Den andre ruta eg var med på i løpet av pilgrimen vandre med håp var på torsdag, og gjekk frå Ulevå over Dyrskar og Midtlæger/Svandalsflona.
Også denne dagen var me heldige med været: det var overskya, men nesten ikkje vind og god temperatur, rundt 14 gradar.
Første delen av turen gjekk me langs Ståvatn/Ulevatn, der vegen bestod av sti i terrenget, mens den etterkvart gjekk over i den gamle vegen over Dyrskar.
Denne dagen var me vel også rundt 40 stykke som gjekk, eg har aldri hugsa tallet ved gjennomtelling, det er noko med den friske fjellufta og den flotte utsikten som nullstilte hovudet mitt gansk fort, og befridde det frå unødvendig ballast.
Som første dagen blei det ein del stopp undervegs, slik at alle kunne halde følgje.
Det var mykje historie på denne gamle vegen, der det fortsatt er to geitestøylar som sel kjempegod geitost, og der det er spor også etter gamle bygningar.
Eg gjekk mykje i mine eigne tankar, såg på dei flotte fjella rundt meg eller skravla i periodar med andre pilgrimar.
Ikkje anar eg eigentleg kva eg tenkte der eg gjekk. Men det er lenge sida eg kjendte meg så frisk som desse dagane under pilgrimsturen...
Etappe 2: Ulevå - Dyrskar - Midtlæger
|
"Eit steg om gongen" står det på buffen, som me har fått spesiallaga. Det er jo alltid med eitt steg ein tur begynner. |
Vår pilgrimsleiar/inspirator/gode hjelpar/historieforteljar/vegvisar Eilev Erikstein hadde ein ordentleg pilgrimsstav:
|
Vandrarstav med pilgrimssmerke på. |
Me blei køyrd med bilar frå overnattingsstaden vår på Vågsli til Ulevå. Der blei me møtt med eit blikkstilt vatn:
|
Me ser på fylkesgrensa mellom Hordaland og Telemark langs E134. Denne plassen her er utruleg vêrhardt. Men denne dagen var vatnet blikkstilt. |
|
Frå vegen over mot E134. Overgangen mellom land og vatn er ikkje lett å sjå, så stilt var det. |
Om det er pilgrim eller løpetur eller fjelltur, eg greier sjeldan å slå av det botaniske blikket. Nokre typisker fjellplanter MÅ rett og slett bli fotografert. Det er som å møte gode gamle venner på vegen for meg.
|
Fjellmarikåpe med Ulevåvatnet i bakgrunnen. |
Langs vegen var det to plassar med geitestøylar. Med så mykje tilgang til næring er det ikkje så rart at fjellmarikåpens "storesyster" Marikåpe (
Alchemilla vulgaris) trivst langs kvar einaste bekk:
|
Marikåpe (Alchemilla vulgaris), ei gamal medisinplante med dugg på bladene. Kjempefint! |
|
Til tross for mykje regn i sommar, det ser ut til å vera eit godt "kreklingår" i år! |
|
Ved Nupshallen Fjellseter kan du ta av mot Middalsbu. Me gjekk imidlertid vidare mot Dyrskar. |
|
Eg elskar geiter! Eg har jobba i mange somrar som budeie, og blei skikkeleg glad at geitane var fortsatt på støylen. Dei gjekk heilt ned mot kanten og kikka litt kjekke ned på oss og mekra. Kanskje syntest dei me var litt feige som gjekk ned på den flate vegen mens dei stod og balanserte på centimetersmale fjellkantar? |
|
Pilgrimar på vandring mot Dyreskar. |
|
Eit blikk tilbake dit me kom frå. Heilt stilt vatn med litt fiskevak... Utruleg flott vêr! |
|
Det gjeng ikkje an å sjå forskjell på vatn og himmel. Fantastisk! |
|
Me ser nå mot Dyrskar. |
|
Dyrskar. Heilt i venstre kanten av bildet kan ein skimte innkøyringa til Haukelitunnelen. |
Pilgrim er noko dei fleste kan vera med på. Nokon treng kanskje litt meir tid enn andre, eller tilpassar etappelengda etter evne. Eg er så imponert over pilgrimsvandrarane som hadde ekstra store fysiske utfordringar, men som gav seg ikkje. Det står det respekt av.
|
Nokon brukar lengre tid enn andre. Men alle kan koma i mål på ein pilgrim! |
|
Eg måtte snu meg tilbake av og til og ta bilde av gruppa vår. Flotte pilgrimsvandrarar! |
|
Det er "Middyrelva" som kryssar vår veg. Plassen heiter Ulevåbotnen, og ved brua var det dagens andre lengre pause. |
|
Middyrelva. |
Ved Ulevåbotnen valgte nokon å gå vegen på nedsida, mens andre fortsatte lengre opp og gjekk gjennom den gamle tunnelen. Det er ein av Norges eldste tunnelar, og blei bygd i 1900.
|
Ein av Norges eldste tunnelar, frå 1900. Inngang på nordsida. |
|
Stjernesildre (Saxifraga stellaris) ved tunnelinngangen. |
|
Og kva var det denne her heiter igjen...? |
|
Sjå så fint inngangen er mura opp her! Dette er inngangen på sørsida. |
to be continued...
Det ser ut som om blogspot ikkje taklar altfor lange innlegg eller mange bilder, eller så er det PCen min eller internetforbindelsen. Resten av innlegget kjem seinare, når forholda er litt bedre. Eg har heldigvis fått lagra litt av resten før blogspot bestemte seg for å la det forsvinne ut i cyberspace...
Bilda som allerede ligg her æ i alle fall fantastisk flotte! Fær VELDIG lyst på fjølltur no!! Åssø sø heldig du/dikkøn va mæ været! :-)
SvarSlett