Ååå men eg er ikkje klar for haust enno!
Dvs at eg ikkje er klar for hausttemperatur.
Eg vil helst fortsatt ha litt sommarvarme!
Men dette kan eg jo gjera svært lite med, anna enn å nyte varmen mens den er her, og håpe på ein fin haust. For sommaren har jo vore heilt strålande, så mykje solskinn og varme trengte eg virkeleg, då synst eg livet blir litt lettare, pulsen går eit par slag ned, roen senkar seg og pusten går djupt.
Sommer sol og bading...eg vil ha meir av dette! |
Lukas er ansvarleg for regelmessige lesepausar og fordeling av pinner på plenen. Han tek jobben sin seriøst. |
Eg trenar det som fallar meg inn.
Samtidig som eg alltid har Trondheim Triatlon i bakhovudet. Den er om knappe tre veker, og eg kan ikkje berre ignore dette. Det er faktisk berre éin gong eg har gjennomført ein olympisk triatlondistanse tidlegare. Og det var tilbake i 2008, på Oslo Triatlon. Det gjekk ganske bra den gongen.
Så eg er veldig spent korleis det vil gå i Trondheim!
Så det som fallar meg inn for tida, er kortare økter, på maks ein time, på løp og sykkel.
Eg elskar å sykle i varmen! |
Ellers så har eg begynt med "fartlek", altså løpeøkter der omgivelsane styrer tempodraga.
I mitt tilfelle er det gjerne Lukas som får styre litt da.
Det blir da gjerne full pinne fram til neste lyktestolpe, og brå stopp, og så full pinne til neste gjerdestolpe osv.
Og så styrer litt roleg tempo innimellom.
Eg trur at "innfallsmetoden" ikkje er så dum i periodar.
For meg så betyr det å finne ut kva eg har lyst til å gjera, og ikkje kva som står på treningsprogrammet. Etter at coachingsavtalen med Dave Scott er avslutta (eg driv alt og skriv ei evaluering av denne, men det tek tid) så har eg jo frie tøyler, og er igjen min eigen coach.
Og som min eigen coach kan eg stoppe når som helst på løpetur og ta bilder! |
Men på mine mørkaste dagar, ja då gir eg F i treningsprogram, for då er jo alt dritt, liksom.
Og då kunne det vera fint å vite kva eg eigentleg likar best å gjera av trening.
Det som eg ikkje hugsar fordi hovudet mitt køddar med meg og får meg til å tru at ingenting nytter og ingenting er bra.
For eg er ikkje tvil at eg blir i betre humør av å trene.
Om det nå er mens eg held på, eller etter gjennomført treningsøkt.
Eg blir i alle fall glad av å svømme! |
Eg treng å få opp pulsen og drive med ein aktivitet som eg er nødd til å fokusere på.
Og det er ikkje alle typar treningsøkter som fungerar like bra.
Så innfallsmetoden brukar eg for å finne ut kva som havnar øverst på lista over lystbetonte økter.
Det var ein bra artikkel i iFOrm ein gong, om dei forskjellige typer trening som passar til forskjellig dagsform. For eksempel, så var det lurt med roleg trening i form av yoga, pilates, roleg svømming eller liknande når ein kjenner seg sliten og helst vil krype i sofaen med ein kopp te, mens ein heller skal drive med høgintenst trening som løpeintervall, intens spinning, Zumba e.l. etter ein dag med hektisk aktivitet og frustrasjonar, for å få ned kroppens spenningsnivå.
Eg hugsar nå ikkje alle detaljane frå artikkelen, men you get it, det er ikkje alle dagar all slags trening passar.
Så innfallsmetoden skal eg bruke ein stund nå.
Samtidig som eg i det store og heile har ein plan med treninga mi framover:
- oppretthalde/forbedre kondis ved hjelp av løpeintervall
- trene/forbedre styrke
- fokusere meir på fart enn uthaldenhet, både på løp og sykling
Det er ingen motsigelse å planlegge trening over eit større tidsrom samtidig som eg plukkar mine treningsøkter etter innfallsmetoden frå dag til dag.
Så me får sjå kor langt eg skal halde på med dette, for kjenner eg meg riktig, så blir eg snart lei av dette og ser meg rundt etter eit fast treningsprogram.
Så me får sjå kor langt eg skal halde på med dette, for kjenner eg meg riktig, så blir eg snart lei av dette og ser meg rundt etter eit fast treningsprogram.
Men den tid den sorg, eg kan jo berre finne på eit treningsprogram den dagen eg treng det.
Kjekt å vera min eigen coach igen, eigentleg...
Så sant så sant, Imke. Det høres ut som at du kanskje er inne i en tid, som du har behov for å trene etter lyst og innfall. Så da er det jo bra at du klarer å gjøre det også, og ikke føler at du "må" trene etter noe fast program :)
SvarSlettJeg trente også litt sånn på ferien. De dagene jeg følte meg litt "nedfor", så valgte jeg heller å være litt ekstra med familien, istedet for å "ta ut på trening" alene :)
Ja det stemmar nok det, for tid så er det herleg å styre treninga heilt sjølv. Ekstra godt etter fire månader fast program.
SvarSlettDet kjennes forfriskande og riktig.
Så skal ev prøve å kombinere sykling og vennebesøk. Har mange nære venner som bur frå 18 - 35km herfra, så det er jo passe distanser.
Me får sjå kor lenge denne perioden varar ;)
Ja, det høres jo helt perfekt ut! :)
Slett