Hurra!
I alle fall viss det var retrettmulighet, i tilfellet turen blei for lang.
Men eg måtte vera klar over at det var ingen vits å gå tur viss eg halta slik som sist (så herma han etter meg med strakt bein slepande etter seg - ja ja, med meg går det jo an å spøke - eg spring tross alt lengre enn han - sånn ellers - sjølv om han er grusamt sprek han også - men likevel - eg held ut lengre - ha!)
Også krykker kan gje mulighetar. Her er det krykkebroddarbrukskunst i snøen: eg vil på tur! |
Men så kom jo all snøen da i løpet av onsdagen...
Med stigande grad av bekymring satt eg inne og kikka ut av vinduet over landskapet som meir og meir likna tjukkaste vinter.
Hm... korleis skal dette gå, tru?
Men til slutt blei alle bekymringar feidd bort, fekta vekk med krykkene og endeleg begravd under snøen.
Eg kunne jo i alle fall prøve?
Klar for krykketur. |
Og for ein nydeleg dag det blei!
Seljord og Skorve i det fjerne - med nysnø. Nydeleg! |
For min skyld blei turdistansen i går tilpassa yteevnen min, og spøkefult kalla for "handycaptur".
Greitt for meg.
På torsdagsturane er det plass til varierande dagsform og yteevne, og dette gjeld både psykisk og fysisk form.
Og dette er bra. Slik er det rom for alle.
Me gjekk opp mot det eine av mange "kikkeskåp" som blei sett opp i Seljord i fjor.
Dette skåpet peika bort mot plassen der soga om Gonil Dale (ja stakkars, det var det ho heitte) tok stad.
Gonil Dale plassert i kikkeskåp. I bakgrunnen: Seljordsheii. |
Nydeleg utsikt over Seljordsvatn i går. |
Etter pausen tusla me eit stykke vidare oppover, men her merka eg fort kor sliten eg hadde blitt i lårmuskulaturen, spesielt i dei mediale hamstringmusklane og og muskelfestene rundt kneet.
Mange turmål. Dei får me ta ein annan gong... |
Ingen aking meir på meg denne vinteren. Men tur blei det, og det var eg glad for! |
Og eg er så glad at eg prøva meg på tur!
Men utan krykker og turfølgje hadde eg vel neppe tatt sjansen.
Dessutan er det hyggeleg å gå tur i godt selskap, og spesielt når gjennomføring turen er såpass fleksibel at også handycappa triatletar har ein sjans å vera med.
Med slikt vêr blir det vanskeleg å halde seg inne, synst eg. Godt eg kom meg på tur! Bildet er tatt på gardsvegen heime like før turen. |
Heilt greitt. Var nok litt sliten i beina, men ikkje verre enn etter fysio-treninga på onsdag.
Trur nok at den fine utsikten og det behagelege tempoet, dei gode krykkene og det hyggelege selskapet gjorde susen på turen.
Altså, enda ein gong: Hurra for krykketurar!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar