Eg vakna veldig tidleg på tysdagsmorgon (kl.5.30!?!) og var definitivt ikkje utkvilt.
Så eg prøva å lese fag, men eg greidde ikkje å konsentrere meg.
Ute var det kjempefint vêr.
Blå himmel og sol.
Og eg sat inne og blei meir og meir trøtt.
Då var det gjort, eg tok fram tursekken og turutstyr, smurde niste og laga te, pakka ekstra overtrekksbukse, dunjakke (faktisk), sjekka vêret på yr (kor kaldt er det eigentleg på 800m.o.h i dag?) og kom meg avgarde.
Klokka var berre 10.30.
Det trur eg er ny rekord for meg.
Eg er jo ikkje noko morgofugl i det heile tatt.
Men - eg var ute og gjekk.
Skulle til Hattefjell, yndlingsfjelltoppen min.
Den er synleg frå der eg bur, og det tek berre 15min å gå dit der stien opp til toppen startar.
Midt i sesongen, når eg prøvar å løpe opp, greier eg stien på 40min, ved å veksle mellom å gå og å løpe.
Det er nemleg bratt.
Ingen skare for glatt, ingen bakke for bratt - for Lukas! |
Eg sank nesten ikkje nedi.
Men det gjekk, det var nokre gamle skuter- aller ATV-spor der, så litt feste fekk eg jo.
Lukas med sine klør hadde godt feste.
Lenger opp kom vegen litt meir i sola, og då var det øvste laget litt tina, og det gjekk greitt å gå. Eg måtte berre ta og sparke spor i den bratte bakken.
Det blei fin utsikt undervegs også. |
Eg ønska meg fakisk stegjern - det hadde nok blitt enklare å gå kanskje?
Skareføre. |
Men over ein time ned att på ein bratt, isete sti?
Eg bruka nokså lang tid, men med litt tung sekk og det isete føre var det ikkje anna å vente.
Fram til kl.12 skulle eg gå, og så sjå an kor langt eg hadde kome da, og om eg skulle gjera "framstøytet" mot toppen eller ikkje (den siste delen av stien er veldig bratt og ligg godt gøymt i bratt kratt og skog).
Herifrå var det først berre dyrespor. |
Det såg utruleg annleis ut med så mykje snø.
Så fann eg spor.
Dei var digre.
Var det elg eller folk, tru?
Men så blei dei borte.
Eg gjekk litt i det som eg trudde var riktig retning.
Og så fann eg spora igjen, og valgte å følge dei.
Elgen er jo smart og går gjerne på stiar der folk går, og uansett var det lettare å gå der nokon hadde gått før.
Det siste stykket opp til toppen er ganske bratt. Og stien er bortgøymt under snøen. Men eg fann den til slutt! Lukas tek alt med knasande ro og kosar seg. |
Entusiasmen blei større og større, for nå blei eg ganske sikker på at eg ville greie å koma meg til toppen.
Og dit kom eg meg!
Lukas gjekk lykkeleg foran, endeleg fri frå band og lenker, med fjelluft i nesa og flagrande øyra.
For som vanleg, så blåste det ganske friskt på toppen.
Lukas kosar seg på den forblåste Hattefjelltoppen! |
Hattefjell ligg på 820m.o.h., og fjelltoppane rundt omkring er på 1369 og litt over 1000m.o.h. og ein får kjempefin utsikt mot Lifjell og fjellene i Vrådal.
Utsikt mot fjellene i Vrådal. |
Utsikt mot Lifjell og ned til Seljord og Seljordsvatnet. |
Utsikt mot Skorve (1369m.o.h.) |
Teen smakte også ekstra godt.
Eg pleier ikkje å ha sukker i teen, men på fjelltur kan litt ekstra energi koma godt med, så eg hadde faktisk bruke sukkerbitar oppi termosen, og det smakte ekstra godt.
Kan hende det var den fine utsikten og den friske fjellufta også, men likevel - det smakte herleg!
Heldigvis hadde eg hugsa å ta med godbitar til Lukas også, så han blei også fornøydd.
Eg er opptatt av å ta bilder, mens Lukas er berre opptatt av godbitar. |
Men det lønte seg, absolutt å prøve.
For ei lykke!
Lykke på Hattefjell! |
Men eg var i alle fall årets første kvinne på Hattefjell i år.
Og Lukas var årets første hund på Hattfjell.
Ikkje verst det!