Eg har tenkt at eg etterkvart skal legge ut vurderingar av dei energibarane eg har brukt/testa så langt. Eg synst det er spennande å prøve noko nytt. Dessutan er det så mykje å få tak i, at det kan vera vanskeleg å finne ut kva som passar, og då er det kjekt med produkttestar. Etter Ironman i Frankfurt og utallege langturar på sykkel og på beina har eg funne ut at det er også kjekt med variasjon på næringsinntaket undervegs. Det er ikkje uvanleg å gå lei av energibarane etter 6-7timar, og då er det godt å ha noko å velge imellom.
Energibaren eg begynner med her nå, har eg brukt minst av alle, men eg kjem nok til å bruke den meir.
Viss nokon har testa den her, så legg gjerne inn ein kommentar!
Eg set også pris på å få kommentarar på om det er noko av interesse som manglar i denne testen.
Produkttest energibar: MuleBar MegabitesProduktnavn: MuleBar Strudel Megabites Energy Bar
Produsentens nettside:
www.mulebar.comSmaksvariantar: Hunza Nut, Liquorice Allsports, Mango Tango, Strudel, Summer Pudding
Smak testa her: Apple Strudel
Næringsinnhald pr 100g (ifølge produsenten): |
MuleBar har ein kul design. |
- Energi kJ: 1445
- Energi kcal: 345
- Protein 7g
- KH 68g, derav sukker: 50g
- Fett 6g, derav metta: 0,7g
- Fiber 5 Natrium: 0,05g
Ingrediensar ifølge produsenten: Rice Syrup 34%, Oats 12%, Apple 10%, Oatmeal 10%, Whey Protein 7%, Raisins 7%, Apricot Kernels 7%, Apple Juice 6%, Rice Crisps (Rice Flour, Sugar, Malt Extract, Sunflower Oil, Emulsifier: Sunflower Lecithin) 5%, Cranberries 2%, Cinnamon 0.5%, Vegetable Oil.
Allergen information: Contains Nuts, Milk and Gluten. Produced in a facility that handles sesame seeds and soya.
*Due to the natural content of this bar it may contain small pieces of shell.Bruksområdet:Ein energibar 30-60min før trening/konkurranse, og 1-2 barar pr time under trening/konkurranse.
Min omtale av produktet:Emballasje/handterbarheit: MuleBar Megabites er lett å opne. Papiret let seg lett rive opp. Eg har ikkje fått testa dette på sykkelen enda, men tippar på at dette går greitt. Kan vera vanskeleg å handtere/halde fast med éi hand på grunn av den vesle størrelsen.
|
Mulebaren har heile bitar av tørka frukt og korn. Saftig og litt klissete. |
Konsistens:Kornete, samtidig forholdsvis saftig, og litt klissete. Små bitar kan bli hengande fast mellom tennane. Dette kan vera ein fordel når du er ute og slit med motivasjonen, sidan du får andre ting å tenke på enn tunge bein. Men for min smak litt for klebrig. Men lett å ta bitar av, både når det er varmt, og når det er kaldt. Ikkje testa under frysepunktet. Baren er saftig nok slik at den ikkje smuldrar opp. Det er heile bitar av korn og tørka frukt i den.
|
Smaken og lukta er godkjendt av to kvalifiserte labradorar, Binna og Mille. |
Smak:"Apple Strudel" altså inspirert av det klassiske austerriske søte
bakverket ("Apfelstrudel")som er fylt med eple (kjempegod er det, forresten). Produsentens undertittel er "eple, rosiner og kanelbar". Det smakar sterkt av kanel, litt av eple, og av kornblanding og tørka frukt. Smaken minner meg meir om ei slags tørka fruktkake enn den klassiske energibaren. Den har ingen overtrekk av noko slag.
Brukbarhet ved varm/kald temperatur:Baren har blitt testa ved ca 20 gradar og ved ca. 5 gradar. Konsistens var ganske lik, lett å ta bitar av og lett å tygge. Ikkje testa under frysepunktet.
Størrelse på bar:Den vanlege energibaren er på 56g, mens eg testa "megabite" altså ein mindre variant, som var på 30g.
Pris:Utan moms: kr 7,75 per energibar (56g), kr 4,25 (30g) for megabite (
www.probikekit.com)
Tilgjengelegheit:Har ikkje sett denne i norske butikkar enda. Eg har bestilt denne frå England.
|
Lett å opne, kul design, god smak. |
Personleg oppleving/kommentarar:Mitt første inntrykk av denne energibaren var at den var litt for søt. Den smakte sterkt av kanel, og sjølv om eg likar kanel, så minte det meg mest om kake. Eg syntest den var vanskeleg å få ned då eg var ute på løpetur i fjellet. Smaken var derimot god ved andre testturen, då det var blitt haust og eg gjekk med tung sekk i kjøleg vêr. Konsistensen var grei, men litt for klissete. Eg ville ikkje bruke denne baren på konkurransar med høg intensitet pga at den inneheld heile bitar av korn og tørka frukt som ein kan risikere å puste inn. Den er lett å opne med ei hand, noko som eg synst er viktig.
Energibaren kjem i to størrelsar, noko som er praktisk når ein treng berre "litt" energi. Den vesle porsjonsstørrelsen er også lett å ha i lomma utan at den brukar for mykje plass, og ein blir også spart for halvspiste energibarar. På lange turar er det på den måten også lettare å variere smaken undervegs, og ein går ikkje så fort lei. Eg har ikkje kjendt noko ubehageleg i forhold til fordøyelighet, men dette er jo veldig avhengig av dagsformen og intensitet. På grunn av fiberinnhaldet og den grove konsistensen med heile bitar av frukt og korn er eg litt usikker på om denne baren hadde eigna seg for lange konkurransar som f.eks Ironman, der magen kan fort reagere på mat som er tungt fordøyeleg, men dette er veldig individuelt.
Positivt:Kjekt med to produktstørrelsar, lett å opne, god smak, god konsistents, tøff og artig design, ny emballasje som er 100% komposterbar, produsenten er medlem i "1% for the planet", ein del av ingrediansar er Fairtrade-sertifisert (ikkje apple strudel smaken).
Negativt:Litt klissete, sterk kryddersmak, ikkje tilgjengeleg i norske butikkar for tida, heile bitar som kan sette seg fast.
Konklusjon:MuleBar er ein energibar som eg skal bruke vidare, spesielt på lengre turar med sekk. Den vesle størrelsen gjer at den er kjekk å ha i lomma som reserve også på kortare turar. Ingen energibar for høgintensitetstrening, men kjekk å ha med.
|
Binna er einig: MuleBar smakar godt. Men ho kunne vel heller tenkt seg ein "SuperSizeMegaBite-variant", slik at det blir meir igjen å dele med henne ;) |