28. september 2012

Chicqilo'n har kome heim att! Hurra!

Endeleg så har eg fått henta temposykkelen min heim att.
Chicqiloen min.
Den har eg savna leeeeenge!

Gjennom flyttinga har den stått i kjellaren hos ei venninne av meg, saman med racer'n, to snobrett, to sykkelrullar og seks par ski.
Men nå skulle den koma heim att.
Litt av eit flyttelass. Stakkars Chicqiloen.
I går blei kjellarstøvet vaska av, Chicqiloen blei pussa, tørka og smørt med nyinnkjøpt sykkelolje, og så polert til den skinte.







Med det flotte haustvêret frista det faktisk med ein liten sykkeltur ute, men den turen skal eg heller ta med terrengsykkelen.
Det er slik Chicqiloen helst vil ha det.
Chicqiloen har alltid vore, og vil vel alltid bli ein importert, bortskjemt og kresen temposykkel, som set mest pris på grusfrie tørre vegar i solskinn eller koselege inneøkter foran TV'en.

Det ser eg fram til altså
Velkomen heim, Chicqilo'n!
Til og med Budda smilar i stoga!

27. september 2012

Spørsmål? Kommentarar?

Er det meir spørsmål og kommentarar enn det som er plass til i kommentatorfeltet under kvart innlegg i bloggen min, kontakt meg gjerne via e-post.
E-postadressa finn du under fanen "kontakt":



Som ein ser på bildet, så skyr eg ikkje store høgder for å sjekke mailen min :D

26. september 2012

Motbakke er berre moro når det er for moro skyld

Sidan eg først var så godt i gang med å gå opp bratte fjell tenkte eg meg at eg skulle hive meg med på det siste løpet i Vest-Telemark Karusell, som består av motbakkeløpet Tveitgrendtunet opp.
Det er eit løp på 5km og 350 høgdemeter.

Eg har vore med på det for to år sida og hugsa at det var forferdeleg tungt.
Det er liksom ikkje så veldig bratt, men det er stigning heile vegen.
Eg trudde vel at det å bli med på eit lite løp ville gje meg eit lite avbrekk frå alle desse NAV-greiene, men der tok eg feil.
For det første, så trudde eg at løpet ikkje var før helga etterpå.
Så løpsdagen kom brått på meg og eg hadde heller ikkje løpt på over ei veke.
For det andre: eg var eigentleg sliten frå før, kvalm på føremiddagen og heile kroppen slapp og kraftlaus.
Men men, av og til så er det heile "berre mellom øyra" og då hjelper det med distraksjon.

Det gjekk framleis bra mens eg meldte meg på og henta startnummeret.
Det var heller ikkje så ille mens eg jogga bort til startstreken.
Men etterkvart som alle desse glade, spreke, gjennomtrente folka varma opp, og nokon kjendte møtte opp som eg helst ikkje hadde lyst til å møte, så var eg på nippet til å DNS.
Få deltakarar, men superspreke dei fleste.
Men men. Eg ville ikkje framstå som feig.
Hadde ikkje lyst til å innrømme at eg hadde tatt feil.
At eg berre ville heim.
På eit stort løp med fleire hundre deltakarar hadde eg kunne snike meg unna, men med knapt 15 til start?

Huff.
Eg tok med meg ei lita drikkeflaske og mobiltelefon, eg tenkte at eg kanskje kunne ta bilder undervegs, mens eg måtte ta gaupausar, for det er jo fint landskap der borte.
Men men.
Dei første 500m var nesten flate, og då var det fint.
Så kom stigningen, og pulsen steig oppi halsen og kom nesten ut att gjennom øyro mine.
Halsen min kjendest så trang som eit sugerør.
At tårene kom, hjelpte ikkje noko særleg, for med pulsen kom også alle bekymringane og vanskane eg hadde hatt denne veka. Og då toppa det seg.

Og det gjekk ikkje lenger an å løpe - ikkje ein gong i eit halvt minutt.
Så eg sat meg ned og lurte - og gjekk litt - tusla litt - sat litt - gjekk litt - og ønska meg berre vekk.
Eg ville berre heim og legge meg - bli borte.
Orka ikkje.
Eg fekk haik med ein bil opp, det var jo til målområdet på toppen sekken min blei frakta til, så eg kom meg  ikkje usett avgarde.

Men der oppe var det trøst og gode ord å få.
Sjølv om eg var skuffa over meg sjølv.
Eg var sikker at om det hadde dreidd seg om ein halvmaraton, hadde eg fortsatt.
Men denne motbakken blei for mykje for meg.

Så det var det, DNF, det er faktisk første gong det har skjedd meg, men så måtte det vel skje ein gong.
Men så snart eg hadde kome meg heim, kjendest det godt likevel.
Eg var utruleg sliten, og hadde behov for mat og kvile og ro og fred, og det fekk eg, både laurdagen og søndagen.
Det er slikt eg treng. Ro og fred. Dette er ved Seljordsvatnet.
Og søndagskveld hadde eg faktisk lyst på motbakke igjen.
Denne gangen var det Hattefjell, som er ein fin liten topp å klive opp på ein sundagsvkeld (og der vegen er "så bratt at ein lett får skrubbsår på nesa" som nokon kommenterte).
Det var fint.
Fint å vera på Hattefjell.
Og go'gutten min Lukas storkosa seg om alltid på tur! :)

Eg fekk ro på toppen.
Det er moro med motbakke, men berre når det er for moro skyld...

21. september 2012

(t)oppturar og nedturar

På onsdagen hadde eg ein god dag!
Langsamt så begynner ting å dette på plass i hovudet mitt igjen.
Men nervene er fortsatt veldig tynnslitne, og det skal lite til for at eg knekker saman.
Dei negative tankane ligg fortsatt på lur, men eg observerar dei, og prøvar å ikkje la meg "fange" av dei.
Når ting går i vranglås for mykje, ring eg etter hjelp.
Det kan vera fastlege, terapeuten min, tilsatte ved dagsenteret for psykisk helse i kommunen, til og med psykiateren ved DPS i Seljord har eg kontakta.
Og snakkar med venner. Dei som toler det.

Men, tilbake til onsdagen, og den gode dagen!!
Onsdagsføremiddag vakna eg opplagt etter å ha sove i heile 12 timar.
Og etter frukosten var eg enda bedre opplagt slik at eg tenkte at det hadde vore fint med ein fjelltur opp mot Skorve. Lukas var heilt einig og logra veldig då eg nevnde ordet "tur".

Eg pakka ein liten sekk med vindbukse og -jakka., varm lue, niste og drikke, skifta til treningstøy, tok med Lukas og la på veg.
Tenkte at eg like godt kunne gå heimanfrå.
Det blir 45min ekstra gjennom skogen, men det er så deileg å sleppe å bruke bilen!

Det er jo bra med stigning oppover mot Skorve, men ein får belønning med nydeleg utsikt for kvar høgdemeter ein legg bak seg.
Eg kjendte at kondisen hadde blitt ein god del dårlegare etter over ei veke utan trening, men det gjorde ingenting. Vêret var fint, Lukas kunne springe fritt, det var sol og skyer og utsikt, og det gjorde godt å bruke kroppen.
Dette er ikkje halvvegs eingong. Nydeleg!
Akkurat for eit år sida hadde eg tatt eit forsøk på denne toppturen, men blei faktisk overraska av ei snøbyge halvvegs. Det var 22.september 2011.
Onsdagen såg det meir lovande ut.

Hit og litt til kom eg i fjor, og måtte snu.
Men i år kom eg meg heilt til toppen av Skorve, Gøysen!
Det er slik at eg når eg er sliten og "utanfor" eller "ikkje i slag" eller "dårleg" eller kva eg nå skal kalle det, at konsentrasjonsevnen min blir ganske dårleg, saman med hukommelsen. Derfor var det viktig at stien oppover var godt merka, og det var han. Lukas er også god som stifinnar, men han kan plutseleg få rare påfunn, så eg stolar nok heller på dei raude merka!
Lukas likte seg godt som stifinnar!
Med ein gong eg mistar ein sti eg går på eller kjem ein plass som ser "merkeleg" ut kan eg plutseleg få panikk, og då mistar eg evnen til å tenke klart og logisk. Eg blir berre livredd, og må ta meg saman for ikkje å løpe vekk i full fart på leit etter stien eller ein plass som er kjent.
Dette er ganske merkeleg, og det har eg nok ikkje hatt heile mitt liv heller, tidlegare kunne eg fint gå i timesvis aleine i ukjendt terreng, med berre kart og ein termos og litt niste i sekken.

Eg skulle eigentleg berre gå i to timar, men kjendte at det var så lett då eg først hadde kome på snaufjellet, at eg ville gå litt til. Då klokka nærma seg halv tre, tenkte eg "berre opp til denne steinen ved kanten, så ser eg kva som er bak og snur eventuelt kl.15".
Så eg kleiv mot denne steinen, og då eg kom meg opp på kanten, og runda ein stor stein, så var varden der!!!
Hurra!!
Det ser jo berre ut som ein steinhaug!?!
Men det er varden på toppen av Skorve, 169 m.o.h.!
Hurra!
Det blåste ganske friskt på sjølve toppen, og eg var glad for å ha med meg ekstra tøy i sekken, sjølv om eg faktisk ikkje tok dei på meg. Eg skulle ikkje bli lenge uansett. Men nokre bilder på toppen måtte det jo bli.
Lukas blei kjempeglad over at eg blei så glad.
Eg hadde jo tenkt meg opp til Skorve sidan eg flytta til Seljord, men sidan den gongen så har eg vore i såpass dårleg form at det virka uoppnåeleg.
Og då eg hadde gjort meg ferdig med fotograferinga på toppen, og skulle ned att, så var plutseleg "stien ned att borte".
Her kan ein sjå laaaangt frå toppen av Skorve.
Her lengst unna i midten av bildet ser me Gaustatoppen!!
Ja da, Skorve er eit høgt og oversiktleg fjell og utsikten er god mot alle kanter, og det fortsatt tidleg på dagen, men eg fekk rett og slett litt panikk då eg ikkje fekk auge på neste stimerke.
Pulsen begynte å rase, det blei vanskeleg å svelge, og eg fekk ein merkeleg stivhet i kroppen og nakken, og det er som om eg får tunnelsyn.
Kor er neste merket hen???
Lukas fann fort ein sti, men då eg følgte denne, viste det seg det at det var stien mot baksida av Skorve. Det skjønte eg heldigvis fort.
Eg stoppa opp og måtte virkeleg ta meg saman for ikkje begynne å løpe i retning kanten. Det var det første som falt meg inn: Springe i rak retning Seljordsvatn, mot kanten og så ned heile vegen.
Til og med sola gøymde seg bak skyene, og eg såg alt mørkt...
Galskap? Er det nokon som tenker det?

Ja, det er jo eit snev av det, i alle fall ein overreaksjon. Angst. For det var ikkje spesielt sannsynleg at eg var i reell livsfare. Men det kjendest slik.
Eg stoppa opp. Pusta. Prata med Lukas. Prøvde å få tak i den logiske delen av meg. Koble inn fornuften. Tenke med hjernen, og ikkje med kroppen, som lurar meg!
Og så blei himmelen lysare igjen,
Seljordsvatnet låg trygt der nede, og eg hadde funne att stien nedover
Det tok ikkje lange beite trur eg, og eg fann det første merket til riktig sti ned att. Og etter dette så gjekk det så lett så lett at eg begynte å småspringe på stien ned att. Stoppa opp, tok bilder. Nøt utsikten, fjellet, dei vakre fargane, skyene, lukten av fjell, lyden av vind og skoene mine mot stein og grus, sildrande fjellbekkar, fuglar,...
Ja dette er stien sin, det!
Trengst ikkje mykje merking her, nei!
Det blei ein kjempefin tur.
Lukas var kjempesliten då me kom heim, og sovna umiddelbart. Eg var ikkje så trøtt eigentleg, men ganske sliten i beina etter så mange høgdemeter opp og ned.
Og kjempefornøydd!!
Denne turen må eg prøve å hugse lenge!
Kvardagen min med NAV har nemleg alt henta meg inn igjen sidan onsdagen, og det tærer på kreftene å bli utsett for så mykje uforutsigbarhet og vilkårlighet, samt å ikkje bli lytta til eller forstått.

Så eg treng all styrke som fjellet kan gje meg.
Kanskje er det noko mantra her eg kan tenke på neste gong eg er i ferd med å knekke saman i møtet med ein uforståaande NAV-saksbehandlar?

Vêr så sterk som eit fjell.
Gjerne som Skorve.
Hm.
Dette skal eg minnast.
Skal hugse den gode dagen, og den fine turen.


12. september 2012

Eg greier ikkje å akseptere...

Det har vore nokre tunge dagar i det siste, og eg greier ikkje å akseptere dette, og dermed prøver eg HARDT å kjempe imot, men det funkar jo ikkje slik.

Av og til er det å akseptere det første steget til endring/bedring, og når det gjeld depresjon, så trur eg absolutt på dette.
For meg så er det slik at negative tankar er der nesten heile tida, men eg jobbar med å ikkje la dei dominere. Eg tenkar mange positive tankar også, og prøver å minne meg sjølv på det eg har fått gjort, og det eg kan, det eg er, men så er det slik med depresjon at alle desse gode eigenskapane ikkje gjeld.
Funne på "Bjørnar's blogg"
Det nyttar ikkje med maraton og ironman, akkurat nå så er eg så sliten og er følelesmessig så avstumpa at eg ikkje greier å føle den gleda som ein gjennomført maraton eller ironman eller for den saks skyld eit 10km-løp kan gje.
Det er trist, og for alle dikkøn der ute som trur at det med depresjon er for folk som har svak vilje eller ikkje greier å ta seg saman eller ikkje har prøvd hardt nok,
slik er det ikkje, eg jobbar hardt mot desse tankane!
Men eg greier ikkje å ha gode tankar for tida uansett kor mykje eg prøvar.
Kjenner ikkje glede.
Eg er avsnørt frå mi eige fortid, frå nuet, og frå framtida.
Den kogitive modellen for depresjon.
Det er grusamt.
Men det går over - det har alltid gjort det.
I går kveld var eg hos legevakta nærmare kl.23 for då blei det til slutt alt for mykje - heile dagen hadde vore blanding av stress og panikk og angst og tårer og slitenhet, bortsett frå eit besøk hos ei venninne, då fekk eg pause frå meg sjølv, men det blei desto verre etterpå. Og sidan det var seint, blei det legevakta.
Det gjekk bra, av og til er det bedre med "profesjonell" hjelp, sidan eg da ikkje treng ta omsyn til at venner skal kunne takle det som skjer inni meg.

Nå er det ein ny dag men om eg enn prøver så greier eg ikkje å dra meg ut av denne psykogjørma.
Eg sit fast der.
Huff huff og eg har hatt så mykje magesmertar at det ikkje frista å trene.

Men det kjem bedre dagar.
Eg må berre få tida til å gå.
Tenke gode tankar og håpe at hjernen min etterkvart begynner å tru på dei.

Geiterams ved Vågslivatnet, dag 2 på pilgrimsturen 2012.

8. september 2012

Trail Challenge - halvvegs! Litt oppsummering.

I dag er det laurdag og det er dag åtte på Trail Runner 100 Mile Challenge.
På tide å ta ei lita oppsummering og evaluering!

Først, kort om dag 4, 5, 6, 7 og 8 (uuuups her har eg visst ikkje blogga på nokre dagar nei, kanskje ikkje så rart, det tek på med ein dagleg løpetur...det tek i alle fall tid!).

Dag 4, tysdag: 10,4km - 395m stigning
Eg hadde med løpesekken min, litt drikke og eit par geler i tilfellet (hadde ikkje ete noko særleg den dagen). Været var fint sjølv om eg ikkje rakk sola i Kivledalen. Det går tydelegvis mot hausten, og dagane blir kortare...
Lukas blir tvangsfotografert. 
Dag 5, onsdag: 7,3km og 341m stigning
Denne onsdagen hadde eg eigentleg planar om å springe ein stad i Bø, sidan eg skulle dit uansett pga av legetimen eg hadde på ettermiddagen. Men eg blei så stressa av turen te Bø at eg fort forkasta denne planen. Etter legetimen blei det ein tur på kafé saman med ei venninne eg ikkje hadde sett på lenge, og så køyrde eg heim, og orka eigentleg ingen løpetur.
Men prøve skulle eg, så løpetur blei det, om enn ganske seint.
Utsikt frå Venås utover Seljordsvatnet - ein klassiker på bloggen min!
Dag 6, torsdag: 5,5km og 253m stigning (+ 3,3km og 155m stigning)
Denne dagen måtte eg virkeleg motivere meg til å ta ein løpetur på kvelden. Eg hadde sove dårleg og var så trøtt og søvnig at eg gjespa meg gjennom heile torsdagsturen (som står i parentes ovanfor).
Blomar på tur.
Det blei ein kort rask løpetur også ganske seint på kvelden. Men pussig, då eg først hadde kome meg ut, så var beina i superform!!!
Dette bildet tok eg dagen før,
men det illustrerar godt følelsen av lette bein i skogen!
Dag7, fredag: 3,7km 103 høgdemeter
Fredagen hadde eg også sove dårleg, og var supertrøtt og uopplagt heile dagen.
Eg vasa rundt på byggmakar og heldt på å kjøpe dei raraste tinga fordi "dei hadde så fin grønfarge" eller fordi "dei var morsamme", men kom heldigvis ut av butikken med den eg skulle kjøpe (spesiell lyspære).

På kvelden var motivasjonen for å springe minimal.
Dessutan hadde eg kjøpt meg eit nytt slags brød, med masse frø, som smakte kjempegodt, men som magen min ikkje likte, så då blei det smertestillande og varmeflaske på sofaen eit par timar.
Derfor blei det mest berre ein kort tur, mest i gåtempo og i halvmørkre, for å lufte Lukas.

Det er på tide å ta med hodelykt på tur nå på kvelden!
Dag 8, laurdag:13,2km og 138m stigning)

I dag skulle eg "unne" meg ein lengre løpetur i fint landskap, kjøpte meg bombillet og køyrde opp mot Lifjell/Mæfjell, altså Grunningsdalen, der eg skulle springe.
Eg hadde med sekk denne gongen, og jakke og mat og drikke, og Lukas.
Der i Grunningsdalen hadde eg vore på tur fleire gonger med torsdagsgruppe, og landskapet og utsikten er heilt nydeleg!!
Utsikt mot Mælefjell
Likevel, beina var tunge, men tankane enda tyngre og negative, og verre blei det for kvar kilometer.
Eg hadde også sove dårleg, men lengre (til kl 10, og eg skulle berre hat sove enda lengre, trur eg), og var ikkje i slag.
Det nytta ikkje med fint landskap.
Skåkavatn, dagens vendepunkt for turen.
Eg var gått lei av all den springinga.

Mens eg hadde køyrd opp den lange stigninga til parkeringsplassen med bil, tenkte eg ved meg sjølv, at her er det morsammare å sykle opp!
Det er også morsammare og sykle ned.
Eg har lyst til å sykle.
Nydeleg veg å både springe og sykle eller gå tur på.
Eg kunne heller tenkt meg å gå tur.
Og så vidare.
Etterkvart skjønte eg at turen var lengre enn det eg trudde (trudde det var 4km bortover til vendepunktet, og ikkje over 6,5), og ville berre heim og legge meg...


Snart ved bilen! Takk og pris!
Det hjelpte ikkje på humøret at Lukas etterkvart måtte springe i band på grunn av alle sauene, og turfolka me møtte, og at han begynte å like smaken av sauebæsj. Han bryr seg heller ikkje så mykje om eg kjefter på han, han ser berre rart på meg...
Til og med Lukas ville heim, trur eg.
Han fekk vel nok av det dårlege humøret mitt...

Oppsummering/evaluering så langt:
Inkludert torsdagsturen, men ekskludert den laaaange skogsturen sist søndag så har eg tilbakelagt 75km og klatra 2183 høgdemeter på åtte dagar.
Når det gjeld Trail Challenge, så er eg blant jentene alltid på posisjon 60-70 av ca.337 deltakarar (tilsaman er det over 2000).
Eg ligg altså ganske godt an, formelt sett.

Følgjande erfaringar har eg gjort så lang med fleire dagars terrengløp på rad:

  • det er kjekt med enkelt fokus: eg treng ikkje lura på kva eg skal trene den dagen, det er terrengløp, og helst 10km/dag i snitt - det synst eg var deileg dei først fem dagane 
  • å drive med same treningsform, terrengløping over fleire enn fire-fem dagar på rad, blir kjedeleg!. Eg er nok meir triatlet/multisportatlet enn rein terrengløper/trailrunner, og likar best variert trening/aktivitet
  • beina mine tåler bra belastning med 10km/dag i snitt over ei veke, på slikt variert underlag - dei blei berre sterkare!
  • terrengløping er effektiv kondistrening - det kjennest best i bratte bakkar - dei blir heilt klart lettare - du blir god det du trenar på!
  • det er nydeleg med så mykje fint landskap rundt meg på løpeturane, men eg savnar faktisk å jogge rundt i Seljord - der er det så mykje å kikke på
  • eg likar å jogge med sekk i fjellet - det kjennest trygt å ha med seg ekstra tøy spesielt på løpeturar i fjellet 
  • eg savnar sykling, styrketrening, og svømming, veldig!!!

I morgo skal eg enda ei gong på skogstur med ei venninne og bikkjene, og det er også ein grunn til at eg kanskje ikkje kjem til å gjennomføre heile Challengen: eg har ikkje lyst til å velge bort mitt sosiale liv til fordel for ei mil terrengløp om dagen.
Og formen min er ikkje så god at eg kan drive med all slags ting heile dagen - det er tydeleg at den tøffe våren og sommaren har satt sine spor.

Terrengløping er ein fantastisk form for trening!
Eg skulle ikkje trudd at beina mine ville restituert seg så bra kvar dag, uansett om det er lange joggeturar eller korte raske. Dei tåler nok meir belastning enn det hovudet mitt gjer om dagen, og det er jo kjekt.


3. september 2012

Trail Runner 100 Mile Challenge - dag 3

Dette er dag 3 av 16 på 100 Miles Challengen, og eg er fortsatt i gang, ikkje verst!
Eg må jo berre nyte kvar dag av den, for det er jaggu ikkje sikkert at eg greier å gjennomføre det heile.
Men som sagt, ein dag av gangen, og eg får sjå kor langt eg kjem.

I dag skulle eg altså "jogge" ein tur rundt ei mil.
Turen plotta eg inn på kartet først.
Når beina blir tunge undervegs er det lurt å ha eit konkret mål å springe imot.
Frå Hanakamjuvet og mot Lomma.
I dag gjekk løpeturen gjennom Hanekamjuvet og langs Sundsbarmsvatnet.
Eg starta nede ved Hanakamjuvet.
Der er det litt stigning, og så mykje fint å sjå på at eg tok denne delen i intervall:
eitt minutt jogg, eitt minutt gange.
Det heile i 10min, og så flata det ut, og eg jogga litt lengre, og tok pausar etter form.
Løping i Hanakamjuvet.
Ved bedre lysforhold skal eg ta fleire bilder ein gong.
Hanakamjuvet er vanvittig fint, og eg likar meg veldig godt der.
Men det er bratt på begge sider, så det er best å vera der når det er overskya, ellers kan ein fort få følelsen av å gå i "skyggens dal"...

Vidare frå Hanakamjuvet mot dammen til Sundsbarmsvatnet, og i krysset valgte eg vegen til venstre, mot Lomma. Det er fint og ope landskap, ein del velstelte hytter og jammen møtte eg to ryttarar, ein hund, ein familie på tur, ein liten flokk sauer, ein mopedturist (!) og ein som klipte plenen rundt hytta.
Og alt dette på ein sein måndagsettermiddag!
Sundsbarmvatn.
Langs Sundsbarmsvatnet er det ikkje mykje stigning, og her fekk eg meg snart ein god rytme.
Sekken min var pakka med vindjakke, langerma trøye, lause armer, niste, ein liter vatn, ein halv liter sportsdrikke, ei lite flaske cola,to gel og to mobiltelefonar. Den vog 3,5kg.
I enden av løypa.
Og ein av mange pustepausar.
Det var varmt nok å springe i singlet i starten, men etter vendepunktet blei det litt sur vind, og eg var glad for å ha med sekk, der eg kunne velge mellom lause armar, trøye og vindjakke.
Så får eg satse på at den ekstra vekta av sekken gjer at beina mine blir ekstra sterke etterkvart!
Heilt greitt med sekk.
Lukas var flink i dag også. Han var heilt roleg i møte med hestane, ikkje veldig interessert i sauene heller, men veldig glad over å sjå familien på tur som han helst ville kaste seg over i ekstrem glede.
Hm. Sauer. Ikkje så veldig spennande.
Då me sat oss i bilen sovna Lukas momentant.
Og eg trur eg kjem til å gjera det same når eg legg meg i kveld.
Og bra er det, for det blir nytt møte med terapeuten min i morgo tidleg, ei lita avveksling frå ultra-løper-livet...

Trail Runner 100 Mile Challenge - dag 2

Nå må eg nesten halde bloggen litt ajour viss eg virkeleg skal drive med denne challenge'n.
It's ultra time. Run 100 miles in 16 days. 
I går, på dag to, blei det først ein laaang skogstur med gode venner.
Tre jenter og hundar.
Det tok oss lang tid før me hadde gått opp heile den bakken til der me skulle vera.
Og mens eg kleiv opp der tenkte eg: "Kanskje dette kvalifiserar som trail running? Eg har tross alt terrengløpesko på meg, og singlet, me er på ein sti i skogen, hallo? Hadde eg prøva å springe opp her, så hadde eg jo måtte gå uansett!?!".
Hm.
Eg får sjå kva eg gjer, det går alltids an å finne turen på kartet og registrere det i etterkant.
På blåbærtur i nydeleg skog.
Uansett, eg kom meg heim rundt kl.19, Lukas var heldigvis heilt utslitt etter å ha herja i timesvis med dei to kompisane sine, og fekk vera heime.
Eg var så sulten då eg kom heim at eg først skulle ete litt pasta og så springe etterpå, magen var berre full av blåbær, så det var ikkje særleg å springe på.
Lukas og kompisar.
Men eg kjendte også eit snev av at mensen begynte å sette inn (ja da gutta der ute, sånn er det å vera kvinne, eg skal ikkje legge skjul på dette, det er nemleg slik at me som kvinner må leve og trene med dette, og det er til tider såpass upraktisk og eg får faktisk ganske store smertar av dette og eg blir lei av å ikkje snakke om dette),
så eg ombestemte meg og drog ut på løpetur med det same.
Denne stien har eg sprunge på mange gonger. 
Eg skulle berre på ein liten 5km. Valgte meg ein variant av mine godt kjendte skogsstiar.
Etter 25min der eg skulle ta av vidare på ein sti lenger opp, ante det meg at eg kanskje hadde gløymt å slå av komfyren.
Nei!!??!!
Eg tok ein sti som førte meg heller i retning heim og vurderte i eit par minutter kva eg skulle gjera.
Hadde eg slått av plata??
Eller berre tenkt at eg skulle gjera det???
Kor lang tid ville det ta for at vatnet er koka bort?

Sjølvsagt var det ingen sjansar å ta her, og eg satte inn spurten heimover.
Ein bratt sti ned, over ei bru, med raske steg og i makspuls den bratte skogsvegen opp att, og så den siste kilometeren i full sprang ned mot heimen.

Nå skulle eg gjerne hatt fartsmålar og visst farten min!

Fem minutter seinare kom eg andpusten og med ein ansiktsfarge som låg mellom solmoden tomat og nedfallsfrukt-plomme fram til leilegheiten min og kikka gjennom kjøkkenvinduet:
Ja da, komfyren var slått av og alt var stille og roleg.
Heldigvis.

Det er moro å løpe i terrenget.
For å jogga ned tok eg ein liten tur opp Bringsåsnuten, tok meg ein pustepause og nokre bilder av utsikten og jogga heim att.
Registrerte så turen, som låg litt over 5km og 200m stigning.

Alt gjekk jo bra.
Det blir spennande kva eg skal finne på i dag.
Eg hadde tenkt meg ein roleg joggetur, sånn på rundt ei mil. Helst utan nevneverdig stigning.
Men finst dette her?
Spennande...
Kor skal neste løpetur neste dag gå hen, tru?