Hausten er jo her fortsatt for fullt, og november visar seg virkeleg frå sin mørkaste side for tida. For ikkje å snakke om tåka og regnet.
Så kva slags fottøy skal ei bruke når ein løper ute i terrenget nå, når det er så blautt?
Eg synst det går fint å styre unna store vannpyttar når eg spring langs vegen, men på seine haustkveldar på våte stiar i skogen er det ikkje til å unngå å bli våt på beina.
Tidlegare denne sommaren har eg hatt lyst på terrengløpesko med Gore-tex membran.
Akkurat for å halde føtane tørre lengst mogleg.
Men så er jo løpesko berre løpesko og ikkje støvlar, og mykje av vatnet vil jo etterkvart renne inn ovanfrå og ein kan dermed bli like våt på beina som med vanlege løpesko.
Og det kan til og med vera verre, sidan Gore-texmemabranen ikkje slepper ut vatnet.
Men eg måtte i alle fall prøve og fann meg eit par terrengløpesko frå New Balance. Sidan dei var på salg, var det ikkje så mykje å gjera feil.
Og ja, i våt grass og på vått underlag så held dei jo vatn unna ei lita stund.
Spesielt i kombinasjon med ullsokkar så får ein ikkje denne følelsen av å stadig få påfyll av iskaldt vatn sigande inn mot føtane.
Terrengløpesko frå New Balance med Gore-texmembran. Ikkje dei sprekaste fargane, men den gjer nytten. |
Eg har vore skeptisk mot dette før, spesielt Gore-tex kan eg umogleg tenke meg at skal vera bra nok, med tanke på at den både skal puste OG halde vatnet ut, med så mykje belastning ein membran får trykt saman av foten i ein sko?
Men det finst andre membranar også, og produsenten Sealskinz lagar altså sokkar med membran.
For eit år sida så investerte eg i eit slikt par sokkar/strømpar.
Dei er ganske dyre, men med litt leiting i nettbutikkar, så er dei ikkje mykre dyrare enn gode sokkar i Norge.
Eg var skeptisk her også.
Korleis ville passformen vera?
Dei MÅ jo føre til gnagsår, for korleis skal sokkane med ein membran kunne få plass i ein sko når dei ikkje er like fleksible som vanlege sokkar?
Vil det lukte?
Vil det bli klamt?
Vil det lekke inn vatn likevel?
Nå har eg testa desse sokkane ganske lenge, på mange forskjellige måtar.
Dvs, på løpetur i vanlege løpesko, i terrenget i styrtregn, i vanlege sko i snø, i turstøvlar som hadde Gore-texmembran, i terrengløpesko med Gore-texmembran, på rusleturar, på motbakkeløpeturar osv.
Sealskinz Mid Length Thermal Sock er den eg har. |
Passformen er utruleg nok bra.
Sokkane sit som små fleksible "støvlar" på føtane, og er litt elastike.
Eg har ALDRI hatt gnagsår - brukt dei på flat mark, motbakke, bratt nedoverbakke, ja eg har også brukt dei istadenfor vanlege sokkar når eg hadde blemmer/gnagsår frå andre sko.
Sealskinz'ane i kombinasjon med asfalt-ASICS på topptur. Dette var i juli i år. |
Det blir sjeldan klamt, men midt på sommaren så er den halvtjukke typen sokkar eg brukar, litt i varmaste laget - det fint visst ein tynnare variant også.
Det kan hende det lekkar vatn gjennom, men eg har aldri kjent dette.
I kombinasjon med løpesko med Gore-texmembra er dei glimrande, synst eg.
I terrengløp/kon konkurransar hadde dei vel etterkvart mista sin funksjon, då ville eg nok brukt løpesko utan membran og vanlege sokkar, det er mykje bedre at vatnet renn ut av skoene igjen enn å prøve å halde det ut.
Og det går an å springe FORT med sokkane også :D Dette bildet er tatt i september i år. |
Desse sokkane er min absolutt favoritt når eg skal ut og løpe.
Eg vurderar å kjøpe eit reservepar, for dei kan vel ikkje vare evig, så mykje som eg brukar dei?
Det er nemleg stor sjans for at dei blir med på tur i dag også...
(Dette er forresten produktanbefaling som eg velger sjølv å skrive, eg blir ikkje sponsa av nokon av ovannevnde produsentane. Ikkje av andre produsentar, for den saks skyld.)