Nei forresten så var det ein ganske kjekk radiograf ved Curato i Porsgrunn som hadde æra til å ta bildet.
Curato i Porsgrunn tilbyr MR og røntgen mellom anna. |
Med hørselvern på, teppe og liten dingsbums å trykke på viss det var noko under bildetakinga følte eg meg ganske trygg og avslappa. Dessutan bråka den MR-maskina ikkje så mykje som mange påstår, tvert imot var det noko rytmisk banking av og til som gjorde at eg nesten sovna...
Slik ser det ut like før ein køyrer inn i MR-maskinea for å ta MR-bildet av kneet. Ein slepp heldigvis å ligge heilt inni MR-maskina. (bildet fann eg her). |
Og eg som er sååå spent!!
Den siste veka har det fortsatt blitt bedre med kneet mitt for kvar dag.
Akkurat som før: større bevegelighet, bedre stabilitet og nesten ikkje vondt.
Bortsett frå om natta/morgonen, og når beinet er heilt strekt, noko som fortsatt ikkje går an over lengre tid.
Etter to timar på bussen i går på morgonen greidde eg berre så vidt å gå av bussen, så stivt var kneet...
Men eg er fortsatt ved godt mot og går utifrå at MR-bildene visar at alt er som det skal.
Og at ting tek tid med slike skadar er jo kjent.
Eg fann ei bra nettside med gode beskrivingar, tips og råd angåande idrettsskadar.
Den sida finn du her (då kjem du rett inn på sida om strekk i medialt leddband i kneet):
http://www.sportsinjuryclinic.net/sport-injuries/knee-pain/mcl-sprain
Når det gjeld TRENING så var det vel heller snakk om OPPTRENING.
Eg har vore på torsdagstur igjen sist torsdag.
Det blei ein fin tur gjennom skogen langs Seljordsvatnet, og krykkene hadde eg tatt med, men berre hatt bruk for eit par-tre gonger i veldig bratt bakke (spesielt nedoverbakke).
Musklane er riktignok i overkant stiv nokre timar etterpå, men det trur eg er innanfor trygge rammar for kva som er fornuftig.
At eg hadde gjort alt riktig så langt kunne også fysio'n bekrefta.
Og Svein Ivar har eg absolutt tillitt til.
Så eg får heller fortsette med sakte opptrening fram til MR-resultatet har kome.
Det er fortsatt over tre månader til IM 70.3 Haugesund, så eg har god tid.
Og sykling er ein kjempefin måte å vedlikehalde kondisen på utan å ha så altfor stor belastning på knea, og dessutan er det herleg å sykle når det er tilnærma sommartemperaturar ute, alt nå i mars.
Ut på tur i vårleg vêr. Men eigentleg så tok eg dette bildet for å få sett på den nyaste lua mi frå sida ;) |
Det er veldig mykje ein kan gjera også med eit redusert kne, har eg funne ut :)
Nydeleg med blåveis! |
Nyt våren!