21. oktober 2011

"Off"-season eller "inn"-season?

For mange triatletar er det gjerne "off-season" nå gjennom hausten/vinteren. Då er det tid for å kutte ned på triatlonspesifikk trening, drive alternativ trening og lade opp til neste årets sesong.

Eg kjenner det kanskje litt annleis i år, sidan eg enno ikkje har planlagt konkurransar for neste år.
Mest sannsynlegvis blir det triatlonkonkurransar i Norge, det har eg ikkje hatt ein einaste av i år, og det har eg savna!
Og sidan min siste triatlon har vore i mai, så har "off-season" min vart ganske lenge nå...

Og eigentleg kjenner eg det som eg er midt i ein kjempesesong!
Hausten har vore så flott fram til nå, med fint solskinn, klar luft og fine fargar i fjellet.
Og eg har aldri gått så mykje tur i skog og fjell, og sykla i terrenget som i år.

Og det er jo ganske god trening, det!
Så eg er midt i terrengsesongen, kjenner eg. ta fram terrengsykkelen, pakke ein lett sekk, og rett ut på tur. Pakke stor sekk, ta med litt ekstra vekt oppi, og ut i skogen og i motbakke.
Ta med ein god venn, pakke tursekken og opp på nærmaste topp.
Ta Binna, fleecejakke og hundeutstyr og ut på hunde-luftetur.
Ta veslesekken, pakke lett, og ut på skogsjoggetur.

Så mange moglegheitar!
Så sidan sist har eg følgt innfallsmetoden nøye, og gjort folgjande:

Torsdag:
- fellestur i lett terreng

Fredag:
- 30min transportsykling inkl. 125m stigning

Laurdag:
- Skogsløping med lett sekk, 40min, 160m stigning
- 45min rusletur med Binna
Utsikt frå skogsløpetur.
Søndag:
- Tur i hyggeleg selskap til Hattefjell (med 10kg sekk, for ekstra trening)
Binna på Hattefjell sist søndag
Måndag:
- Rusletur med Binna, 30min (i Seljord ser me vel bort frå så lite som 65m stigning, gjer me ikkje det?)

Tysdag:
- Transportsykling 30min, 125m stigning, og det var alt beina kunne gje meg den dagen. Sliten...

Onsdag:
- Terrengsykling, 30km, >500m stigning (her skulle eg gjerne hatt GPS - dei forskjellige nettbaserte karttenester visar høgdeforskjell på mellom 550 og 1000m. Det var sterk stigning i starten og ganske kupert etterpå - dessutan var det motvind - men fint var det)
- Rusletur med Binna (125m stigning med lett sekk)
Min kjære Hardrocx shock machine, i Kivledalen. Rekognosering av turvegar, her skilting mot Nordnibba. Kanskje går neste tur dit???
Torsdag:
- Fellestur med middels tung sekk (ca 8kg) 160m stigning, over to timar
- Transportsykling med middels tung sekk etterpå (125m stigning kjendest ganske mykje da)
- Rusletur med Binna ca 35min, 100m stigning (det kan me godt nevne, det)

Fredag (idag)
- sliten... men likevel: transportsykling med 125m stigning (over 1,5km, det kjennest godt i beina)
Haustfargar i Seljord sentrum
Eg er altså frista til enda ein gong å døype om bloggen min, denne gongen til "motbakkebloggen", men så mykje motbakke er det jo ikkje her likevel. Dessutan er det brattare andre stadar.
Og bakkane har jo blitt ei vanesak etterkvart.
Då eg flytta til Seljord blei eg fortvila over alle desse bakkane.
Nå tek eg alle desse ekstra høgdemetrane godt i mot.

Det er praktisk, det. Bakketrening på veg heim. Kjekt, det.
Og så må ein hugse på å slappe av. Viktig det au :)

15. oktober 2011

Opp! Med sykkel og på beina.

Eg driv jo ikkje akkurat med systematisk trening for tida. I så fall måtte det vera trening etter "innfallsmetoden".

Men eg kunne jo tenkt meg å koma på ein del lokale toppar her omkringi løpet av hausten, men nå ser det ut som om snøen har lagt seg over 1000m her, så eg får sjå om det ikkje heller bli toppturar til våren/sommaren igjen.
Men det er jo så fristande å koma seg på tur for tida, nå når hausten er så vakker som den er!
Og då kan det godt vera turar på beina, på sykkeln, på løpesko...

Denne veka har eg i alle fall fått bruk for terrengsykkelen min.
Terrengsykkeln min er ganske "sivil" med sykkelstøtte og lås på styre, men den likar segbest på fjellet!

Motbakkesykling er jo utruleg god trening, og det er verdt strevet også, for ein får fin utsikt på toppen, og blir så belønna med ein rasant tur nedover igjen. Og dét er jo moro og verdt strevet!
Spesielt når vêret er fint, grusen er tørr, og haustfargane susar forbi i full fart.
Mellom Grunningsdalsvegen og Grimås. Det blei varmt i motbakken! Og eg måtte ta bilde av Skorve.

Herleg!
Denne veka hugsa eg å stoppa for å ta bilder mens eg syklar oppover.
Det går nemleg ikkje an å stoppe på veg nedover, for då ville eg jo miste fart!
Grimaren (1169 moh.) sett frå vegen lenger ned. Litt snø er det alt kome på den.

Idéen var å å sykle opp til parkeringsplassen på Grimås på ca 760 moh., og så bytte til joggesko og rusle litt oppover på stien mot Tjorbu.
Syklinga gjekk utruleg greitt, og eg kom  meg opp til parkeringsplassen på den vanlege tida mi, 1t15min, inkludert eit par stopp for klesskifte og for å ta bilder.
Standardbildet mitt frå Grimåsturen. Meg, sykkelen, parkeringsplassen (762 moh.) og fjellet i bakgrunnen. Godt med ein pust i bakken etter å ha sykla 626 høgdemeter...

Så tok eg stien fatt og rusla i ein halv time oppover, men fann etterkvart ut at joggesko ikkje var det beste skovalget her. Dessutan var klokka blitt altfor mange, så eg snudde igjen.
Snø! Det hjelper ikkje med joggesko her altså..
Men når stien er slik som her, tørr og fin, er det moro å småspringe i fjellet også. Deileg!
Eg har jo fortsatt lyst til å gå ein tur opp på Grimaren, (1169 moh.), men om det blir noko av i år, får tida vise. Og energinivået mitt ;)
Det er ingen skam å snu. Fjellet vil jo alltid vera der og vente på deg :)

13. oktober 2011

Buldring ved Sundsbarm

Eg har merka at kreftdiagnosen til Binna har satt sine spor hos meg.
Det har ikkje ein dag gått sidan eg har tenkt over kva eg skal gjera vidare.
Skal ho bli med på Veterinærhøgskolens forskningsprosjekt?

Det var mange grunnar for og imot.
Etter at eg bestemte meg for å legge til sides dei sentimentale grunnane og la ho delta i prosjektet, så har det dukka opp praktiske forhold som stoppar det heile for tida: bilen har vannlekkasje. Det er mest sannsynlegvis vannpumpa som er gåen. Den må jo fiksast får me legg ut på tur til Oslo.

Så for å "slå i hel" tida, eller betre sagt: avlede meg, så går eg tur, syklar tur, spring rundt i fjellet - det er jo så nydeleg vêr for tida!

I dag blei det torsdagstur igjen. Og det var faktisk godt å måtte koma seg ut av huset litt tidleg, sidan vêret idag var heilt utruleg flott: solskinn og blå himmel heilt frå morgonen av!

Denne torsdagen stod det altså Hanakamjuvet på planen.
Eg kjenner at eg blir ganske lommekjent der snart.
Men det går ikkje an å bli lei av denne turen. Hanakamjuvet er såå fint!
Ulempen akkurat er berre, at med den låge sola nå på denne årstida, så ligg juvet i skyggen også midt på dagen.

Men me gjekk nå igjennom juvet og litt vidare og tok lunsjen i strålande solskinn ved dammen til Sundsbarmvatnet. Med medbrakt suppe, tent bål, pinnebrød og kaffe blei det utruleg deileg å slappe av.
Nokre flotte bergknausar fristar også til litt småklatring og buldring.
Her er det stort potensiale for å rense fjellet litt og lage enkle ruter å klatre i.

Kanskje kan det vera eit prosjekt til neste år viss eg får med meg nokre praktiske menneske?
Alternativ trening til all svømming, sykling og løping er jo alltids kjekt - og sterk i armane blir ein også av å klatre. Og styrke kan ein jo ikkje få nok av eigentleg...

Hanakamjuvet. Litt i skuggen på denne tida av året, men fint likevel.
Kven skulle trudd at magasinene IKKJE er fulle etter så mykje regn i sommar??? Sundsbarm har fortsatt plass til meir...
Det var masse rekved nede ved dammen. Det var utruleg fint!
Vannslipte årringar. Naturskapt kunst?
Utsikten frå dammen ved Sundsbarm gjennom Kivledalen retning Seljord.
Ein klatrande miljøarbeidar.
Det var mange plassar der det gjekk an å buldre.
Kunne dette bli eit lite klatre/buldreområde, tru? Så fint med utsikten over  vatnet også.
Slik ser det ut når ein strekker seg mot himmelen langs ein fjellvegg. Det kriblar litt i handflatene berre ved synet...
Eg gjekk nå der og fekk mange gode idear.  Ikkje så rart med så hyggeleg selskap, blå himmel og solskinn omgitt av vakre fjell og vatn...