Eg har fortsatt ikkje tenkt å springe maraton på Oslo maraton.
Men eg har fått endra distansen frå heil- til halvmaraton.
Men korleis i all verden kunne dette skje???
For å belyse gangen i saka, skal eg gjengje litt av dagens protokoll:
kl.12:30 Helene ringer frå Oslo og lurar på om eg ikkje likevel skal endre distansen frå heil- til halvmaraton. Sidan ho kunne fikse dette der og då.
kl 12:33 Eg takkar pent nei til det. Eg er ikkje i løpeform. Eg skal ikkje springe. Det er best å stå over og bygge opp formen og motivasjonen min.
kl 12:40 Eg kjenner at eg kunne springe halvmaraton viss det ikkje var for at Oslo er så langt unna og eg ikkje orkar å køyre fordi konsentrasjonsevnen min er så redusert for tida.
kl 12:45 Eg finn ut av nokon eg kjenner frå Dalen skal delta i morgo
kl 12:50 Eg har funne ut vedkommandes telefonnummer og ringer han og spør om eg kan få sitte på i morgo. Det kan eg ikkje, sidan han og gjengen alt er i Oslo.
kl 12:55 Eg har lagt på og kjenner tårene koma. Plutseleg har eg så lyst til å springe, men orkar berre ikkje reisa til Oslo og tilbake. Eg er lei meg.
kl 13:00 Eg tek meg saman igjen og prøve å finne ei løysing på transportproblemet.
kl 13:05 Eg finn ut at nokon frå Seljord skal delta i Oslo maraton i morgo.
kl 13:10 Eg ringer vedkomande og får høyre at eg godt kan sitte på.
kl 13:20 Eg ringer Helene og spør om ho fortsatt er i Oslo og om ho ikkje kan endre distansen min, anten til halvmaraton eller til 10km ("10 for Grete"). Eg finn ut at starttidene er såpass forskjellig frå heilmaraton at eg først burde sjekke med sjåføren min.
kl. 13:25 Eg prøver å ringe sjåføren min. Eg får ikkje svar.
kl. 13:30 Eg ringer Helene og seier at det må bli halvmaraton, av praktiske grunnar. Helene fiksar det for meg mens eg sit på sofaen i Seljord. Helene hentar også startnummeret mitt og alt saman.
kl. 13:40 Det har gått opp for meg at eg plutseleg har rota meg bort i ein halvmaraton om eit døgn og at eg ikkje har løpt på tre veker.
Korleis skal dette gå?
Kva gjorde eg?
Er eg framleis ved mine fulle fem???
Vidare skal eg ikkje gjengje protokollen. Det endar med at eg bekreftar deltakelse i halvmaraton til sjåføren min kl.20:30, og at eg sit her og lurar på kva eg skal ha på meg i morgo.
Og kor hen spring me eigentleg?
Kva er startnummeret mitt?
Kor er starten?
Når er starten?
Er det ei cut-off tid?
Kva sko skal eg bruke?
Siste status er at avreisa frå Seljord blir kl.05:45, og at naboane mine festar og feirar med dunk-dunk musikk og høglydt latter i kveld.
Nåja, søvnen siste natt før eit løp er jo ikkje så viktig. Eg kan til og med sove i bilen, eg skal jo ikkje køyre sjølv.
Då er jo alt klart? Eller?
Eg er jo spent på korleis det blir å springe to mil på bein som stort sett har bevega seg i tursko opp opg ned bratte fjellsider her i Seljord. Og som har sykla i terrenget.
Virkeleg, den siste løpeturen min hugsar eg ikkje ein gong.
Eg har jo slutta å skrive treningsdagbok, sidan eg er blitt mosjonist, så eg kan ikkje eingong finne ut om siste løpeturen min ved å leite i treningsdagboka mi.
Men pytt pytt.
I morgo blir det løpande sightseeing i Oslo, så det blir bra.
Eg håpar eg kjem meg i mål. Eg har nemleg veldig lyst på den fine medaljen med Grete Waitz på.
Hm....
Kven skulle trudd det?
Lykke til ;-) Det impulsive er ikke bare ofte, det er ALLTID, det beste!!! ;-)
SvarSlettTusen takk Silja!
SvarSlettEg rakk jo å lese lykkeønskene dine før løpet, rakk berre ikkje å svare.
Og så innbilte eg meg at eg såg deg faktisk kome gåande med eit par jenter ned Akershusfestning, med kamera rundt halsen..?
Men fantasien kan ha spilt meg eit puss, at eg i det heile tatt var til stades i Oslo på søndag, kjendest heilt uvirkeleg der og da.
Men eg tok det som eit godt teikn :)