På grunn av mine helsemessige utfordringar blei ikkje dette noko av, men det gjer ingenting.
Likevel, nå er OL i London i gang, og eg synst det er berre heilt kjempeherleg og inspirerande å sjå på OL på TV!
Det er så artig å følgje med på dei ulike idrettane (over 10.000 deltakar frå 204 nasjonar deltek i 26 forskjellige idrettar, ifølge Wikipedia). Under siste sommar-OL hugsar eg at det var like spennande å følgje med på triatlon og maraton og svømming som på turn, stup, hekk, mellom anna.
Christina Vuicevic. Hekkeløp har aldri vore noko for meg, men du verden så nervepirrande det er å sjå på! |
Spesielt nå sidan eg er midt inne i pakke-, rydde- og flyttesjauen så skal det bli godt å sjå på OL i pausane.
TVen og parabolen er definitivt det siste som skal forlate dette huset!
Sarah Nordentam er også ei jente eg skal følgje med på under OL! Ho svømte seg nettopp til ein femte plass på kvalifiseringa på 400m medley. |
Eg har nok stått i litt for hardt under pakkinga dei siste dagane.
Synstforstyrrelsane slapp ikkje taket.
Så på torsdag la eg igjen ein besjed hos øyelegen min her i Seljord, og jammen ringt dei tilbake nokre timar seinare og tilbød meg time med ein gong.
Om det er vrient å få hjelp frå legesenteret i Seljord, så er det veldig lett å få hjelp hos augelegen her, det er sikkert, for det har eg erfart mange gonger, sidan eg har hatt ein del trøbbel med augo mine dei siste åra.
Heile 1,5t var eg inne. Det blei tatt mange forskjellige bilder, og testar, og eg fekk instruert øvingar eg kunne gjera heime (eg har visst elendig samsyn på nært hold, og dette kan føre til hodepine). Det blei sjekka hornhinner, netthinner, augetrykk og synet og funksjonen av augo, og alt var i orden (og det som måtte observerast framover var det ok å få sjekka ein gong i året, og kva det var, hugsar eg ikkje).
Dessutan fekk eg rådet om å trene augemuskulaturen min - så fann eg ein interessant artikkel i nettutgåva til Fredrikstad Blad, som omhandlar akkurat dette:
Bildet er lånt herifrå. Det er ei øving som eg også skal gjera framover. |
Slike "aura" kjem gjerne i forkant av migrene, men slik hodepine har eg heldigvis ikkje hatt. Eg har riktignok mykje spenningsbetinga hodepine, men migrene treng eg virkeleg ikkje å få på toppen av alt anna.
At det er mange fleire enn meg som har hatt slike forstyrrelsar bekreftar dei tallrike sidene på nettet om dette:
Fredagsmorgon var eg innom fastlegen min.
Han sjekka nakken min også, der det er eit eller anna som har hengt seg opp.
Eg har ein litt forstørra lymfeknute i nakken frå då eg hadde mesling som barn, så denne hender det ofte at han forårsakar trøbbel i nakkemuskulaturen.
Og då responderar resten av muskulaturen, så blir det spenningshodepine og sirkelen er i gang.
Så det er mange greier for tida, eg er rett og slett akutt kjempestressa og skulle ønske eg kunne hoppe over den komande veka...
Så då er det kjempekjekt med OL på TV!
Herleg å sjå på så mangfaldig idrett med så mange forskjellige nasjonar som deltar.
Då kan det godt hende at eg får slappa meir av mellom pakkeøktene.
Det er i alle fall det som er planen.
Eg har til og med kjøpt meg TVblad med ekstra OL-bilag slik at eg kan følgje med og planlegge litt.
Internettet her oppe dett ut heile tida, mobilnettet er overbelasta pga av countryfestivalen.
Michael Phelps kvalifiserte seg nå netopp under 400m medley i dag (fleire bilder her). |
Så eg får blogge. Og lese andres bloggar.
Så får eg bli med på det som skjer rundt meg.
Og får fokuset bort frå kasser og esker og flyttekaos rundt meg.
Me har ingen deltakar til triatlon i OL London, så eg skal ta og heie på svenske Lisa Norden, tenkte eg... |
Eg skal bli så glad når eg har kome meg dit...