Så kva har skjedd sidan?
Trenings- og helsemessig:
Inspirasjonen og motivasjonen er stor, men kroppen er ikkje heilt som den skal.
Psyken er heller ikkje som den skal.
Men eg bryr meg ikkje meir om dette enn at eg tek tida til hjelp og tek imot bedre dagar når dei kjem.
Eg har også brukt innfallsmetoden med stort hell den første veka i 2012:
Eg har tatt på meg dei breiaste turskiene mine og gått ein tur i skogen gjennom sørpe, slush, vatn, på brøytekantar, is og snø;
eg har sykla på føret som eg ikkje trudde det gjekk an å sykle på;
eg har funne nye vegar gjennom skogen;
eg har trent uthaldande muskelstyrke med tung sekk i skogen;
eg har rusla tur med Binna nesten kvar dag.
Med breie turski kan eg både gå på snø og sørpe og slush og... det blei nesten litt vannski også... |
Vintersykling - blir det for bratt må ein berre dytte - sånn er det. |
Ein snarveg gjennom skogen. Litt bratt, men dette blir det god trening av! |
Treningstur i skogen med sekk. Binna ledar an som så ofte. |
Ein pust i bakken for min del - Binna undrar seg fortsatt over dette. Pause? Igjen? |
eg har blitt tatt av vinden/Emil og blitt slengt av sykkelen på blank is med påfølgjande mørbanka kropp;
eg har overstrekt muskelfibrar i min venstre laterale deltoideus-muskel ved å bera ein tung og diger søppelsekk 500m til vegen på ski (med berre venstre arm).
Emil. |
Men i går så kjendest det virkeleg som om kroppen min protesterte sterkt mot det eg hadde gjort mot den dei siste dagane. Det verka noko heilt vanvittig i både beina og armar og skuldrar og mage og nakke og eg visste nesten ikkje kva eg skulle gjera av meg.
Det hjelpte heldigvis å ligge stille på sofaen med varmeflaske og fleire fleeceteppe og putar og ein snorkande labrador i fotenden foran TV.
Min forklaring er at motbakkeskituren på tungt føre på tysdag, kombinert med sykling med 10kg sekk, fallet av sykkelen på isen og ein torsdagstur på flatt og einsformig underlag var rett og slett litt for mykje for kroppen min.
I dag kjennest det bedre.
Og heldigvis så er kroppen min sjeldan langsint og sur. Den tilgir fort.
Men sjølv om sola skin ute i dag, og det lysar i snøen på dei kringliggjande toppane skal eg venta til helga med fleire sprell.
I morgo er det meldt meir snø og den treng me virkeleg. Ikkje minst for at det skal vera mindre hardt å ramle av sykkelen for sånne sprø vintersyklistar som meg, som i rein stahet skal vise at det også går an å sykle på snø og is med "vanlege" dekk, berre ein er forsiktig (noko som stemmar også, så lenge ikkje Emil er ute etter å blåse meg av sykkelsetet).
God helg!
Halvor, dette vil forbli ein hemmelighet og kjem ikkje til å bli avslørt her på denne bloggen ;)
SvarSlettImke jeg føler meg litt som deg for tiden; fysikken og psyklen ikke helt som den skal. Det hjelper ikke å trene en gang, lurer på om jeg er bare sliten og må kanskje revurdere mine treningsplaner for iår. Uansett så har du trent masse, så det kan ikke være så dårlig med deg. Håper været og underlage blir bedre , mer passende til både løping og sykling :)
SvarSlettJa Ania, eg har også opplevd at det ikkje alltid hjelpar å trene når eg er veldig sliten og deppa. Men eg prøvar alltid, for dette er jo vanskeleg å vite på førehand.
SvarSlettHeldigvis så har eg Binna, så sjølv om eg ikkje har lyst til å trene/mosjonere, så tek eg i alle fall ein luftetur med henne. Og det har aldri skada så langt.
Ja kanskje er du berre sliten? Det går jo an å ta det rolegare ei stund, og sjå om du blir bedre? Nå har me jo kome gjennom den mørkaste tida, så kanskje me lyset kjem også energien tilbake.
Det håpar eg i alle fall på.
Og når det gjeld treningsplanar så er det jo ingen som krev av deg at du skal gjennomføre dei?
Eg lagar meg gjerne masse planar, så gjennomfører eg det som passar, rundt 50-75% kanskje.Eg er blitt litt snillare med meg på akkurat det.
Trening og mosjon skal jo GJE energi, ikkje ta den :)