Eg har ikkje trent noko sidan 4.juli.
Ein skal vera forsiktig med å starte igjen.
Men det er jo vanskeleg?
Eg kan godt la vera å løpe ei veke til, viss det er fornuftig.
Sjølv om beina mine kjendest sterke og gode når eg er ute og ruslar tur med Binna i bakkane her.
Eg vil ikkje ta noko sjansar.
På tysdagskveld så hadde eg bestilt massasje av nakke og skuldrer, som blei utført av ein svært dyktig fysioterapeut med idrettsbakgrunn.
Det viste seg at ein del små muskelknutar mellom skulderbladene hadde greidd å overleve sidan Ironman, men dei blei snart løyst opp av dyktige hender.
Det blir sagt at ein dei første vekene etter gjennomført Ironman kan svømme litt roleg, og sykle veldig lett, med høg kadens og ved låg intensitet.
Og det passar meg bra. ChiCqilo'n er flytta inn i stoga igjen, og har blitt påmontert nytt sete.
Den ventar på å bli brukt.
Kanskje blir det littegrann spinning i løpet av helga.
ChiCqilo har fått nytt sete. Men å ta bilde med mobilkamera midt i sola ber om duse fargar... Så dette er ikkje siste fototermin. Når sykkelen først er rosa, skal det synast!!
På onsdag derimot, så lokka lukten av neopren meg ut igjen.
Våtdrakta mi, som likeeins med temposykkelen ikkje har fått den Ironmanerfaringa den hadde håpa på, ville gjerne ut i vatn.
Og det ville eg au.
Onsdag hadde eg fri, og det var endeleg varmt, og sol, og vind, og bølgjer.
Seljordsvatnet frista. Bjørgesanden frista.
Det blei eit par tre rundar med svømming langsmed stranda.
Samanlagt tid i vatn: 30min.
Netto svømmetid: 20min?
Eg blei kjempeglad av den vesle svømmeturen min på onsdag. Vatnet kjendest rett og slett deileg. Til og med bølgjene også.
Bølgjene var såpass store at det var morsamt å ligge på ryggen og flyte med føtane opp mot bølgene.Vanntemperaturen var veldig bra til Seljordsvatn å vera.
Hurra! Bølgjer er faktisk moro! I alle fall når ein kan svømme "langsmed" bølgjene, og ikkje imot...
På grunn av "pålandsvinden", altså direkte mot Seljord, så antar eg at det varme og lette overflatevatnet har blitt pressa vekk frå Bø-enden av vatnet inn mot Seljord.Etter 20min svømming så kjendest vatnet til og med varmare enn lufta.
Bølgjer mot land. Dette er god musikk i øyro mine. Og balsam for sjela. Og ganske varmt var vatnet også...
Herleg var det.
Herleg herleg.
Sommar er deileg.
Og Triatlon er moro.
Godt at eg fann ut om dette.
Ja svømming ute er herlig. Triatlon er fantastisk :)
SvarSlett