Bloggen min begynner å likne ein nyhetsblogg snart. Men sånn er det når det skjer så mykje artig i den skandinaviske triatlonverda!
Nå har me altså fått den første M-Dot Ironman i Skandinavia: "Ironman Kalmar Sweden":
Nå står denne på lista mi over "Konkurransar eg kunne tenkt meg å vera med på eingong".
Ganske langt oppe på lista faktisk.
Men det blir ikkje 2012.
Eg hadde håpa på at Norge skulle få ein fulldistanse M-Dot-Ironman, men nå når Sverige har fått Kalmar tilknytt WTC så spørst det om det blir det nokon gong her i Norge?
Men uansett, så er det bra at det skjer noko på triatlonfronten.
(Og sjølv om Haugesund "berre" har fått in 70.3-distanse, så er det vel ingen tvil om at logoen for IM 70.3 Haugesund er myyykje kulare enn Kalmar sin. Ikkje sant?)
Jau! Helt enig; logoen er MYE kulere enn svenskenes logo ;-) Silja
SvarSlett