Kven skulle trudd det?
Etter ein slik tung sommar?
Kanskje er det på tide med ei lite livsteikn, tenkte eg meg i dag.
Stikke hovudet opp av sanden liksom?
I juli/august har eg nemleg stort sett vore i "survivalmodus" som eg kallar det.
Ta ein dag av gangen, prøv å sove, ete, gå tur med Lukas, ignorere dårlege tankar, søke hjelp om nødvendig.
Og det gjekk an.
Sliten og i survivalmodus, men det gjekk! |
Men så skjedde det at fastlegen min sa opp stillinga si og skal flytte til Vestlandet.
DET var faktisk verre enn å måtte droppe turen til Haugesund!!
Fastlegen min som har vore god støtte og uunverleg hjelp for meg gjennom dei siste åtte åra, han har måtte seie opp stillinga si av samvittighetsgrunner. Til tross for at eg er utrøysteleg, så støttar eg han. Eg vil heller ha (hatt) ein lege som handlar i samsvar med sine etiske verdiar, enn ein som gjer som han får beskjed om utan sjølvintegritet.
Bildet er knabba frå Bø legesenter si side. Sånn er det. Spelar ingen rolle når legen min blir borte nå allikevel :/ |
Eg gjekk, som eg har gjort før, saman med ei gruppe frå Grungedal i Vest-Telemark til stavkyrkja i Røldal.
Ved foten av Hardangervidda, på Ålmannvegen mellom Vågsli og Ulevå (grensa mellom Telemark og Hordaland). |
Over fem dagar.
Det er ein del mil, dette!
Så kan hende det kjem nokre bilder av det her også etterkvart.
For ein annan god ting som har hendt sidan sist er, at eg endeleg har fått meg eit godt kamera igjen.
Hurraaaaa! :)
NIKON D5200 heiter vidunderet, og har blitt trufast turfølgje alt nå.
Hurrraaaaa! Endeleg eit godt kamera igjen! Det er nesten 10 år sida sist nemleg. Eg har savna å kunne sjå gjennom søker. Manuell fokusering. Heilt herleg! |
Eg tok minst hundre-og-ørten bilder av myrull. |
Så mange dagar med fjelluft har også ført til at eg har blitt utruleg inspirert og motivert til å gå meir i fjellet, så det har eg veldig lyst til å gjera i tida framover.
Eit moltebær, urørt av både pilegrimar og fotografen. |
Treningsmessig har det for det meste blitt styrketrening. Ein løpetur i ny og ne, men ærleg talt, det var meir morsamt å gå tur med kamera over skulderen enn med løpesko på beina.
Men ein sommar i "survivalmodus" har også ført til at eg har igjen fått kroniske muskelspenningar i overkroppen, og dette har ført til skuldersmerter og stiv muskulatur. Og ein tur til fysioterapeuten. Sjølv om eg ikkje kan tvinga fram avspenning, så kan eg framover hjelpe musklane å slappe av, strekke forsiktig, trene "snilt" og bevisst, og funskjonelt. Puste godt.
Eg har også overtatt ein morsam liten tradisjon etter kjæresten til broren min, som er ei super flott dame, oppvaksen i Sør-Tyskland og med å klatre rundt i Alpane. På kvelden etter lange klatreturar i fjellet, så sit ho og spikkar. Ho lagar "Kreisel":
Ein Bergkreisel, laga av fjellbørk på 831m.o.h. Av meg. |
Og den funkar også! |
Det er absolutt ikkje vanskeleg, og den største utfordringa her er nok å halde den skarpe kniveggen unna fingertuppane når ein spikkar!
Ellers står det eit nettbasert kurs i immunologi frå RICE University på timeplanen min.
Eg har nemleg enda ikkje gitt opp drømmen min om meir helsefagleg utdanning, og håpar at eg seinare, når NAV losnar grepet sitt, kan bruke denne kunnskapen eg har innan helse til noko fornuftig.
Så det er liv, og det bra, ikkje sant?