og det ikkje var behov for verken piggar eller broddar. Med løpesko som har gode såler, så går det også fint an å løpe på snø utan broddar eller piggar, det har eg gjort gjennom mange vintrar.
|
Lukas har klør som fungerar utmerket som broddar .
Han er heldig! |
Me får håpe på ein fin isfri vinter!
(Og hugs: Det er ingen skam å bruke broddar!)