Ellers så har eg tatt ein liten treningspause.
Eg blir jo så frustrert over dette muskelpanseret eg ber med meg, og som hindrar pusten på ein måte at det ikkje er moro å springe ute i det heile tatt.
Så då har eg heller trent litt meir snowboardteknikk (dette er jo så fantastisk moro - og litt trening blir det jo faktisk, sidan eg køyrer på eit jorde her i nærheten, og tråkkar gjennom snøen opp att), og rusla tur med Binna.
Dette er på Raudkleiv. Mens Anne Ingvild tok heile tre rundar på ski i lysløypa, leika eg meg i bakken. |
Eg merkar at eg manglar litt mål når det gjeld styrketrening.
Det blir meir plikt enn moro.
Sjølv om eg skriv treningsdagbok ganske nøye, med vekt og antall repetisjonar, og dermed kan følgje med på min eigen framgang, så er treninga allikevel litt prega av "vedlikehald".
Muskelmasse skal eg ha. Så er det praktisk med litt styrke. Det ser også bra ut med ein veltrent muskuløs kropp. Det har god effekt på triatlontreninga mi. Det er kult å vera litt sterk. Det kjennest godt også.
Så det er mange fordelar.
For nokre år tilbake, då eg las litt om dei forskjellige styrketreningsøvingar på nettet, kom eg over denne sida:
Den gongen dreiv eg ikkje med noko målretta styrketrening, berre rein løping og litt sykling.
Eg blei heilt satt ut av tittelen. Heile hundre push-ups?
Er det mogleg?
For folk flest?
Hæ?
Eg elskar jo slike sprø utfordringar, så eg tok og printa ut det vesle heftet med seksvekers-programmet. Sat i gang. Det varte i éi veke.
Så blei det rett og slett litt for mykje/ofte for meg.
Du skal gjennomføre 3-4 repetisjonar tre dagar i veka.
Ja, eg skjønner det skal litt innsats til for å klare å koma opp til 100 push-ups. Spesielt frå eit magert utgangspunkt. Denne gongen så greidde eg meg opp til 10-14 push-ups, trur eg.
Så har eg aldri trent push-ups meir.
Eg synst push-ups krever ein innsats og ein styrke som eg rett og slett ikkje alltid greier å produsere.
Så då eg testa meg for ei veke sida, så klarte eg heile to (2!) push-ups. Så vidt.
Huff huff.
Men men, her er jo forbedringspotensiale stort, ikkje sant?
Så for andre gong, så har eg tatt og printa ut det vesle heftet.
Og for å vera på den sikre sida, så har eg også printa ut programmet for
- 200 knebøy
- 50 triceps dips
- 200 situps
Sånn, då er det formelle på plass ;) |
Viktig med god musikk når ein trenar styrke. |