2. august 2013

Dave Scott som coach - eit tilbakeblikk

Nå er snart fire veker sidan IM 70.3 Haugesund, og dermed også fire veker sidan coachingsavtalen med Dave Scott tok slutt.
Dermed er det på tide med eit lite tilbakeblikk.
(Lite, hahaha, berre les vidare, det er ikkje lite, dette!).

For det første: eg har ikkje betalt éi krone for denne coachingsavtalen, sidan eg vann denne i samband med julekalenderen til Ironman Haugesund på Facebook i desember 2012 (på sjølve joleftan, faktisk, det var herleg å få tjuvstarta med ei så flott gave så tidleg den dagen).

Dermed var eg ganske open mot kva eg kunne vente meg.
Her kjem først litt oppsummering av opplegget:

Oppsummering av coachingsopplegget
Dette coachingsopplegget var ope til fleire frå Norge.
Så eigentleg var det eit gruppecoachingsopplegg, der ein kunne velge treningsprogram frå tre ulike nivå: nybegynner, vidarekomen og avansert.
Det var også mogleg å skille mellom svømmenivå og sykle/løp-nivå, dvs velge avansert sykling og løp med nybegynnersvømming osv. Det var også enkelte som fekk heilt indiviuelt treningsprogram frå Dave Scott, det gjald dei som var proffe triatlonutøvarar eller som var på proffnivå.
Treningsprogrammet strekte seg over fire månader, frå mars til juli fram til konkurransedagen 7.juli 2013. Som start så blei det arrangert "kick-off" møte, der Dave Scott reiste over til Norge i februar, og møtte deltakaren i Oslo og deretter i Haugesund.
Ifrå mars så blei det arrangert nettmøte ein gong i månaden, der det var anledning til å stille spørsmål direkte til Dave Scott og assistenten hans Dave Glover. Forøvrig var det berre å sende epost med spørsmål om trening og treningsopplegget til Dave og David, så kom det svar anten som epost, eller som fellessvar pr video som alle i gruppa hadde tilgang.
I konkurranseveka var det det opplegg dagleg frå tysdag til fredag, med demonstrasjon av øvelsar, svømming og ulike teknikkar, foredrag med Dave Scott (som var opent for publikum forøvrig) og felles pastaparty med Dave og partneren Christine på fredagskveld.
(Og så kan eg ikkje heilt svare for om det var avslutning eller noko på søndagen, som det kan lesast tilbake her i bloggen min, så var eg ikkje i stand til å delta i konkurranseveke-opplegget meir enn på tysdag og fredag, så her kan det ha skjedd meir enn det eg har fått med meg).

Mi oppleving av opplegget:

For det første, så hadde dette opplegget ein umiddelbar STOR effekt på motivasjonen min: eg hadde mest lyst til å droppe heile jolefeiringa frå det minuttet eg fekk telefonen av Ivar Jakobsen om at eg hadde vunne coaching med Dave Scott. Eg hadde mest lyst til å koma i gang med trening så fort som mogleg!!

Kick-off
Kick-off'en i Oslo var veldig artig, og inspirerande, og lærerikt for meg. Utan denne hadde eg nok ikkje vore så engasjert i å følge treningsprogrammet. For meg er det nok viktig å bli kjent med den personen som skal organisere treninga mi. Det handlar om å ha tillit til at opplegget er bra.
Eg likar jo best å vera min eigen coach, så det var gull verdt å kunne bli personleg kjent med Dave Scott, slik at eg i fire månader kunne la han styre treninga mi.
Eg må sei at det beste med kick-off'en var kanskje den middagen med Dave, Ivar og Alan, der praten gjekk meir uformelt og med kosa oss med vin og italiensk mat og prata om laust og fast.
Som sagt, for meg handlar det å overlate treninga mi til ein annan om tillit. Og den datt fort på plass i møte med Dave Scott i meir uformelle omstendighetar som denne middagen og frukosten på hotellet dagen etterpå.
Det var forresten ganske kult å ete frukost med ein 6xIronman World Champion! Han er virkeleg faktisk eit menneske av kjøtt og blod liksom, som treng kaffen sin om morgonen han også, herleg! Dave Scott er også lett å prate med, jordnær og morsam, han tek seg tid til kvar enkelt og er rett og slett ein hyggeleg fyr.

Treningsprogrammet
Eg valgte meg ut "vidarekomen"/intermediate nivå for både svømming og sykling/løp. Kva som er forskjellen mellom dei tre nivåene kan eg ikkje uttale meg om. Programmet til Dave Scott var ganske omfattande, både med tanke på volum og intensitet. Det bygde på at aerobt treningsgrunnlag alt var lagt gjennom vinter, og inneheldt derfor lite roleg trening, men mest økter med mykje høg intensitet. Planlagt var tre økter av både svømming, sykling og løp, og i tillegg så fekk me styrketrenings/skadeforebyggande styrkeøvingar som helst skulle gjennomførast to gonger i veka. Som ein regel, så blei det sagt at med gjennomførte 75% av programmet så var det godt nok.
Det blei altså ikkje forventa at programmet skulle gjennmførast 100% til punkt og prikke, og det var jammen godt å vite!!
For meg så var nok programmet altfor mykje, både i antall treningsøkter og treningsvolum.
Nå skal dei seiast at eg ikkje er 100% frisk, og er i ein fase der eg etter mange år med nedsatt funksjonsevne (mindre enn 50%) er i gang med å koma meg til hektene igjen, så eg trur at eg for 10år sida godt kunne ha følgt programmet, men med mine forutsetningar nå, så blei det for mykje.
Det blei faktisk vanskeleg å takle for meg, at til og med 75% av programmet var vanskeleg å følge, men heldigvis fann eg ut at kvaliteten på treningsøktene var såpass gode at treningseffekten var stor nok til å gje forbedringar i kondis og fart på løpinga.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar