For skaden er jo der fortsatt?
Men men - dikkøn skjønner vel kva eg meiner med det.
Kneet ser jo friskt ut - på utsida - men skaden er der ! |
Det som eg har funne ut var ein viktig forutsetning for å ikkje bli deppa og frustrert etter denne "plutselege" skaden (samanlikna med slitasjeskade, som utviklar seg over tid), er RADIKAL AKSEPT.
Det er forøvrig skrive ein heil dele om den psykologiske biten av idrettsskader (sjå "Psychological rehabilitation techniques" frå sportsinjurybulletin, eller "How do athletes deal with injury" frå BrianMac Sports Coach).
Reaksjonen på skaden blir delt inn i faser, for eksempel:
- Sjokk/fornektelse
- Sinne
- Forhandling ("bargaining")
- Depresjon
- Aksept
Eg har heldigvis kome meg til punkt 5.
Leddbandet er strekt, det går ikkje an å løpe, eg er nødd til å gå med krykker viss eg ikkje skal gå som ein slagpasient (sjå her i bloggarkivet, apropos slagpasient, det har eg lært nå!),
snowboard- og skisesongen er over før den har begynt, og løping må eg vente med ei stund til.
Svømming er heller ikkje så lurt foreløpig.
Sånn er det.
Sykling på rulle er bra trening, og glimrande rehabilitering for eit skada kne! |
Eg har gått ein del ute, på krykker.
Helst med to krykker, fordi med berre éi krykke så blir det ikkje bra, men haltande.
Eg har sykla litt på rulle, for treninga sin del, av og til berre for å mjukne opp kneet.
Eg kunne også med fordel trent meir styrke!
Det går an å lese fag når ein syklar inne - i alle viss det er i videoformat! |
Realiteten for tida. |
Eg bar altså sekken som vog kanskje 5-6kg, og i slik kontrollert slak motbakke gjorde det godt for både kneet og hodet mitt.
Men som eg savnar løpeturane mine!
Det hadde vore så godt å fly avgarde i full fart (og full stopp når Lukas er med, haha), kjenne sjå landskapet rundt meg, få km etter km unnagjort, kjenne pusten og musklane i beina....
Og så den herlege følelsen etterpå.
Det savnar eg.
Det å gå ein tur har virkeleg ikkje same oppmuntrande effekt.
Men, det kan hende at eg snart får knekt koden når det gjeld styrketrening, kanskje det kan funke like godt som avreageringstreningsøkt?
Eg får sjå.
Så lenge får dikkøn der ute med friske kne kose dikkøn på løpetur!!
Og Lukas kosar seg med tyggebeinet han fekk til femårsdagen sin! |