5. april 2014

Tolmodighet!?

er ein dyd. Som eg ikkje har.
Definitivt ikkje!
Eg er utolmodig!!!!!
Nå når kneet er faktisk ganske brukbart igjen til tur og trening og diverse andre sprell (kanskje bortsett frå å vera samanklemt i sofaen over lengre tid), så har treningsmotivasjonen fullstendig tatt over og fortrengt fornuften.
Her kjem det eit lite tilbakeblikk:

Onsdag, 26. mars 2014
Dagen etter den fantastiske toppturen i sola på 820 m.o.h. følgte ein gråvêrsdag, med sterk sur vind og litt regn i lufta. Men - eg skulle ut og løpe.
Sa hodet mitt.
Kroppen min ville visst ikkje, men den blei ikkje høyrt.
På med treningstøy og så sykla eg ned til idrettsbanen.

Men - det blåste jo nå så forferdeleg!?
Og bråtebrenning med sur røyk i nærheten?
Niks.
Eg sat meg på sykkelen igjen og fortsatte oppvarmingssyklinga ein annan stad.
Heile tida håpa eg på å treffe kjentfolk for å finne eit påskudd til å "skulke" løpinga.
Sykling. Gråvêr. Dårleg humør.
Men nei da, 20min i sikksakk og åttetalls inn og ut av sentrum, ingen kjentfolk å sjå, og rart var det ikkje, for som sagt, det var utruleg grått og kaldt og surt, og ingen var vel ute frivillig bortsett frå meg.
Så tok eg til fornuft.
Eg tok og handla.

Men likevel - humøret var fullstendig på botnen.
På veg heim, så bestemte eg meg for at eg ikkje kunne dra rett heim etter slik "nederlag", men valgte meg den vesle grustreningsmotbakken i nærheten, for å løpe nokre korte intervall.
For å roe ned stressa nerver.
Bakken tek det 42-45sekund å løpe opp.
Kneet er som sagt i orden igjen til å løpe med, men kondisen er nok ikkje heilt i orden igjen.
Men sta var eg jo.
Og sur.
Like sur som vêret den dagen.
Først blei det fem intervall.
Så 10.
Utsikt frå treningsbakke mot Hattefjell, og så teikna eg inn sånn ca vegen opp til Hattefjell,
Så det var fin utsikt til tross for gråvêret!
Fortsatt var eg like surt som nordavinden.
Ved intervall 12 ca, kjente eg at eg begynte å bli litt fornøydd.
Tok eit intervall til og så eit til og så eit til.
15 er jo eit fint rundt tall.
Så det blei ei solid motbakkeintervalløkt på 40min.
Noko som eg skulle koma til å kjenne godt dagen derpå.

Det viste seg nemleg at sidan kondisen ikkje er på topp enda, og beina kanskje heller ikkje, så løp eg visstnok med ryggen. Og nakken, og skuldrene, og armane.
For du verden så støl eg blei dagen etterpå!

Torsdag, 27. mars 2014
Forferdeleg støl!
Ikkje i beina, men i nakken. Og øvre rygg.
Og sitte på ein stol og sjå til side var heilt umogleg.
Då måtte eg ta hendene til hjelp og vri hodet til sides.
Hm.
Kva skulle eg gjera?
Eg veit frå tidlegare erfaring at tøying, om enn så forsiktig, gjer saka gjerne verre.
Så tusla eg ein tur med Lukas, det fekk blodsirkulasjonen i gang, og hjelpte litt.

Så kom eg på at eg hadde lyst til å svømme.
Og sidan det var ein av dei siste dagane svømmebassenget var ope for denne vintersesongen her, så tok eg meg faktisk ein tur i svømmehallen.
Eg skulle svømme roleg.
Sånn ca 500m. Samanhengande, for da veit eg at eg svømmer roleg og avslappa.
Etter 7 banar kom eg litt ut av tellinga.
Så telte eg berre baner og tenkte ved nr 13 at eg nå bruka eg vanvittig lang tid på desse 500m, men jaja, kondisen er jo ikkje den beste, ikkje sant?
Så kom eg på at eg hadde telt dobbeltbaner. Og kor mykje blir 20x50m?
Jaaa da.
Så svømte eg altså 1000m istadenfor 500m, og det gjekk jo fint, eg kosa meg virkeleg, og slappa av og bruke litt over 21m, noko som er heilt innanfor det eg pleier å bruke.

For å sette ein ekstra spiss på moroa, prøva eg å dykke gjennom bassenget på langs.
Det er altså 25m.
Det gjekk også fint.
Hurra!
Da var virkeleg humøret på topp.

Eg sykla heim med godt humør, og super inspirert og motivert til vidare trening.
Men skuldrene mine var ikkje einig.
Nakken protesterte.
Ryggen stivna.
Huff.

Fredag, 28.mars 2014
Dagen derpå blei det derfor berre rusletur med Lukas. Og handletur på sykkel. Er jo ikkje lite det heller.
Var fortsatt stiv og støl i ryggen, så svømminga hadde nok ikkje hjelpt noko spesielt.

Laurdag, 29. mars 2014
Fortsatt vondt i ryggen.
Men det var altfor fint vêr, så da måtte eg i skogen.
Og sidan eg har planar om å besøke broren min som er ivrig klatrar, så tenkte eg å prøve ut gamle kunstar.
Nei, det blei ikkje mykje klatring men mest "buldring" og pussing av fjellveggen som var dekka av masse mose og lav og blåbærbusker, og tedrikking, og nistespising, og soling.

Sundag, 30. mars 2014 
Natt til sundag vakna eg av noko heilt forferdeleg vondt i ryggen, som endte med at eg gjekk rundt i leiligheten fordi det var heilt umogleg å finne ei liggestilling i senga der det ikkje gjorde vondt.
Eg la meg litt på golvet.
Uansett korleis eg prøva, ryggen var utruleg vond!
Etter ei stund la eg meg i senga att, og ved hjelp av mange putar som støtte og i ei slags stabilt sideleie fann eg ei stilling der eg til slutt sovna.

Dermed blei sundagen tilbrakt i ein slags halvkomatøs tilstand prega av søvnmangel og ryggsmertar.
Men med den knallblå himmel og den fine sola måtte eg jo koma meg ut, ikkje sant?
Dessutan var det verre å sitte i ro. Eller ligge. Eller stå.
Alt var vondt.
Men det var litt bedre å gå.
Så det blei ein laaang søndagstur med Lukas.
Med mange pausar i diverse solveggar.

Måndag, 31. mars 2014
Eg sov heldigvis gjennom natta, men rygg og nakka var fortsatt vondt.
Fysioterapeuten blei ringt, men han sleit med lungebetennelse.
Eg kunne ba betalt 1000vis av kroner for ein massasje, viss det ikkje var for tom lommebok.
Så kva gjer eg istadenfor?
Ja da, eg løper meg ein tur!

Fast bestemt på at vondt skal vondt fordrive.
Det var igjen sola som lokka meg ut.
Lukas blei inne og venta på kveldstur.
Eg jogga meg ein tur, og var til og med flink til å jogge, og ikkje løpe.
Under 10km/t. Bra.
Mest på flata.
Gjekk i bakkar.
Tok bilder.
Kosa meg.
Eg fekk i alle fall opp humøret!

Tysdag, 1. april 2014
Endeleg ein dag der eg heldt meg i ro.
Var litt støl i låra, som forventa, men ryggen var likeeins.
Verken bedre eller verre. Jaja.

Onsdag, 2. april 2014
Var det igjen superfin vårstemning ute.
Eg kunne gjerne ha sykla meg ein tur, men DET skjønner eg er ikkje noko godt for ein vond og støl rygg.
Så eg tok til fornuft og berre rusla ein tur med Lukas.
Nå seier eg "rusle", og meiner det.
Eg er nemleg faktisk flink til å rusle.
Men sidan me har mange bratte bakker her i skogen, så er det alltid ein eller annan form for motbakke som skal klivast opp, og eg er ikkje god til å ta slike motbakkar med ro.

Torsdag, 3. aprils 2014
Den dagen var det igjen sol og blå himmel.
Ryggen er litt mindre vondt, nå kjenner eg også at det begrenser seg til ein liten plass bak skulderbladet som knyter seg (rhomboideus-muskelen nemleg, ein gamal kjenning av meg og fysioterapeuten).
Bevegelse hjelpar.
Eg har lyst til å løpe, men skjønner at eg kanskje ikkje burde "jogge vekk" ein vond rygg, men ta ein pause.
Men det er jo så fint vêr??
Det blei igjen tur i skogen med Lukas med masse soling inntil ein hyttevegg.
Dette er ikkje snøklokker. Det er klosterklokker :) Fine!!!
Fredag, 4. april 2014
I går.
Ryggen er faktisk fortsatt vondt, og fysioterapeuten min er fortsatt sjuk, og eg er fortsatt overmotivert til trening. Det er igjen knallvêr, og eg vurderar å dra til fjells (hallo??? Når melder fornuften seg igjen? Gå tur i bratte bakkar med tung sekk, sikkert lurt for ein rygg som har krangla i over ei veke, jaaaada).

Men så tek eg heller med meg Lukas og tuslar ned til kaféen vår for å vera sosial, møte venner og bekjente og la Lukas få masse kos som han likar så godt.
Og tusla heim.
Då eg kom heim kjendest det som om nokon slo ein spikar inni hodet mitt. Med hammar.
Hm. Sånn i tinningen.
Og eg blei kvalm. Og tom.
Heilt tom.
Og ingenting av søtsaker/godteri/sjokolade/raske karbosaker i huset.
Og eg hadde da ete rundstykker på kaféen, og ete godt med frukost?
Det endte med at eg tok sykkelen og handla, bruka mine siste pengar på Jaffa Cakes, potetgull og tre variantar av lettfordøyeleg, kaloririke middager (kyllingpinner, fiskegrateng og fiskekaker - alt saman ikkje spesielt sunt, men magevennleg og noko som går ned også når eg er kvalm).
Meir vårsteming!
I dag...
Så skal helga brukast til å fylle tomme lager.
Og puste med magen.
La ryggen koma til ro (eller kva det nå er som skal til!).
Heldigvis er det gråvêr i dag, då fristar det ikkje med våryre sprell.
Dessutan er eg svimmel idag.

Ja, eg skjønner at eg manglar tolmodighet.
Har alltid hatt lite av denne.
Eg har også ein tendens til å bruke opp energien eg har.
Energi og pengar er til for å brukast, liksom.
Ikkje sårleg lurt på lang sikt altså.

Eg kjenner alt nå kor vanskeleg det blir å halde meg i ro.
For det kan jo hende at hjelper å løpe ein liten tur, ikkje sant?
Eg har så lyst.
Men me får sjå.
Eg burde vel halde Lukas med selskap her :)

28. mars 2014

Årets første topptur

Eg har tenkt at  - nei vent litt, eg tenkte ikkje så mykje i det heile tatt.
Eg vakna veldig tidleg på tysdagsmorgon (kl.5.30!?!) og var definitivt ikkje utkvilt.

Så eg prøva å lese fag, men eg greidde ikkje å konsentrere meg.
Ute var det kjempefint vêr.
Blå himmel og sol.
Og eg sat inne og blei meir og meir trøtt.

Då var det gjort, eg tok fram tursekken og turutstyr, smurde niste og laga te, pakka ekstra overtrekksbukse, dunjakke (faktisk), sjekka vêret på yr (kor kaldt er det eigentleg på 800m.o.h i dag?) og kom meg avgarde.
Klokka var berre 10.30.
Det trur eg er ny rekord for meg.
Eg er jo ikkje noko morgofugl i det heile tatt.

Men - eg var ute og gjekk.
Skulle til Hattefjell, yndlingsfjelltoppen min.
Den er synleg frå der eg bur, og det tek berre 15min å gå dit der stien opp til toppen startar.
Midt i sesongen, når eg prøvar å løpe opp, greier eg stien på 40min, ved å veksle mellom å gå og å løpe.
Det er nemleg bratt.
Ingen skare for glatt, ingen bakke for bratt - for Lukas!
I starten er det grusveg og ikkje sti, og den ligg i skogen, og det var som eg hadde rykta: det låg fortsatt snø der. Skare, nærmare sagt. Hardt og glatt og bratt.
Eg sank nesten ikkje nedi.
Men det gjekk, det var nokre gamle skuter- aller ATV-spor der, så litt feste fekk eg jo.
Lukas med sine klør hadde godt feste.
Lenger opp kom vegen litt meir i sola, og då var det øvste laget litt tina, og det gjekk greitt å gå. Eg måtte berre ta og sparke spor i den bratte bakken.
Det blei fin utsikt undervegs også.
Eg lurte på korleis i all verden eg skulle koma ned att - når det er så bratt og glatt på veg opp?
Eg ønska meg fakisk stegjern - det hadde nok blitt enklare å gå kanskje?
Skareføre.
Eg lurte også på korleis det ville gå med kneet mitt - det har jo virkeleg spela på lag i det siste.
Men over ein time ned att på ein bratt, isete sti?

Eg bruka nokså lang tid, men med litt tung sekk og det isete føre var det ikkje anna å vente.
Fram til kl.12 skulle eg gå, og så sjå an kor langt eg hadde kome da, og om eg skulle gjera "framstøytet" mot toppen eller ikkje (den siste delen av stien er veldig bratt og ligg godt gøymt i bratt kratt og skog).
Herifrå var det først berre dyrespor.
Først så fann eg ikkje stien i det heile tatt.
Det såg utruleg annleis ut med så mykje snø.
Så fann eg spor.
Dei var digre.
Var det elg eller folk, tru?
Men så blei dei borte.
Eg gjekk litt i det som eg trudde var riktig retning.
Og så fann eg spora igjen, og valgte å følge dei.
Elgen er jo smart og går gjerne på stiar der folk går, og uansett var det lettare å gå der nokon hadde gått før.
Det siste stykket opp til toppen er ganske bratt.
Og stien er bortgøymt under snøen.
Men eg fann den til slutt!
Lukas tek alt med knasande ro og kosar seg.
Og endeleg kjente eg meg igjen.
Entusiasmen blei større og større, for nå blei eg ganske sikker på at eg ville greie å koma meg til toppen.
Og dit kom eg meg!
Lukas gjekk lykkeleg foran, endeleg fri frå band og lenker, med fjelluft i nesa og flagrande øyra.
For som vanleg, så blåste det ganske friskt på toppen.
Lukas kosar seg på den forblåste Hattefjelltoppen!
Det er alltid like moro å kome fram. Utsikten er herleg, og det er ein fantastisk morsam følelse å greie noko som ein ikkje var heilt sikker på i utgangspunktet.
Hattefjell ligg på 820m.o.h., og fjelltoppane rundt omkring er på 1369 og litt over 1000m.o.h. og ein får kjempefin utsikt mot Lifjell og fjellene i Vrådal.
Utsikt mot fjellene i Vrådal.
Utsikt mot Lifjell og ned til Seljord og Seljordsvatnet.
Utsikt mot Skorve (1369m.o.h.)
Eg var kjempeglad for at eg hadde tatt med nok med klær. Vindjakke, Dunjakke, overtrekksbukse,varm lue, ullvotter, ekstra varm buff...Det kom godt med.
Teen smakte også ekstra godt.

Eg pleier ikkje å ha sukker i teen, men på fjelltur kan litt ekstra energi koma godt med, så eg hadde faktisk bruke sukkerbitar oppi termosen, og det smakte ekstra godt.
Kan hende det var den fine utsikten og den friske fjellufta også, men likevel - det smakte herleg!
Heldigvis hadde eg hugsa å ta med godbitar til Lukas også, så han blei også fornøydd.
Eg er opptatt av å ta bilder, mens Lukas er berre opptatt av godbitar.
Eg har aldri vore på Hattejell så tidleg som i mars før, eg startar liksom ikkje sesongen før all snøen er borte, i april-mai.
Men det lønte seg, absolutt å prøve.
For ei lykke!
Lykke på Hattefjell!
Likevel så var eg visst ikkje den første, etter turboka å dømme.
Men eg var i alle fall årets første kvinne på Hattefjell i år.
Og Lukas var årets første hund på Hattfjell.
Ikkje verst det!

24. mars 2014

Nesten 30km og nesten 60km/t

Jaaaa...
Eg sykla meg altså ein tur i dag, og hadde som mål rundt tre mil, eller 1,5t.
Det var ikkje sååå nøye altså, fordi eg brukar riktignok ein treningsplan, men eg hadde då eigentleg valget mellom å ta igjen sundagens sykkeltur på 30km (eller eigentleg helst 40km) eller droppe denne og begynne friskt på denne vekas første sykkeløkt som er planlagt med 40min.
Det var solskinn i dag, så eg bestemte meg fort for 30km.

Og viss ikkje, så var det ikkje så farleg.
Eg hadde nemleg hoppa elegant over lunsjen, og starta derfor kl.14:30 med tom mage, som romla i protest!
Eg putta ei halvfrosen toastskive i baklomma på sykkeljakka, bytta vatnet ut med sportsdrikke og fann ein powerbargel som kunne tene som "nødmat".

Men sportsdrikken gjorde susen, og solskinnet også, dessutan var eg skikkeleg i beit for å sortere noko tankar i hovudet, så den første halvtimen gjekk fint på berre sportsdrikke.
Så hadde toastskiva tina, og den gjorde godt å få i meg.
Kven skulle trudd det, toastskive utan pålegg?
Smakte godt for meg :D

Intensiteten skulle liksom vera "moderat" og det er nok nesten slik det blir uansett i Vest-Telemark. Her er det bakkar. Også langs vatnet. Det går opp og ned.
Eg tok motbakkane med ro, men susa ned full fart i nedoverbakke.

Eg har ikkje sykkelcomputer på den nye sykkelen, så eg registrerar distanse og fart med GPS og App, anten Sports-tracker eller Endomondo.
Så då eg kom heim, såg eg at eg hadde sykla 29,37km.
Hmmmmmmm.
Kanskje må eg skaffe meg ein sykkelcomputer?
Hadde ikkje eg då alt vore innanfor døra og hilst på Lukas, hadde eg tatt meg ein ekstra runde for å runde tre mil.
Virkeleg! Eller ikkje tatt den vesle snarvegen som eg tok (som er kortare men brattare).
Hmpf.
Men det er jo nesten 30km, ikkje sant?

Så såg eg på maks-fart: 59km/t.
Er det muuuleg? Nesten 60km/t.

Kunne det ikkje ha vore 60km/t da?
Det hadde jo vore mykje artigare.
Men men.
Neste gong.
"The need for speed", den sluttar aldri.
Eg har i alle fall kosa meg, kom inn etter 1t31min20sek, så DER låg eg i alle fall godt innanfor målet.
Lukas krever oppmerksamhet når eg kjem heim!
Og han elskar at eg legg meg på golvet for å strekke ryggen etter syklinga!
Då skal han også strekke ryggen og ha magekos i tillegg!
Låra er faktisk litt slitne nå, så Lukas stakkars må smøre seg med tolmodighet før me ruslar ut ein tur.
Og for ein matlyst eg har fått etter halvannan time i frisk luft og solskinn.
Det gav meirsmak!
Og så må eg vel ut og lufte go'gutten snart...
Kven kan nå motstå dette blikket???