Eg har ikkje hatt vondt i hælen på fleire veker.
Men - borte er det ikkje, eg kjenner fortsatt at det luggar og "summer" og "prikkar" i hælen, og under foten... av og til så det kjem det eit lite urovekkande stikking i venstre hæl, altså motsatt av plantarfascittfoten min.
Jaja.
Nå når det er vår så er det blitt sjeldan eg brukar mine store mjuke og romslege KEEN-støvlar, som har så god plass til fotfoten dvs tærne.
Og når det er fint vêr, så er det berre Kwicky'ane som blir lufta.
Dei er så mjuke og gode, med god plass til tærne.
Dei er ganske breie framme, men best av alt, så er dei ganske flate inni skoen, og overmaterialete er så mjukt at ingenting hemmar føtane mine. Med elastiske skolisser blir dei kjempegode!
Framover så skal eg unne føtane mine gode sko.
Dei skal vera romslege, og ha god plass framme.
Etterkvart skal eg redusere "hæl-tå-drop" også,
dvs forskjellen i høgda i skosålen frå hæl til forfot.
Vibram Fivefingers (her: Spyridonmodellen) er "null-drop"-sko |
Men for meg er ikkje VFFs løysinga for skotøy i kvardagen, dvs eg har ikkje lyst til å bruke dei heile tida.
Kroppen treng også tilvenning.
Men dei er supergode, synst eg.
Eg har gradvis vent meg til å bruke mine VFF Spyridon, på både tur og litt løping (maks to minutt av gangen så langt), og lengste turen var i skogen sist fredag, på ein time.
Eg pleier å ha med mine Kwicky's også på tur, hengande på beltet eller kameraveska, i tilfellet føtane mine plutseleg skulle streike (Kwickysane er så utruleg lette at eg ikkje legg merke til at dei heng der. På godt og vondt - på ein tur i skogen så greidde eg å miste ein sko - så då var det berre å sprinte tilbake i skogen før mørket satt inn og leite - heldigvis fann eg skoen igjen!).
Det er utruleg deileg å gå tur i skogen med Fivefingers. Heilt nydeleg!
Eg elskar å kjenne underlaget, stein, røter, mose, jord, og at dei er så lette. Eg likar også at alle fem tær kan bevege seg uavhengig frå kvarandre.
Barbeint så kan den store tåa kan "halde seg fast" i ein sprekk, uavhengig av dei andre tærne. Dette går også til ein viss grad an i Fivefingers. |
Eg er heldig som har føtar som passar perfekt inn i Fivefingers.
Eg har også eit par VFFs til styrketrening inne, da med litt tynnare såle med mindre mønster. Dei er glimrande når ein skal kjenne underlaget, stillinga på ankelen, osv.
Eg unnar føtane mine ein "pause" frå Fivefingers ca annankvar dag, utan at dette er noko regel. Men eg brukar dei sjeldan dagleg.
Sist sundag var eg på stranda, og tok av meg skoene og gjekk likegreitt heilt barbeint.
Så nydeleg!
Følelse av sommar (om enn litt kjøleg), frihet og minner om barndomssomrane der me gjekk mykje barbeint. Og god trening til føtane er det også, og heilt gratis (kiling og au-au-au-fornemmelser inkludert).
All entusiasmen til tross så vil eg allikevel ta det gradvis med overgangen til "zero-drop" og er fortsatt på utkikk etter eigna sko.
Første prioritering er alltid god plass til tærne.
Samanlikning av Nike Free 5.0 (til høgre) mot mine Kwickys. Nike skoene hadde god plass til tærne, og mjuk såle, det likte eg (og fargane er jo sååå fine!) |
Kwickysane har 10mm, og litt demping, så ideelt sett vil eg har ein sko med 4-8mm drop og middels demping (siste for komfortens skyld).
Godt mønster i sålen hadde vore kjekt sidan eg går mykje tur med Lukas i skogen.
Kjekt med godt mønster under skoene for ikkje å bli dratt ned i elva av Lukas når me går tur. |
Det er ganske artig å utforske skoverden, og eg må innrømme at eg har blitt litt hekta på sko (igjen).