18. mai 2011

IM 70.3 Mallorca (Teaser)

Tilbake i kjølege og regnfulle Norge har eg akkurat litt tid til å legge ut dei tre bildene som eg eigentleg alt hadde sendt frå mobilen min frå Mallorca.
Så får det kome ein liten race report seinare, med masse blå himmel og sol og svette og blemmer og sykling i Mallorcanske fjell og landsbyar og løping langs strandpromenaden og bading og sand og hav og horisont...
Herleg!
Henting av startnummer torsdag, 12.mai. Eg er lykkeleg over å ha fått rosa startnummer. Tallet 218 høyrest også bra ut.

Me leverte syklane til skiftesonen på fredagen, dagen før konkurransen. Då eg hadde kome meg gjennom innsjekkinga, såg eg Andreas Raelert, storfavoritten, ståande ved sykkelen sin, omgitt av fotografar og folk som ville ha autograf.
Sidan eg og Helene ikkje hadde hatt tid dagen før til den offisielle autografskrivinga hans, fekk eg meg ein idé. På grunn av mangel på eigna underlag å skrive autografen på, lånte eg meg ein vannfast tusj frå ein funksjonær, og ba om autograf rett på leggen!
Andreas blei litt overraska og smigra og spurte om han virkeleg fekk lov til det.
Det fekk han ;)
I skiftesonen ved sykkelen. Signaturen frå Andreas Raelert på leggen. Kult! ;)
Det var kjekt  å få signaturen hans på leggen. På min første Ironman i Frankfurt i fjor, så sykla han nemleg på sin andre sykkelrunde forbi meg (eg var da sjølvsagt berre på den første runden) i full fart, og heldt sin posisjon også på løpinga, og vann.
Signaturen hans på Mallorca i år skulle også bringe lykke for min første Ironman 70.3, og også for han, sidan han også vann konkurransen denne gongen!
Andreas Raelert (frå Rostock, Tyskland) er både kjekk, hyggeleg og ein sterk triatlet. Heile interviewet kan du sjå her.

Ikkje anar eg kor mange timar Andreas Raelert hadde vore i mål då eg nærma meg finish line på den siste kilometeren, men han stod nå der på brua me skulle springe over på dei siste 500m, og heia fram mange av deltakarane som bruka ørlitegrann lengre tid enn han.
Eg rakk å vise fram leggen min med lykkesignaturen, stjal til meg ein ørliten klem (overdose av endorfiner og serotonin etter 6,5timar konkurranse, må vite, kan få meg til å gjera mange rare ting...) og sprinta mot mål.
Herleg!

Eg er Ironman 70.3 Finisher. Hurra!

9. mai 2011

Mallorca, here we come!! Eller: lurt utan sykkelcomputer.

Nå har dagen for avreise kome.
Endeleg!
Den siste veka har vore preg av utprøving av formen min etter magesjuken, og mental skriving av sjekklister over ting eg skal ha med til Mallorca, og organisering av ferieopphaldet for Binna.

Dessutan fann eg fram pass, internasjonalt helsekort, masa på meg triatlonlisens (som eg håpar ligg i postkassa i dag før eg skal reise), og låg i sola for å forberede huden min på sola (sleip unnskyldning til å ligge timesvis i sola, men den er vanskeleg å motargumentere).

Torsdag blei det som vanleg fellestur, denne gangen ein tur på 8-9km på Skardsvegen mellom Åmotsdal og Svartdal. Herleg! Lunsjpause i lyngen i sola med utsikt over eit idyllisk skogslandskap og glitrande vatn i sola. Me fann dessutan nokre teikn etter gamle innristningar på store steinar langs vegen, nokre viste årstallet 1811!!
Teikn rissa/hogd inn i ein stein langs Skardsvegen. Nederst årstallet: 1811!

Fredagen var pausedag for meg, mens laurdagen kribla det utruleg i sykkelbeina igjen.
Av og til er det vanskeleg å kjenne etter om eg har lyst til å trene, eller er i god nok form, eller orkar, men på laurdag, så var det ingen tvil, eg skulle ut på sykkel, og det fort, og helst i nokre bakkar.

Eg hadde eigentleg som mål i vår å sykle gjennom Åmotsdal og opp til avkøyrsla til Kvambekkheii, sidan denne lange bakken omtrent tilsvarar stigninga opp fjellet på IM 70.3 Mallorca.
Marvil'en blei sjekka for lufttrykk og olje, sykkelen med ekstra tøy pakka, reserveslangar og verktøy funne fram, og så sykla eg avgarde.
Målet for turen: Kvambekkheii, ca 983m.o.h.

Det hadde regna om natta, og delvis var vegen litt våt, og det var høg luftfuktigheit, noko som er litt uvanleg for Seljord, der det regnar svært lite. Men dette skulle gje god forberedelse til Mallorca, tenkte eg.
Mila til Flatdal gjekk fint, og stigningane gjennom Åmotsdal var ikkje så ille som eg hadde opplevd dei tidlegare. Sola skein, og det var lite trafikk (dette skriv eg ganske ofte, men slik er det nå eingong når eg er ute og syklar i bygdene), beina kjendest litt trøtte eigentleg, og bakkane var litt tunge, men eg hadde det så bra at eg berre heldt fram.
Etter ein kort stopp for å ta på meir klede nærma eg meg Kvambekkeii. Der var skiltet, alt nå???
Ha! Her er eg alt! Eg må vel sykle litt vidare da...?

Eg stoppa kort og fann ut at eg like godt kunne sykle eit stykke vidare, sidan eg eigentleg berre hadde varma opp. Det blei dermed enda fleire høgdemeter, og landskapet begynte å bera meir preg av fjell. Godt i Drivarbekkdalen bestemte eg meg for å ta heile runden via Øyfjell tilbake til Seljord. Og sidan Marie bur i Øyfjell, så var det jo koseleg å stikke innom for ein siste briefing før turen?

Eg var heldig, Marie var heime, og ho trylla fram godteri og pringles og kaffe, og praten gjekk lett. Plutseleg ringte telefonen min, og det var Helene, som alt sat på flyplassen og skulle innlede Halvironman på Mallorca med ei vekes ferie på øya.
Iveren vår steig til himmels, og derfor blei Marie også med på ein liten spontan sykkeltur. Eg hadde då ombestemt meg og ville snu og sykle tilbake gjennom Drivarbekkdalen, sidan det er mykje mindre trafikk der, og landskapet er så flott, og den lange nedoverbakke gjennom Åmotsdalen frista meg meir enn lange slake strekningar på E134 i helgetrafikken.

Marie er det ikkje lett å halde følge med i motbakkane, og mens eg sleit meg oppover på det lettaste giret og så vidt greidde å puste utan å bli blå i fjeset, sykla Marie på store skiver og kransar og prata og kvitra uanstrengt, mens ho sakte men sikkert blei eit lite punkt i horisonten...
Nei da, me sykla nå saman og kunne ikkje beundre landskapet nok, og siterte gjentatte gonger den viktige setninga "The wind is your friend", og konstaterte at motvind var det nok ikkje, og plutseleg var motbakken unnagjort.
Lykken er ein god ven. Det er moro er å sykle. Det er herleg når ein kan sykle saman med ein god venn.

Humøret var på topp, og det var me også, og det var tid for Marie å rette sykkelstyret heim att, mens eg fortsatte nedover Åmotsdalen til Seljord. Heimvegen gjekk fint, stort sett nedoverbakke og ein heil masse vind gjennom Flatdal. Klokka viste nesten halv seks, og det var heile seks timar etter at eg hadde starta.Skulle eg ha brukt så lang tid på ni mil?

Kaffepausen på Solbakken varte kanskje i overkant av ein time, så var det eit kvarter stopp for å skifte ein min punkterte sykkelslange ved Straume, og noko stoppar for klesskift, men likevel... 4,5t?
Nåja, tenkte eg ved meg sjølv, det var mange bakkar, og farten min var nok ikkje spesielt høg, og utan sykkelcomputer blir det kanskje slik.
Men eg var superfornøydd med det eg trudde var tilbakelagte ni mil. Første ordentlege langturen i år!

Men då eg hadde dusja og ete på kvelden og skulle plotte inn turen på MapMyTri, så stussa eg. Berre turen frå Seljord til Øyfjell var jo på 6,5mil... Og tur-retur... Då skjønte eg plutseleg kvifor eg var litt slapp i beina, og at rusleturen med Binna etter turen var litt tung, eg hadde jo sykla heile 13mil! Og tilbakelagt litt over 1000 høgdemeter.
Herleg!
Turen plotta inn på MapMyTri. Karttenesta er ikkje så altfor nøyaktig, men stemmar stort sett.

Viss ikkje dette var ein god forberedelse til dei mallorkanske fjella, så veit ikkje eg? Ein skikkeleg mental humørbooster var det i alle fall!
Kanskje er det ikkje så dumt å la tekniske hjelpemidlar ligge heime ein gong og heller trene etter følelse og humøret?
Skikkeleg inspirerande var denne turen, eg hadde nemleg aldri lagt ut på ein tur over 10mil denne laurdagen, rett og slett fordi eg trudde at det ville bli for mykje. Der tok eg feil. Heldigvis.

4. mai 2011

Fjellterapi del 2 eller: flukt til fjells

Etter heile åtte dagar utan trening på grunn av magesjuke (virkeleg, åtte dagar, dvs, tysdag, onsdag, torsdag, fredag,laurdag, søndag, mandag OG tysdag, utan trening!), så kribla det i beine i dag.
Dessutan nærmar IM 70.3 seg med stormskritt, og eg kjenner at eg skulle gjerne ha fått nokre sykkel- og løpeturar i beina før eg reisar ned.


I dag hadde eg eigentleg ein avtale midt på dagen, men så blei den avlyst i går, og eg hadde plutseleg ein heil dag til disposisjon. Onsdagar er jo fine å sykle på, så det var jo ein moglegheit?
Men så kom det inn nokre meldingar om andre avtalar, og plutseleg kom det ein påminnelses-epost om medlemsmøte, noko som eg ikkje hadde ant i det heile tatt skulle bli arrangert idag  før e-posten kom. I tilleg var det mange andre ting som eg skulle ordne også.
Og plutseleg var det altfor mange valg, altfor mange kombinasjonar av moglegheitar og beslutningar eg skulle ta, og det er ikkje min styrke for tida, og det endte med kraftig beslutningsvegring.
Til slutt såg eg ingen annan utveg enn å late som ingenting og fortrenge at livet fantest ved sida av triathlon og trening, og dermed var det plutseleg klart kva som var riktig å finne på i dag.

Eg skulle skølvsagt sykle høgt og langt til fjells, helst dit der det ikkje er mobildekning.
Og sidan me skal sykle i fjellet på Mallorca også, passa det bra med ein liten gjentaking av fjellterapi-turen og motbakkesykling opp til Grimås.
Panorambilde laga meg mobiltelefon. Ikkje så dumt. Her frå den siste km til Grimås.
Sekken min blei utruleg fort pakka, eg rakk til og med å halv-tine ein bolle som eg stappa i sekken, saman med ein del ekstra klede.

Etter så mange dagar utan ordentlege måltider har eg kjent meg ganske så slapp i det siste, og i går hos ei venninne blei det også bemerka. Men eg tenkte at eg berre skulle ta det med ro oppover den lange bakken, og tenke meir på å trene muskulær uthaldenhet enn høg intensitet.
Som sagt, så gjort.
Forholda var gode i dag også, med litt sol og litt vind og litt skyer og lite trafikk. Vegen hadde blitt salta sidan sist, og var grei å sykle på. Men det var også blitt mykje vaskebrettføre, spesielt i svingane, noko som førte til skikkeleg gjennomristing av meg og sykkelen på veg ned att, men alle skruer heldt, og ingenting ramla av sykkelen, inkludert meg, så det var ikkje så ille.
Utsikt frå hengebrua ved Grimås.
Oppglødd som eg var på toppen, tok eg meg ein liten ekstra tur oppover i Grunningsdalen, men fann etter eit par tre kilometer ut at kroppen eigentleg hadde fått nok, og snudde.
I staden for tok eg ein liten avstikkar gjennom skogen heim att, og følgte ikkje den vanlege vegen som eg pleier. Og det var forfriskande å sykle på ein skogsti.
Ikkje er det tid for å la tankane vandre til møter og avtaler heller, smal som stien var, og med røtter og steinar og gjørmehol som skulle forserast.
Eg sykla på ein sti gjennom skogen i dag. Det var forfriskande!
Kivleåi. Ingen hengebru denne gongen, men eit juv som er ganske djupt. Djupare enn eit kamera klarar å fange opp..

Ikkje at dette er veldig spesifikk trening for gjennomføring av sykkeldelen på Mallorca. Men moro var det, og det synst eg jo er mykje viktigare, og inspirerande var det også, og ein god test på at beina mine er fortsatt sterke i bakkane, og pusten god, og magen grei.
På Grimås. Eg er glad over at flukten min blei vellykka. Det er deileg å vera på fjellet!

Og fin utsikt var det sjølvsagt også denne gangen.
Om nokon lurar ;)

Det blei ein vellukta flukt, med andre ord!