Men det er heldigvis sjeldan.
Akkurat denne hausten hadde eg planlagt å gå masse tur i fjellet, med sekk, og helst telt og utstyr for overnatting i sekken.
Men - med denne plantar fascitten blir det heilt feil å gå med sekk.
Viss eg på lang sikt har tenkt å bruke føtane til noko anna enn å legge dei på bordet, så burde eg bruke dei minst mogleg for tida, dvs, GÅ på dei minst mogleg - ha så lite vekt på dei som råd.
Eg har fått instruks i korleis å tape for Plantar fascitt med kinesiotape- alt hjelper! |
Og det gjer den jo frå før.
(Nok om det - eg lova vel eigentleg å ikkje "snikinformere" om plantar fascitt - ehem - så det får vera nok nå.)
Lukas, go'gutten min skal fortsatt på luftetur, så noko turar blir det jo.
Og godt er det, fordi eg bli ganske sprø av å halde meg inne når det er så vakkert ute!
Heldigvis har eg ein bitteliten "fjelltopp" med navn Bringsåsnuten omtrent rett foran inngangsdøra. Det må vera så lite som 800m i luftlinje frå kjøkkenvinduet mitt.
Ein bitteliten topp omgitt av furu- og bjørkeskog med blåbærlyng, sopp, konglar, tyttebær, klatreberg, store og små steinar, små stiar og fin utsikt på Seljordsvatnet og kringliggande fjelltoppar.
Det har blitt mitt favoritt"turmål" dei siste dagane.
For å kunne gå tur utan å gjera meir skade på føtane mine har eg skaffa meg ordentlege krykker.
Dvs, eg laga eit lite utrop, "hjertesukk", ein annonse - kva skal eg kalle det? - på Facebook, om å få låne samanleggbare krykker fram til eg skulle få mine eigne.
Og jammen fekk eg "napp". Ei god venninne av meg (nei, det må vera den beste venninna mi, me har opplevd så mykje saman og støtta einannan gjennom ankelbrudd, hundebitt, mentale samanbrudd, akuttmottak andre joledag ved sjukehuset, rygging av tilhenger i flyttekaos, nedvasking av hus, utlån av hvitevarer osv... eg kunne nevne tusenvis av ting her, og likevel, det beste med "B" er at ho har eit kjempestort og godt hjarte og er snill og god og herleg), "B" fann ut at ho ville bestille krykkene til meg, og det gjorde ho.
På krykketur i terrenget (Bringsåsnuten) |
Eg blei så glad - ikkje berre fekk eg krykkene i posten - men dei var pakka inn i gavepapir, med helsing på :) |
Min aktivitet begrensar seg til korte gåturar med Lukas. |
Skade er skade, og skade i eit senefeste eller leddband er like reelt som eit beinbrudd, og treng behandling.
Så, når eg skal ut og gå, og spesielt på hardt underlag, så avlaster eg med krykker.
Eg greier heller ikkje å gå normalt, utan å halte, og i følge fysio'n SIF er det FY.
Ikkje gjer det.
Det kan bli andre skadar av det.
Greitt.
Samanleggbare krykker er kjekt, dei blir lagt saman i fire delar, akkurat som teltstenger eller ei sondestang, med strikk som held det heile saman.
Det funkar!
Mitt nye NIKON er med på tur også, for det er så mange fine motiv der ute for tida, og lyset er heilt spesielt om hausten, for ikkje å snakke om alle dei nydelege fargane.
I går var eg altså ute i heile halvannan time nesten.Distansen blei omtrent 2km, vil eg tippe.
Det blei mange pausar.
I sola.
Utsikt. |
Så eg var aldeles ikkje sur!
Tvert imot.
Fjelltoppane omkring kan berre lokke så mykje dei vil, dei vil vera der neste år også.
Og året deretter.
Eg øver meg i tolmodighet...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar