25. januar 2012

100 push-ups????

Nå kjenner eg at sakte men sikkert så slepper musklane i rygg og nakke, og mellomgulvet slappar av igjen. I dag har eg legetime så då skal eg diskutere med legen min vegen vidare framover.

Ellers så har eg tatt ein liten treningspause.
Eg blir jo så frustrert over dette muskelpanseret eg ber med meg, og som hindrar pusten på ein måte at det ikkje er moro å springe ute i det heile tatt.
Så då har eg  heller trent litt meir snowboardteknikk (dette er jo så fantastisk moro - og litt trening blir det jo faktisk, sidan eg køyrer på eit jorde her i nærheten, og tråkkar gjennom snøen opp att), og rusla tur med Binna.
Binna er med når eg står på brett. Ho spring ned bakken, og  gjeng opp att saman med meg. Ho synst faktisk at det er moro og begynner å bjeffe når eg somlar litt med bindingane på toppen av bakken. Herlege Binna :)
Dette er på Raudkleiv.
Mens Anne Ingvild tok heile tre rundar på ski i lysløypa, leika eg meg i bakken. 
Det har heller ikkje blitt noko styrketrening den siste veka.
Eg merkar at eg manglar litt mål når det gjeld styrketrening.
Det blir meir plikt enn moro.
Sjølv om eg skriv treningsdagbok ganske nøye, med vekt og antall repetisjonar, og dermed kan følgje med på min eigen framgang, så er treninga allikevel litt prega av "vedlikehald".

Muskelmasse skal eg ha. Så er det praktisk med litt styrke. Det ser også bra ut med ein veltrent muskuløs kropp. Det har god effekt på triatlontreninga mi. Det er kult å vera litt sterk. Det kjennest godt også.
Så det er mange fordelar.

For nokre år tilbake, då eg las litt om dei forskjellige styrketreningsøvingar på nettet, kom eg over denne sida:

Den gongen dreiv eg ikkje med noko målretta styrketrening, berre rein løping og litt sykling.
Eg blei heilt satt ut av tittelen. Heile hundre push-ups?
Er det mogleg?
For folk flest?
Hæ?
Eg elskar jo slike sprø utfordringar, så eg tok og printa ut det vesle heftet med seksvekers-programmet. Sat i gang. Det varte i éi veke.
Så blei det rett og slett litt for mykje/ofte for meg.
Du skal gjennomføre 3-4 repetisjonar tre dagar i veka.

Ja, eg skjønner det skal litt innsats til for å klare å koma opp til 100 push-ups. Spesielt frå eit magert utgangspunkt. Denne gongen så greidde eg meg opp til 10-14 push-ups, trur eg.
Så har eg aldri trent push-ups meir.
Eg synst push-ups krever ein innsats og ein styrke som eg rett og slett ikkje alltid greier å produsere.

Så då eg testa meg for ei veke sida, så klarte eg heile to (2!) push-ups. Så vidt.
Huff huff.
Men men, her er jo forbedringspotensiale stort, ikkje sant?
Så for andre gong, så har eg tatt og printa ut det vesle heftet.
Og for å vera på den sikre sida, så har eg også printa ut programmet for
- 200 knebøy
- 50 triceps dips
- 200 situps
Sånn, då er det formelle på plass ;)
Så når eg ikkje trenar styrke, så kan desse øvingane kanskje vera eit alternativ?

Viktig med god musikk når ein trenar styrke.

19. januar 2012

Årets første bad (ute)

Pusten er fortsatt ikkje tilbake.
I tillegg vakna eg i natt kl.4 og fekk ikkje sova att ordentleg.
Eg trur kanskje det blei noko smådøsing fram til eg skulle stå opp.
Mareritt, grubling, og ein uroleg kropp.

Derfor var det eigentleg heilt greitt at vekas torsdagstur for ein gongs skyld ikkje bestod av ein tur, men av eit opphald i ei utandørs badstoge.
Og ikkje kva som helst badstoge, men Sauna Vebekkdalen som er ein del av kunstprosjektet "Into the Landscape" rundt Seljordsvatnet.

Gruppa vår delte seg i to i dag.
Nokon hadde meir lyst til å gå ein tur, mens andre føretrekte badstoge.
Eg høyrde til dei sistnevnde.
Det hadde blitt fyrt opp i badstogas ovnen alt tidlegare i dag, så då me kom dit var det alt littegrann varmt.

Sauna Vebekksdalen - badstoga langs Seljordsvatnet -
bildet er tatt frå www.intothelandscape.no
Og med medbrakt ved og bøttevis med vatn var det ikkje lenge før temperaturen nærma seg 40 og 50, og noko over 50 gradar. Sånn ca.
Konstruksjonen til denne badstoga er litt spesiell, golvet er nemleg ope, og består av eit spaltegolv av tre, slik som det finst i ein del saue- og geitefjøs.

Me var fire stykke inne i badstoga, og tre av oss var ute og bada/plaska/plumpa i Seljordsvatnet heile tre gonger kvar. Og nydeleg var det!
Det hadde eg aldri trudd.
Eg som er slik frysepinne.
Mitt første bad. Bildene er limt saman av ein videosnutt som blei tatt.
Men det blei litt dugg på kameraet. Ikkje så dumt, då  ser det jo enda kaldare/tøffare ut :D
Og dukkerten var faktisk veldig forfriskande!
Berre isflaka i vatnet var litt skarpe.
Dette er isen på Seljordsvatnet sett frå undersida.
Pentax-kameraet mitt blei ekstatisk av denne  utfordringa. Kjekt med vanntett kamera!
Vatnet kjendest eigentleg ikkje så kaldt.
Det var berre føtane som fraus litt etterpå.
Og dei blei fort varme att inne i badstoga.

Dette gjorde godt for ein støl og sliten kropp og tynnslitte nervar.
Reine balsam!
Akkurat det eg trengte i dag.
Pusten har riktignok ikkje latt seg lokke tilbake med det same, men mellomgolvet fekk seg noko god trening mens eg tok ein dukkert i det iskalde vatnet.
Badeplassen vår. Me høgg hol i isen med øks.
Neste gong blir det større og lengre og djupare badeplass, det har me bestemt oss for alt nå!
Og for ein god følelse ein får i kroppen etterpå!
Nå skal eg jammen hugse på å ta meg ein tur i badstoga ned i svømmehallen her snart.
Det er jo så godt med varme nå på vinteren.
Og det gjer godt for stive musklar og eit slitent hovud...
Hovudet var litt mindre slitent etter fleire timar i badstoga...

18. januar 2012

Eg vil ha pusten min tilbake...

Den siste veka løp eg heile tre gonger.
Så ofte har eg ikkje løpt på mange månader.
Så har eg tatt to økter på snowboard (utan heis, dvs køyre ned bakken, GÅ opp att).
Dessutan har eg handla med stor sekk, og bore den 15kg sekken heim att (og eg skal ikkje ein gong til skrive kor mange høgdemeter det er, kor bratt bakken er - det er bratt).
Eg har gått tur med Binna kvar dag, om enn berre rusleturar.
Eg har hatt éin fellestur på torsdag der me gjekk lenge, om ikkje så langt.

På måndagen denne veka hadde eg ei avtale som eg grua meg til.
Eg grua meg faktisk så mykje at øvre rygg og nakke og spesielt mellomgulvet låste seg.
Pusten blei borte.
Mellomgolvet nektar å samarbeide, og dei auksiliære respirasjonsmusklene mine tok over jobben for det. Derfor låste øvre rygg og nakken seg.
Musklane der kjennest ikkje lenger elastisk, men som ein plastisk masse, modell-leireaktig.
På veg heim att frå møtet på mandag som eg hadde grua meg til i to dagar.
Overstått var det, men eg blei heilt ekstremt  utslitt av det. Utredning er krevande...
Huff det der er ikkje godt når musklane er støle utan grunn!
Og det er skikkeleg kjedeleg å ikkje kunne puste djupt og godt.
Eg blir så frustrert. Og det gjer det jo verre, for ved å undertrykke frustrasjonen min (det hjelper jo ikkje å vera frustrert, så då nektar eg liksom å vera det, og latar som ingenting...) så spenner eg enda fleire musklar.

Dette har eg fått behandling for sidan hausten 2007 gjennom psykomotorisk fysioterapi.
Den svært dyktige fysioterapeuten min har lært meg nokre avspenningsmetodar, og jobba med musklane mine i nakke, skuldrane og øvre rygg og fått meir "orden" i systemet.

Men sjølv om eg meir enn gjerne skulle hatt ein akuttime nå, så veit eg også av erfaring, at det ikkje nyttar å motarbeide spenningsnivået i kroppen utanfrå.
Når det har vore som verst, har fysioterapeuten tidlegare gjennom ein times behandling greidd å mjukne opp musklane mine og fått meg til å puste godt igjen, men etter endt time så har musklane som regel spent seg igjen etter berre få minutter, vanlegvis alt mens me sat og avtalde neste time.

Spenningsnivået varierar gjennom dagen og vekene, i ulik grad, og skal faktisk gjera det.
Fysioterapi gir lindring der og då.
Men å "bryte opp" denne aktuelle muskelspenninga ved hjelp av tøying gjer det heile verre.
Så trening hjelpar dessverre ikkje så mykje heller.

Det var som verst søndagsvkeld og heile måndagen.
I går, på tysdag, kjendte eg littegrann mjukare musklar på kvelden, og fekk til nokre gode djupe innpust med deileg gjesping...etter å ha tilbrakt to timar på sofaen under eit par varme teppe.

I dag så er det likeeins som i går.
Så eg har ikkje trent nokonting denne veka enno, og skal heller prøve avspenning.
Eg har riktignok sykla ned til sentrumet og opp att både i går og i dag, av praktiske grunnar, og det var deileg, for når eg blir så andpusten som eg blir på glatt føre i bratte bakkar, so kjenner eg jo ikkje dårleg pust. Pusten går jo ganske fort då uansett..

Så nå får eg berre ta tida til hjelp, så kjedeleg som det enn er....