Rart eigentleg, fordi sjølv om eg ikkje har drive med "tradisjonell" triatlontrening, så har eg da lea meg sånn nesten dagleg, og drive med ein eller annan form for målretta fysisk aktivitet som er verdt å blogge om?
Men dagane går fort for tida, og eg kjenner at eg blir meir sliten enn vanleg av å passe på dette skada kneet mitt. I og med at det i starten ikkje var mogleg for meg å køyre bil (vanskeleg å sleppe clutchen med kneet nemleg), så bruka eg masse tid og energi kvar dag på å organisere meg skyss opp og ned og att og fram...
Ganske slitsamt.
Men sidan sist onsdag så er heldigvis gamle Skoda'n min på vegen igjen, bremsane er fiksa og kneet mitt har fått så stor bevegeliget at det går fint å kløtsje også, og såååå deileg å ha bilen og friheten min tilbake!!!
Sist onsdag hadde eg da også legetime.
Legen min undersøkte kneet og kunne fastslå at det meste var på plass, og at det såg bra ut, men me blei einige om at me skulle ta bildet (MR) av kneet for sikkerhets skyld.
Så nå ventar eg på beskjed frå Porsgrunn og MR-time.
Det nyttar ikkje å sitte inne og vente på time i Porsgrunn. Då går eg heller ut og luftar meg og den ny-hekla lua mi ;) |
Eg har visstnok blitt aldeles flink til å balansere rundt på desse krykkene slik at det blir riktig.
Eg har også fått trent litt styrke. Ikkje det vanlege programmet, men eg fekk trent mesteparten av musklane utan å bruke/feilbelaste det venstre kneet mitt. Til og med pushups har det blitt litt fleire av!
På laurdagen så var det ein fantastisk vårdag og eg savna både Binna og løpinga noko grusamt.
Men så innser eg at det ikkje nytter å sitte inne og grine av den grunn, eg får verken Binna tilbake eller spontanhelbredelse på kneet mitt på den måten.
Så då tek eg heller og pakkar MP3-spelar, tek på joggesko og sykkelhanskar (gull verdt når ein brukar krykker må vite), sleper med meg krykkene og tek fatt på nærmaste motbakke.
Sykkelhansker for krykkebruk...og ikkje minst: NY KLOKKE!! Ordentleg TIMEX-triathlonklokke for jernkvinner. Med mange M-dot'er på. Kjekt med bursdag! |
Det er mange M-Dot's overalt på denne klokka. Herleg :) |
Ikkje langt frå huset mitt er det ein fin bakke som det tek 9min og gå opp (og 10min å gå på eit småskada kne og krykker, altså ikkje spesielt fort).
Første gong tok eg denne økta to gonger, og andre gongen tre gonger.
Det kjendest nesten som intervalltrening!
Dette var frå andre økta. Med både sol og regn i lufta fekk blei det ein fin regnboge :) |
Berre Binna mangla, eigentleg.
Binna vår 2011, nyter vårsola. Djupt savna... |
Her også, ein liten bakke opp (som tek 3 minutter å sykle opp) og ned att, fire gonger totalt.
Belastninga på kneet var ikkje så stor til tross for motbakken, og eg droppa sykkelskoene for ikkje å belaste hamstringsmuskulaturen for mykje.
Og deileg var det!
Herleg med ettermiddagssolskinn og vår i lufta, og blaut grusveg under grove terrengsykkeldekk, og litt sprut frå søyleputtar!
Men eg kjenner jo at sjølv med forholdsvis lite aktivitet så er belastning for kneet mitt ganske stort nå. Eg er ganske mykje stiv og støl, og spesielt hamstringen min blir fort kjempesliten.
Om dette er lurt, skal eg drøfte med fysio'n på onsdag.
Ein annan type tidsfordriv som er bra for kneet mitt er grilling. Me opna årets grillsesong på sundag. Litt trekk frå Seljordsvatnet fekk me tole. |
Men eg skal fortsatt skynde meg langsamt.
Eg må jo tenke på IM 70.3 Haugesund 8.juli, og at eg treng å kunne løpe i alle fall eit par måner før konkurransen. Så eg skal ikkje begynne for tidleg.
Snart skal eg legge krykkene ifrå meg for denna gongen. |
Også om det var på krykker.
Men dei blir forhåpentlegvis snart historie...
Gratulerer med dagen og gratulerer med fremdriften i treninga. Kneee blir bare bedre og bedre ! Så oppfinsomt du er med trening med skade!
SvarSlettTusen takk Ania!
SlettGodt å høyre, eg var redd for at eg etterkvart vil kjede vettet av lesarane mine ;)
Men det er vel nyttig å høyre om trening med/etter skade?
Håpar i alle fall at det er nyttig :)