16. januar 2014

Det du ikkje veit har du kanskje ikkje godt av

Nå har eg snudd opp ned og rundt på ordtaket at eg omtrent ikkje lenger hugsar korleis det eigentleg høyrest ut vanlegvis.
Men saka er: i går så var det noko eg ikkje visste, ikkje hadde forstilt meg, og det hadde eg i alle fall ikkje godt av!

Eg skulle ut på luftetur med Lukas, og fann ut at eg likegreitt kunne løpe i staden for å gå.
Tida for broddar er eigentleg over, sidan all isen hadde smelta bort, og det det nå har kome eit solid lag med deileg, fluffy snø.
Trudde eg.

Det var lenge sida at eg hadde gått ned eller opp den såkalla "kjærlighetsstien" her.
Den går rett bak ein liten bakketopp, og ligg i skogen, og er ganske bratt.
Og ganske steinete.
Morsamt å sykle ned.
Tungt å løpe opp.
Utfordrande å løpe ned.

I går så skulle eg løpe ned denne, og så ta ein liten runde rundt i sentrum, kanskje i 45 minutt.
Men så langt kom eg dessverre ikkje.
Eg småjogga ned stien på denne deilege snøen som ga god grep.
Lukas var super lykkeleg og løp foran meg att og fram og frå side til side for å få med seg luktene på begge sider av stien.

Det var då det skjedde: det dukka opp eit glatt islag under snøen, dvs eg kjente at eg glapp, men sidan eg ikkje ville sleppe Lukas, så mista eg fotfestet fullstendig og ramla.
Framover. 
Med høgre kneet først, mens høgre fot befann seg sånn til høgre.
Så mykje sidelengs bevegelighet skal ikkje kneleddet ha.
Denne stabiliteten er det to leddband som sørgjer for:
Det laterale sidebandet (på yttersida av kneet) og det mediale (på "innsida" av kneet).


Og der eg sklei framover kjente eg korleis det hogg til på innsida av kneet mitt.
Huff, det var noko altfor kjent strekk-smerte.
Eg sleppte Lukas og sat der, og drog foten min tilbake i riktig posisjon.
Sååå vondt!
Eg skjønte at dette måtte vera det mediale leddbandet. Igjen.
For denne skaden har eg hatt før, og det er mindre enn to år sida sist.
Då var det venstre kneet.
I går var det høgre kneet.
Kjekt å variere, liksom.

Tårene kom ganske fort, eg var så redd for at skaden skulle vera like ille som for to år sida, og den gongen betydde det ein heil månad på krykker, regelmessig opptrening og forsiktig løping etter 6 veker (det tek laaaaang tid med leddbandskader). 
Dette var 2012, og eg hadde dermed to månader igjen å trene fram til IM 70.3 Haugesund. 
Det gjekk bra. Eg hadde nok ganske bratt treningsprogresjon den gongen.
Så slik sett står ikkje deltakinga i Haugesund i år i fare.

Men likevel. 
Eg tusla slukøra nedover stien, forsiktig med høgre beinet.
Det gjekk an å gå på det i alle fall, så skaden var nok ikkje så ille som for to år sida.
I staden for å gå bakken rett opp og heim att, valte eg ein omveg (som var brøyta og bedre opplyst og flatt).
Eg hadde eit håp om at smertene skulle gje seg.
Samtidig tenkte eg at viss det blei verre, kunne eg stikke innom legevakta som låg like i nærheten.
Eller eg kunne få nokon til å hente meg med bil.

Med eit lite snev av optimisme prøva eg eit par løpeskritt, men det gjekk ikkje.
Eg gråt igjen.
Huff, eg blei så lei meg, for all denne deilege snøen som har kome nå, og som skal koma, hadde vore såååå deileg å stått på brett på!
Og eg har gleda meg til det!
Og eg har absolutt ikkje lyst til å måtte sitte inne!

Men kneet og leddbandet har fått seg ein skikkeleg smell.
Då eg kom meg heim og adrenalinet gjekk ut av systemet, og hevelsen i leddet begynte, då blei det vondt.
Eg sat meg foran TVen, vantro over kva som nettopp hadde skjedd.
Ringte til ei venninne og ba ho koma med krykker neste dag, akkurat som for to å sida (bortsett frå at eg den gongen måtta ha krykker med det same. I går så kunne eg gå saaaakte og forsiktig på beinet).

Det er mange smertereseptorar og andre sensoriske reseptorar rundt kneleddet, så når det skjer skader er det som regel meir vondt enn om hadde fått seg ein trøkk rett på låret.
Hevelsen etter ein strekk i leddbandet gjer at kneet blir meir instabilt også.
Eg sendte melding til fysio'n (akkurat som for to år sida).
Natta var ikkje god.
Det var så å sei umogeleg å finne ei god smertefri liggestilling.
Eg rygga meg til med paracet og ibux.
Betennelsesdempande er ikkje nødvendig i leddbandskader, men smertedemping er viktig for nattesøvnen og at ein får slappe av. Så eg valte meg ibux.

Eg prøva to gonger å halde Lukas vekk frå senga, men han blei så skuffa og berre ståande foran senga, vantro over utestenginga. Eg slepte han til igjen.
Mest sannsynlegvis ville eg uansett ikkje sove, og då kunne eg jo passe på at han ikkje la seg på kneet mitt. 

Eg kan ikkje motstå han sjarmklumpen her ♥
Etter klokka 2-3:00 så sovna eg faktisk litt.
Det verste med å ligge vaken var eigentleg at eg stadig måtte på do, og DÅ var kneet ekstremt vondt!
Kneet stivnar gjerne etter ei stund i same stilling med ein slik skade. 
Eg subba meg fram og tilbake frå badet, og tårene spratt igjen, fytti altså, det var både vondt og trist, eg såg den fine snøen dale utanfor kjøkkenvinduet...

For to år sida hugsa eg at det var ganske ille etter den første natta, men heldigvis så kjendest kneet faktisk ikkje verre enn igår kveld, men til og med eit hakk bedre.
Med ei god knestøtte og to krykker kan eg gå ganske greitt.
Fysio'n var for to år sida veldig opptatt av at ein skal bruke krykker ved slike skadar som aukar instabiliteten, og at ein unngår å halte, for då blir det feilbelastning og feil opptrening.
 Så nå er det krykketurar igen :/

http://www.cool-crutches.co.uk/custom-crutches/
Kanskje må eg få meg eigne krykker, sånn i tilfelle. Da vil eg i alle fall ha regnbogefargar på mine!
Frå Cool Crutches (men dei er svinedyre)
Men - prognosen er i alle fall bedre enn sist. Eg skal gjera så godt eg kan med rehabiliteringa.
I morgo skal eg gjera sykkelen min klar på rulla, og sykla litt med jamne mellomrom.
God blodsirkulasjon er viktig, helst utan belastning og utan "vinglete" bevegelsar. 
Så sykling på rulle med klikkinn-pedalar er faktisk ganske ideell.

Så blir det eittbeins-knebøy og liknande stabilitetsøvingar så snart smertenivået tillater det.
Sukk.
Eg hugsar dette altfor godt frå for to år sida.
Men dette må eg ikkje tenke på.
Det var på same tid at Binna døde, og ei trist tid.
Snøbrett- og skisesongen var denne gongen over for meg (19 februar 2012).
Mens i år har eg kanskje fortsatt ein reel sjans for å koma meg ut på brett.
Det er tross alt berre 16.januar i dag.

Men likevel.
Snøen ute er såååå deileg og fluffy, og dei har meldt meir snø jamt framover, uff, eg må ikkje tenke meir på det altså.
Dette går fortare enn i fjor, det er klart.
Eg er nøydd til å vera positiv, og nøydd til å skrive positive ting om situasjonen i bloggen min her.
For eksempel:
- eg kan endeleg koma i gang med den styrketreninga som eg har tenkt å gjera (det er mange øvingar ein kan gjera sittande, eller ståande utan å risikere feilbelastning på kneet)
 - eg kan fokusere på sykling
 - eg kan sitte inne og lese fag (eg er nå i andre veke av det nettbaserte kurset i "Medical Neuroscience" og det går veldig i dybden, og der er det endelaust mykje å lese - kjekt når ein uansett skal vera inne).


Og - eg kan lære Lukas å gå FINT i band - for han kan ikkje dra meg hit og dit når eg berre har eit bein å gå på. 
Det har eg vore altfor ettergivande med - men nå har eg ein god grunn til å lære han utan å dra.
Ja da. Det går nok bra.
 
Knestøtte for rehabilitering og Ironmankoppen for positive tankar.

10. januar 2014

Godt Nytt År!

Det er aldri for seint å ønske kvarandre eit godt nytt år, synst eg, så då gjer eg det nå, på den tiende dagen i det nye året 2014:

Godt nytt år folkens!

Nå har eg faktisk hatt ein bloggepause på heile tre veker. Og det har eigentleg vore godt.
Pussig nok så har eg alltid hatt eit par bloggeinnlegg surrande i hodet mens eg var på løpetur eller lufta Lukas. Men desse ord blei aldri skrive ned og publisert.
Men litt komisk at eg alltid er i bloggemodus når eg set ein fot ut av døra og skal bevege kroppen?!

Sidan sist innlegg (18.desember) har det ikkje skjedd så altfor mykje spennande reint treningsmessig.
Eg har fått løpt eit par gonger i veka, mellom 45-60min og 5-8km.
Utsikt frå løpetur - nesten ikkje snø.
Lukas har stort sett vore med på løpetur.
Eg har til og med hatt ei økt på rulla - berre for moro skyld, liksom.
Samtidig så har eg berre hatt éin dag der det ikkje har vore sykkelføre ute pga at det regna på blank is, ellers har eg faktisk fortsatt sykla ute, i alle fall til transportføremål.
Ei lita rullesykkeløkt på 45min.
Ikkje dårleg! 
Nå kom eg akkurat inn frå luftetur med Lukas, og det har for første gong på ei stund vore stjerneklart.
Det har også heldigvis og endeleg blitt kuldegradar igjen, og det triste gråe landskap er blitt piffa opp med eit lag av forfriskande kvit og glitrande rim.

Det er meldt snø til veka, og det håpar eg inderleg at det blir, eg har nemleg ikkje fått stått på snowboard ein einaste gong sidan sist, og det har eg savna!
Du blir ikkje god til å stå på brett av å lese om det,
men dette her er ei heilt spesiell bok.
Det må eg nok blogge om ein annan gong.
Eg har ikkje fått sett noko særleg på andres bloggar, så eg ser fram til å oppdatere meg. Men dei få gongene er har skumlest på innleggsoverskriftene her i margen så var det nokså stille i romjola rundt omkring i andre bloggar.

Treningsmessig har eg ikkje lagt så store planar enno, så det blir vel basistrening i form av ustrukturerte løpeøkter ei stund til. Tenkte kanskje at eg etterkvart har lyst til å løpe litt lengre enn berre 5-8km, men me får sjå. Det er forresten veldig mykje fint å sjå på stjernehimmelen når det er klart.
Dei fleste kjenner Orions belte, men heile stjernebildet består av fleire stjerner:
Fineste stjernebilde nå på denne tida av året:
 Orion.
Legg merke til Jupiter øverst til venstre, den er fin og lyssterk nå.
Fint å kikke opp på stjernehimmelen når ein er ute på løpetur!
Blir det snø denne vinteren (det store spørsmålet!) så har eg lyst til å stå på brett mens eg kan, og faktisk også kanskje gå litt på ski. Sykling og svømming kan koma seinare.
Styrketrening, hahaha, jada, som alltid så skal eg prøve å trene meir styrke (at det går an å ha så dårleg sjølvdisiplin, men eg skal nok knekke koden på dette problemet altså!!).

God helg!

18. desember 2013

Congratulations!

"Your entry into the IRONMAN 70.3 Norway 2014 has now been confirmed."

Need I say more?
"Ops I did it again?"


Eg kunne ikkje heilt la vera å melde meg på til IM 70.3 Haugesund/Norway 2014 - igjen - 
Det blir faktisk tredje gong på råd.

Og det bli første gong at eg blir med på ein konkurranse tre gonger på rad (kanskje bortsett frå Bø Sprinten tilbake i 2007-2009, men distansen og løypa blei forandra frå år til år, så det var aldri heilt det same).

Eg kan ikkje sei at eg er spesielt motivert mtp trening akkurat nå, men eg veit at dette kjem - og uansett, så har eg funne ut at ein ikkje treng å vera motivert heile tida, ein kan trene også når ein er umotivert og giddalaus.

Det hadde jo vore hyggeleg om eg hadde meldt meg på på sjølve joleftan, men for berre for eit par-tre veker sida var det berre 150 plassar igjen i Haugesund.
Dessutan har eg pengar .

Ein annan viktig grunn for å vera med igjen var at eg også funne ut at eg treng ein konkurranse for å halde treninga igang. Eg har veldig godt av regelessig, uthaldenhetsbasert trening, sånn mentalhelse-messig.
Og helsemessig ellers også.
Men eg er i grunnen ganske lat av meg, så utan eit mål så trur eg kanskje at eg hadde berre subba rundt og jogga utan mål og meining. Eg treng eit mål å  trene imot, og det MÅ vera ein distanse eg kan skryte av etterpå, og som eg ikkje berre kan fullføre på ein god dag.
Dette var frå første gongen i Haugesund, 2012.
Eg likar at det skal litt til for å koma i mål, og eg likar utfordringar.
Dessutan er det ein heil del andre utfordringar knytta til Haugesund, som ikkje har med trening og uthaldenhet å gjera. Og desse utfordringane er minst like vanskelege, men også nyttige.
Så er det mange kjente som skal vera med i 2014, og det likar eg!
Det skal bli godt med eit mål for treninga!
(Dette var frå 2013)
Akkurat nå er eg veldig i vintermodus.
Men motivasjonen for triatlontrening kjem nok, det veit eg.
Etter vinteren.
Eg ser fram til det.
Og til treningsplanlegginga. Det kosar eg meg med.
Til 2014 blir det nok ein blanding av Dave Scott og Joe Friel sine treningsmetodar.
Pluss mine eigne.
Så det blir spennande.

Nå kjenner eg at eg gledar meg alt nå likevel.
BRA :) :) :) 
Enn så lenge, litt vinterleg idyll frå Vest-Telemark.