For eigentleg blir eg sjeldan forkjøla.
Eg kan faktisk ikkje hugse siste gong eg var forkjøla. Bortsett frå nå.
Det kom brått, i løpet av natta frå søndag, 28.desember til måndag, 29.desember.
Veldig vondt og sårt i halsen, rennande og tett nese, vondt i hodet.
Klassik.
Etter tre fine dagar med påbegynt "treningsoffensive" så såg det mørkt ut.
Men nei da, eg skulle ikkje la meg skremme.
Eg trudde eg var smart og tok og handla.
Sunn mat, appelsinjuice med C-vitamin, smertestillande og lettvin middagsmat, så skulle eg vera rysta til å ta opp kampen mot rhinoviruset.
Lukas har tatt på seg oppgåva som selskap og varmeflaske og pelsterapeutpleier. |
Den lette dyna blei bytta mot ein tjukkare variant og blei fast inventar på sofaen på dagtid, noko Lukas mottok med heftig begeistring.
Reint salig blei Lukas over å ha dyne på sofaen - han held den meir enn gjerne varm for meg når eg står opp! |
Nyttårseftan greidde eg å halde meg vaken, men måtte faktisk legge meg kl.23.50, for så å stå opp kl.24, betrakte rakettane frå kjøkkenvinduet og krype til køys igjen etter fem minutt.
Men eg stilte meg faktisk aldri spørsmålet om eg skulle ut og trene, for kroppen sa heilt klart ifrå at dette var noko tull og tøys, eg greidde jo berre såvidt å lufte Lukas i ein halv time.
Jaja. Men fokuset var nå enkelt. Eg heldt meg varm og godt hydrert og prøva å ete nok. Heldigvis var det masse jolemat igjen. Og sjokolade. Masse sjokolade.
Ei veke gjekk.
Hodepinen var ille, men med paracet kom eg meg ut på tur i skogen med Lukas, og tenkte med meg sjølv at om eg berre gjekk sakte slik at eg slapp å puste inn den vonde kalde lufta så veldig djupt inn så kunne det neppe gjera vondt verre.
Og eg tok med meg stavar - for ryggens skyld. |
Men på dag 9 av forkjølelsen tetta bihulene seg. Dei maksillære. Dei som er like ovanfor kjeven.
Au.
Sinus = bihule; maxillary = frå maxilla (ovekjeven) |
Men ingen tvil.
Au.
Snørr og guffe i alle regnbogens fargar.
Ikkje sant, ein SER faktisk at eg har tette bihuler, ikkje sant???? |
"Er det lurt å trene med bihulebetennelse?" trur eg neppe nokon har spurt seg sjølv. I så fall måtte vedkomande ha hatt tilgang til vidunderlege reseptbelagte fancy smertestillande piller.
For meg blei det berre enda fleire dagar med dyne på sofaen og korte lufteturar med Lukas.
Men - ut skulle eg, det var berre å kle seg godt (eg svetta jo uansett døgnet rundt, så eg kunne like godt kle meg godt og varmt ute) og koma seg ut.
Nå i dag er det forkjølelse dag 17 og bihulene har vore tette i ei veke.
Men det går bedre.
Eg knaskar paracet når det trengst.
Og driv nå med "lett" trening, dvs eg går ein tur i skogen med Lukas og later som eg er frisk, og held pulsen nede og brukar musikk, slik at eg i alle fall får følelsen av å ha trent, eg er nemleg i ferd med å bli s-p-r-ø!
Eg begynner å kjenne at eg treng den mentale pausen treninga gir, og er irritabel og rastlaus og i dårleg humør nesten døgnet rundt.
At det gjer vondt i skallen hjelpar heller ikkje.
Men tilbake til det eg kanskje antyda å skrive om ifølge blogginnleggstittelen.
Skal ein eigentleg trene når ein er forkjøla?
Det meste vanlege rådet er at så lenge symptomene held seg "ovanfor halsen" så er det greitt, men med symptom nedanfor halsen (dvs lungene frå bronkiene og nedover, og muskelsmertar i kroppen) så er det best å la vera.
Og uansett skal ein i såfall helst trene med låg intensitet.
Lukas aktiviserar seg sjølv mens eg har parkert stavane og slappar av. |
Rhinovirus som forårsaker forkjølelse når det tek overhand. |
Så det virkar ikkje sårleg lurt å trene når ein er skikkeleg forkjøla.
Men folk får avgjera sjølv.
Når ein googler litt raskt om emnet, så er det ein gjengangar, både på norske eg engelsspræklege nettsider at det er greitt med lett trening så lenge det dreier seg berre om litt snørr og tett nese - anten før det brakar laus eller når ein nærmar seg slutten av forkjølelsen.
Denne fann eg. Var så kjekk. Det går bedre etterkvart sjølv om det kan ta tid! |
Og eg er fortsatt usikker på kor lurt det er å var ute i ein time rundt null gradar når bihulene er tette og eg har hodepine og "ansiktssmerter".
Men før eg blir fullstendig gal og gå opp veggane her så er eg nesten nødt til å ta sjansen og lufte meg sjølv med "liksomtrening" - treningstøy, stavar, musikk på øyra, gel i lomma og GPSen er også med og slått på.
Då får eg mest nytte av turen.
I dag hadde det kome ny snø, så det var fint å gå i skogen, og det var ikkje lenger vondt å puste slik det var for 10dagar sida, så det verste er forhåpentlegvis over.
Eg føler meg litt frista til å gjera lett styrketrening i løpet av veka, men korleis vil bihulene like dette, tru? Turar med Lukas eller handleturar på beina er nok trening som det er, og det er visst slik at metabolsk sett så bryt kroppen seg ned uansett under sjukdom, slik at å bygge kroppen ved hjelp av styrketrening er ganske meiningslaust.
Men me får sjå.
Hald dikkøn friske der ute, med eller utan trening!
Jeg tror egentlig ikke at det er så smart å løpe når man er forkjøla men jeg jogger så sant jeg ikke har feber, det ikke er mange minusgrader og så lenge jeg ellers føler meg pigg nok. Og da skal jeg ikke føle at jeg akkurat kan greie å jogge - jeg skal greie å jogge uten at det koster skjorta, uten at jeg blir liggende langflat etterpå osv. Jeg må være såpass pigg at jeg går på jobb, fungerer bra og alt det der. Men som sagt: jeg tror ikke det egentlig er så smart.
SvarSlettBihulebetennelse har jeg hatt noen ganger og når det er ille-ille så har jeg ligget til sengs og har trengt medisiner.... det er rett og slett grusomt! Og da har jeg vært alt annet enn pigg nok til å trene! Jeg tror dog at jeg har hatt positiv effekt av lett løping de gangene bihulene har vært litt (og da mener jeg litt sammenlignet med ille-ille som jeg beskrev først) irriterte - da har bevegelse og frisk luft hatt positiv effekt på den måten at jeg hodepinen har letta og jeg har fått et lite friminutt. Selvsagt kommer hodepinen snikende tilbake når økta er over men underveis har det altså føltes ok. Har du opplevd det samme eller er det bare meg?
Nå ble det mye snakk om meg men det jeg skulle si var at siden jeg har opplevd dette flere ganger så har jeg all sympati og ønsker deg masse masse god bedring! Håper du nå er på full fart til å bli frisk igjen!!! tvi tvi
Takk for det, det håpar eg også!
SlettJa eg har opplevd nå når bihulene har roa seg så har mosjon ein positiv effekt (bihulene er fortsatt litt tette, men det er ikkje så vondt lenger - det er faktisk forskjell mellom litt og ille-ille slik du skriv, eg var litt usikker på dette).
Spesielt det å gå, då kan det plutseleg løsne og det er såå deileg (og takk og pris for å vera i skogen da, at ingen kan sjå eller høyre korleis ein -ehem- får snørret ut av bilhulene sorry for detaljane, men lettelsen var herleg altså :D).
Men hodepinen kom gjerne tilbake etterpå, men det må ein berre halde ut og ta smertestillande.
Så eg trur eg er nå godt på bedringens veg, eg har greidd meg utan paracet i dag faktisk.
Men godt at eg kan ta det med ro.
Eg trur forresten at eg også hadde prøvd å jogge forsiktig nå, det har eg opplevd tidlegare, det rensar så godt. Og så seier dei som kan dette, at under moderat mosjon så aukar jo kroppstemperaturen, og då får ein omtrent same effekt som å ha feber, nemleg at mikroorganismane trivst dårlegare/blir hemma. Men så er det faktisk også slikt at spsielt rhinovirus trivst best ved litt lågare temperaturar og spesielt når ein blir kald i nese og svelg, slik at ein i alle fall ikkje burde bli kald.
Det er kjekt å få sympati altså, eg har som sagt ikkje hatt dette her så ofte, og då hjelpar det med lit gode ord og andre sine erfaringar.
Søren ja eg savnar å jogge, men kjenner at føtane er enda ikkje ut av faresonen for å tvihalde ved plantarfascitten. Nå er det visst den andre foten som har begynt å murre. Makan altså.
Hald deg frisk du! :)