10. november 2012

Motstandstrening?

Det er eit begrep som ikkje blir så veldig mykje brukt.
Eller?
Då eg googla "motstandstrening" var det i alle fall få treff frå norske sider.
Eg tenker jo her på den norske oversetting av "resistance training".

Det er fortsatt trening etter innfallsmetoden med fokus på løp og styrketrening eg driv med for tida.
Etter ei ganske intens styrktreningsøkt på måndag, der eg trena heile kroppen, bruka tunge vekter og få repetisjonar og benytta meg av konseptet "supersett" blei eg ganske støl.
Stiv og støl i nesten tre dagar.

Så då var eg ganske forsynt av styrketrening eit par dagar.
Grunnen til at eg var meir støl enn vanleg er nok at eg både tok godt i den dagen, men også at pusten min har krangla igjen over ein periode på eit par veker, og når pusten er dårleg, så blir det dårlegare blodsirkulasjone og restitusjonstida etter trening blir lengre.
Dårleg pust fører også til sterkare stress i kroppen, og det minskar også restitusjonen.

Men likevel, tre dagar etter sist styrketreningsøkt, så kjendte eg behovet for å trene styrke.
Både øvre rygg og nakke var fortsatt støl (eg har dessutan ein eller annan kink mellom skulderbladene mot høgre sida), og eg lengta etter ein form for mosjon for å mjukne opp muskulaturen.

Svømming hadde vore fint, men den dagen var svømmehallen i Seljord stengt.
Og styrketrening?
Når eg fortsatt var støl, er det så lurt da?
Kva med litt lett styrketrening?
Set med "resistance tubes" frå Versusfit.
Det brukar eg heime, veldig kjekt!
Eigentleg så ser eg ikkje heilt poenget med "lett" styrketrening.
Når ikkje musklane får nok stimuli, så vil dei ikkje respondere med å bli sterkare/større.
Men likevel.
Er treningsstrikk også eigna til å bygge musklar?
 Svaret er visst ja.
Noko måtte eg berre få gjort!

Eg bestemte meg for å gjennomføre ei styrketreningsøkt med fokus på heile kroppen, slik eg vanlegvis gjer, men med fleire repetisjonar og lettare vekt eller bruk av treningsstrikk.
Målet med den økta var å halde vedlike styrken i muskulaturen, samt auke bevegeligheten i ledd, auke blodsirkulasjonen i musklane og lære meg nye øvingar.
Intensiteten skulle vera låg.


Treningsstrikkar/"resistance tubes" kjem gjerne i fleire fargar og styrker.
Og det blei ei ganske bra økt.
Eg kom på at ein på engelsk skil mellom "strength training", "weight training" og "resistance training", der dei to sistnevnde er på ein måte to variantar av det første.
Dette er ikkje så vanleg på norsk.

Me seier vel stort sett "styrketrening" til det meste me driv med av øvingar der me utfordrar muskulaturen ved hjelp av definerte øvingar, om der nå er basert på eigen kroppsvekt, frie vekter, apparat, treningsstrikk osv?
Motstand i forskjellig form.
Musklane gjer arbeid for å overkoma denne motstanden.
Følgen/belønninga er auka styrke i musklane.
Ein kan trene dei fleste musklane ved hjelp av treningsstrikk.
Det kjendest i alle fall godt etter motstandstreningsøkta, så det gav meirsmak.
Eg lurar på om eg heretter skal skilje meir mellom styrketreningsøktene mine.
Økter med styrketrening med frie vekter der målet er å auke styrke og muskelmasse, og økter med "motstandstrening" der målet er å auke blodsirkulasonen og bevegelighet og vedlikehald av muskelmasse, gjerne ved bruk av treningsstrikk.


Eg synst i alle fall at det var eit morsamt ord, "motstandstrening".
Me skal jo også overkoma mykje motstand gjennom livet, så det er jo ingen dårleg idé å drive med motstandstrening i meir bokstaveleg form?

Alle bildene har eg funne på nettet ved å google, og eg anar ikkje kor eg fann dei hen. Ingen av desse bildene er tatt av meg. Men dei var fine og illustrerar godt - sånn i tilfellet nokon lurar :D

6 kommentarer:

  1. Etter denne måten å dele det inn på så bedriver jeg motstandstrening; definitivt! ;-) Fint innlegg!

    SvarSlett
  2. Takk Silja! :)

    SvarSlett
  3. Bra innlegg, Imke.

    For egen del har jeg god erfaring med å kjøre kun basis-øvelser med frivekter hva angår styrke. Når det gjelder det du benevner motstandstrening, er det intet som slår romaskinen. En økt på denne til jeg kjenner spysmaken i munnen forteller meg at det har vært en god økt.

    SvarSlett
  4. Men frivekter er bra. Mykje bedre enn å gjera øvingane på apparat.

    Men sant det, romaskin er glimrande!
    Eg har berre ikkje tilgang til ei slik nå for tida...men eg har brukt den tidlegare i vår.
    Den gir jo virkeleg gjennomgang for heile kroppen.
    Og det virkar som du virkeleg greier å ta i. Bra!

    SvarSlett
  5. Det er jo faktisk sant det du skriver om at slik trening óg er styrketrening. For begge deler er jo motstand-trening. Det har jeg faktisk aldri tenkt over! :)

    SvarSlett
  6. Hello! please contact me...I see my product image on your site and would like to speak with you about MORE product images AND your prospective use in training with VersusFit gear. Thanks, - Darrel Clouse; VersusFit; Katy, Texas 1-832-721-6556; darrel@versusfit.com

    SvarSlett