Kva slags konkurransar skal eg vera med på neste år?
Korleis skal eg legge opp treninga?
Eller blir det fortsatt etter infallsmetoden?
Bortsett frå at eg har lyst til å delta i flest mogleg små lokale løp i Telemark så har eg ikkje kome noko vidare med planlegginga enda. Men motivasjonen og inspirasjonen til aktivitetar er stor.
Så stor at eg enda ein gong lot meg lokka ut av det fine været.
Og denne gangen skulle det bli skog- og bakketur.
Eg har nemleg også starta opp att løpetreninga.
Ein kort tur på 40min på laurdag, og ein lengre tur på litt over ein time i dag.
Etter gråvêret på laurdag var det nydeleg å springe i skogen i dag.
Herleg!
Eit tynt lag med ny tørr snø på frosent og tørt, hardt underlag gjorde det lett å sette føtene sine. Og dette i skogen!
For ein deileg følselse det var å vera ute og springe igjen, når pusten er god, og beina er ok, magen er avslappa og tankane flyr avgarde...
Til og med Binna virka å vera i godt humør undervegs.
Slike løpetur er nesten ikkje som "trening" å rekne, det er berre kos, det ;)
Mens det enno går an, skal eg springe så mykje eg kan på sti og grusvegar. |
Heile 3cm med snø på grusveg. Det er godt å springe på. |
Skal ein springe i skogen i Seljord, må ein tole litt bakkar! Dette er løypeprofilen frå turen i dag. |
Gode terrengløpesko, ASICS enduro. Ikkje spesielt dyre, og dei funkar bra! Eg brukar ullsokkar å løpe i om vinteren. |
Binna er såååå flink til å bera denne flaska. Ho var kjempesnill i dag, og supersprek. Kor tek ho det frå??? |
Utsikt frå løpeturen i dag, retning Grimås/Lifjell. |
Dette er ein av mine favorittenergibarar for tida. Den er eg nødd til å skrive ein produkttest om (Powerbar naturals energy). |
Broren min er ein erfaren og aktiv klatrar, og eg kikkar ofte etter fjellveggar som det kanskje går an å klatre opp når han kjem på besøk ein gong. |
Is og sol om einannan. |
Binna likar å ete snø når ho blir tørst. |
Utsikt frå Kivledalen mot vest. Ikkje så lett å ta bilde med mobil og låg vintersol. Men det er jo heilt greitt det, berre det er sol... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar