22. juni 2013

Svømmehud

Det blir ein del  konkurranseforberedelse desse dagane.
Det er fortsatt uvisst kva eg skal ha på (må vel skrive eit lite rosa innlegg om dette igjen?)
Men eg blir stadig meir sikker på kva slags våtdrakt eg skal bruke.
Til tross for at Sailfishen er utruleg fin og materialet er heilt nydeleg å ta i, så blir det nok den litt for trange Orca'n.
Mest sannsynlegvis.
Slik ser SAILFISH-våtdrakta ut på innsida - sååååå kul og rosa.
Det blir ingen lett valg mellon denne og ORCA-drakta...
Sidan me var få deltakarar på siste nettmøte med Dave så spurde eg han om råd.
Han rådde meg til å prøve Orca'n litt til, og i alle fall ikkje gå for den ermellause våtdrakta som siste alternativ.

Treningsmessig så blei det altså ein god del svømming denne veka:

Måndag:
30min med Orca'n i 14 gradar - drakta kjendest altfor trang.

Tysdag:
35min svømming med Sailfish-drakta i 16gradar - bedre plass, men likevel altfor lang i overkroppen - det blir for mykje materialet øverst. Etterpå blei det test av bukse og topp (som eg hadde svømt med under drakta) i form av løpeintervall.
Det var skikkelege bølger den eine dagen - synst det er moro eg!
Onsdag:
ingen trening, restitusjon og nettmøte.

Torsdag:
svømming med Orca'n i over ein time i herlege 18 gradar - tok meg god tid til å ta drakta ordentleg på, og stoppa og justerte mange gonger undervegs. Det kjendest ikkje så verst og nå skal eg satse på denne drakta. Ferdig med det. Eg får heller svømme fort slik at ikkje ubehaget varar så lenge (haha ja særleg).
Heile 18gradar i vatnet, det kjendest herleg!
Fredag:
ingen svømming, men våt blei eg likevel, med motbakkeintervall i øs-pøsregn, men det var eigentleg heilt greitt.
Sailfish-svømmehetta er min absolutte favoritt!
Laurdag:
ca 20-30min svømming i Orca'n, med svømmetopp og triatlontopp og 17gradar i vatnet.

Det har vore så mykje deileg sommarvær denne veka, då passa det bra å teste våtdraktene.
Eg skal også for første gong ikkje bruke mine små søte rosa Speedo-svømmebriller, men bruke eit par briller frå Aquasphere med klare og litt større glass.
Aquasphere-svømmebrillene er plutseleg mykje bedre enn den dagen eg prøva dei for første gong.
Dei har eg ikkje brukt så mykje sidan dei doggar fort i veldig kaldt vatn, men i over 16gradar så ser dei ut til å funke bra.
Mjukare innfatning har dei også.
Gode svømmebriller! Litt flatare, større synsfelt
og mjukare innfatning enn mine tidlegare små Speedobriller.
Komfort har jo ein del å sei for opplevinga av trening og konkurranse, og prestasjon!
At det er ubehageleg å sitte fleire timar på eit heller hardt sykkelsete kan eg tole, men på svømminga skal eg ha det så godt som mogleg.

Sist oppdatering frå Haugesund var at det er blitt køyrd 50 lass med sand på strandkanten til Skeisvatnet der me skal svømme, så det er jo herleg!

Sand mellom tærne og svømmehud mellom fingrane høyrer sommaren til, i alle fall for min del!

3 kommentarer:

  1. Du er virkelig flink til å trene!
    Hvordan klarer du å svømme i 14 grader?? benytter du neoprenhette over vanlig badehette?
    På 1900 m, som vil være svømmedistansen i Haugesund, hva er "normalt" å buke av tid på en slik distanse - hva er "greit nok"?
    Nå går det fort...ikke mange dagene igjen. Er for øvrig sikker på at du klarer dette med glans
    LYKKE TIL!! :)

    SvarSlett
  2. Takk! Synst ikkje eg er så' flink' men eg gjer nå det eg kan. Og detvar HERLEG å svømme!
    Ved 14gradar brukar eg berre vanleg svømmehette. Har ikkje neoprenhette, men har sterkt vurdert det.
    Eg bruker neoprensokkar av og til.
    Som barn så bada me i 16 gradar kaldt vatn, så 14 gradar med våtdrakg synst eg ikkje er så ille.Dessutan hadde eg ein heil del svømming å ta igjen ;)

    Eg brukar nesten alltid 20min/1000m, så eg reknar med 40min i Haugesund. HÅPAR på det.
    Det trur eg er ganske midt på treet.
    Men eg vil heller få ein snill snart utan stress og spare krefter til sykling og løp.

    Ja godt det er ikkje lenge igjen, har faktisk fått dosen min av treninga nå :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Forresten, så er det lurt å bruke øyreproppar!
      Det gjer ALLTID når eg svømmer, uansett temperatur.
      Det hindrar både nedkjøling og svimmelheten ein kan oppleve når kaldt vatn kjem djupt inn i øyregangen!

      Slett