Det har ikkje ein dag gått sidan eg har tenkt over kva eg skal gjera vidare.
Skal ho bli med på Veterinærhøgskolens forskningsprosjekt?
Det var mange grunnar for og imot.
Etter at eg bestemte meg for å legge til sides dei sentimentale grunnane og la ho delta i prosjektet, så har det dukka opp praktiske forhold som stoppar det heile for tida: bilen har vannlekkasje. Det er mest sannsynlegvis vannpumpa som er gåen. Den må jo fiksast får me legg ut på tur til Oslo.
Så for å "slå i hel" tida, eller betre sagt: avlede meg, så går eg tur, syklar tur, spring rundt i fjellet - det er jo så nydeleg vêr for tida!
I dag blei det torsdagstur igjen. Og det var faktisk godt å måtte koma seg ut av huset litt tidleg, sidan vêret idag var heilt utruleg flott: solskinn og blå himmel heilt frå morgonen av!
Denne torsdagen stod det altså Hanakamjuvet på planen.
Eg kjenner at eg blir ganske lommekjent der snart.
Men det går ikkje an å bli lei av denne turen. Hanakamjuvet er såå fint!
Ulempen akkurat er berre, at med den låge sola nå på denne årstida, så ligg juvet i skyggen også midt på dagen.
Men me gjekk nå igjennom juvet og litt vidare og tok lunsjen i strålande solskinn ved dammen til Sundsbarmvatnet. Med medbrakt suppe, tent bål, pinnebrød og kaffe blei det utruleg deileg å slappe av.
Nokre flotte bergknausar fristar også til litt småklatring og buldring.
Her er det stort potensiale for å rense fjellet litt og lage enkle ruter å klatre i.
Kanskje kan det vera eit prosjekt til neste år viss eg får med meg nokre praktiske menneske?
Alternativ trening til all svømming, sykling og løping er jo alltids kjekt - og sterk i armane blir ein også av å klatre. Og styrke kan ein jo ikkje få nok av eigentleg...
Hanakamjuvet. Litt i skuggen på denne tida av året, men fint likevel. |
Kven skulle trudd at magasinene IKKJE er fulle etter så mykje regn i sommar??? Sundsbarm har fortsatt plass til meir... |
Det var masse rekved nede ved dammen. Det var utruleg fint! |
Vannslipte årringar. Naturskapt kunst? |
Utsikten frå dammen ved Sundsbarm gjennom Kivledalen retning Seljord. |
Ein klatrande miljøarbeidar. |
Det var mange plassar der det gjekk an å buldre. |
Kunne dette bli eit lite klatre/buldreområde, tru? Så fint med utsikten over vatnet også. |
Slik ser det ut når ein strekker seg mot himmelen langs ein fjellvegg. Det kriblar litt i handflatene berre ved synet... |
Eg gjekk nå der og fekk mange gode idear. Ikkje så rart med så hyggeleg selskap, blå himmel og solskinn omgitt av vakre fjell og vatn... |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar