2. oktober 2013

Ein gresk halvgud til Hawai'i

Ja med ny blogg så har eg jo planar om å skrive om litt fleire tema enn berre triatlon, så nå kjem det eit lite innslag om gresk mytologi, blanda med hawai'ianske tradisjonar og mytar!

Neeeei da.
Eg har null og niks peiling på historie, så det skal eg halde meg laaangt unna.

Men dette innlegget her handlar faktisk om triatlon.

Det er nemleg slik at det nærmar seg verdensmeisterskap i ironman triatlon (IRONMAN® WORLD CHAMPIONSHIPS), og dette skjer alltid på Hawai'i på The Big Island.
Og i år skal ein gresk halvgud som til dagleg fungerar som førsteammansuensis i idrettspsykologi ved Høgskolen i Telemark (gode gamle høgskolen min, hurra!) og er medlem i same triatlonklubben som meg altså stille til start på Hawai'i.
Waikiki beach - det var her det heile med Ironman starta.
(Bildet er frå pixabay - fantastiske bilder med common license for bloggebruk!)

Første gong eg la merke til Michael var i bassenget i Gullbring ein gong i 2006 eller 2007.
For det går etter mi meining ikkje an å ikkje legge merke til han, for han er, som eg synst, bygd som ein gresk halvgud. Av den typen som berre ser på eit par manualar og så får han 5% større biecps.
Jepp, nokon er heldig med sine gen her i livet!

Men nå har Dagens Næringsliv prøvd å avsløre noko av hans måtar å bli god i triatlon på:
Skjermbilde av DN aktiv si nettside.
Det ser ut som trikset er kunnskaps- og erfaringsbasert trening.
Og god oppfølging frå flinke forskarar frå Høgskolen i Telemark.
Og sikkert mykje meir.
I artikkelen frå DN så er det mest fokus på at Michael for det meste trenar "kort og hardt", i motsetning til tradisjonell kondisjonstrening. Det ser ut til å funke for han.
Eg har for det meste sjølv trent heller korte og harde økter fram til IRONMAN 70.3® Haugesund i sommar, og det har funka for meg.
Men kva som funkar for den enkelte er jo individuelt, så det gjeld å prøve seg fram, og etter mi meining finst det ingen fasitt som gjeld alle.

Det som eg la merke til, var eit usagn frå Michael (eg skulle heller spurt han sjølv i staden for å sitere eit sitat mens eg hadde anledning til dette for tre veker sida då eg møtte han igjen i bassenget - saman med Øivind -men eg hadde dårleg tid - og dessutan skal ein jo ikkje forstyrre greske halvgudar i treninga mot Verdensmeisterskap i Ironman Triatlon på Hawai'i, ikkje sant, det er ein uskriven regel):

"Jeg trener ikke for å ha det bra med meg selv, men trener for å prestere. Intervaller er ikke spesielt behagelig, men det gir effekt for meg."

Hmmm der trur eg kan det ligge noko verdifult.
Riktignok så trenar eg personleg blant anna akkurat for å ha det bedre med meg sjølv, men denne effekten inntrer gjerne ikkje før etter ei stund, gjerne etter treningsøkta.
For eksempel så begynte eg igjen med å løpe intervall siste veke.
Grunnen til dette var eigentleg at pusten min hadde låst seg igjen, både mellomgulvet og andre musklar i overkroppen hadde slått seg vrang, og høgintensive løpeintervall har vist seg å hjelpe mot dette.

Og nei, behageleg er det ikkje å løpe intervall. Men det varar jo ikkje så lenge. Eg løper 5x3min med 3 min jogg imellom. Og eg spring så hardt eg kan, helst slik at eg omtrent held same intensitet gjennom tre minutter.
Og det funkar. Det gir effekt. Og det er jo det eg er ut etter.
Sånn rett etter intervalltrening på bane
(eg tek gjerne 4-5min lett nedjogg barbeint på fotballbanen etter intervallene - det er herleg!)
Tilbake til World Championships på Hawai'i så kan ein følge med på denne via direkteøverføring frå IRONMAN® sine nettsider.
Og eg skal følge med, eg.
Når ein gresk halvgud frå Bø skal svømme, sykle og springe på Hawai'i, så må eg berre heie.
Ja, 12.oktober er datoen.
Det blir moro!

8 kommentarer:

  1. Det er jo kanskje nettopp akkurat dét som er greie med trening, at en trener ikke for å ha det "godt med seg selv" akkurat idét en holder på med det verste? For da ER det jo forferdelig og vondt og alt det der, og så kommer resultatet, den GODE FØLELSEN, i etterkant av treningen. Og det er DA du har det godt(?) :)

    Hvor pleier du å trene intervaller? Siden du skriver at du gjerne tar en avslutning uten sko, på fotballbane. Løper du intervallene på banen da?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg held til på idrettsanlegget her når eg skal løpe intervall.Rundt heile anlegget er det ein grusveg som akkurat er 1km, så sjølve intervallene spring eg stort sett der (litt meir å sjå på, og delvis skygge om sommaren, men også meir utsatt for vind).
      Men eg er også innom løpebanen, sånn for moro skyld, tek delar av oppvarminga der, og eit eller to intervall. Den består av sand, så det er bra med tanke på støtdemping, men raskt blir det ikkje, spesielt når det har regna.
      Fotballbanen innanfor banen er heilt herleg å springe barbeint på, for den blir nesten aldri brukt til trening, og graset er så tett og fint og mjukt, og ingen spisse gjenstandar skjuler seg i graset.
      Såå deileg å få av seg skoene og ta 4-5min der altså!

      Ja for tida kjenner eg virkeleg at det er best etter trening. Altså det er moro å sykle og løpe og sånt, men det er tungt for tida, så etterpå er det berre herleg.

      Jepp, det er den GODE FØLELSEN ETTERPÅ som er verdt strevet. Og den er pussig nok alltid der, uansett kor "bra" eller "dårleg" treningsøkta var.
      Kjekt eigentleg.
      Eg lurar på om alle har det slik?
      Er me heldige tru?

      Slett
  2. Det syns jeg også, at nå er liksom alt bare tungt.. Men det er kanskje på en annen måte du har det "tungt", i forhold til meg da.. :)

    Hihi, jeg troor jeg skal vente til det blir varmere i været igjen, før jeg hiver skoa og løper barbeint i gresset! ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja me har vel alle forskjellig fornemmelse av kva som er tungt. Eg har det jo litt "kronisk tungt" eller kva skal eg kalle det, samanlikna med for mange år sida der alt gjekk meir av seg sjølv og tunge dagar var berre at kroppen ikkje var i form og eg var litt lei - det er nye dimensjonar på dette nå :P

      Men om du synst at liksom alt er berre er tungt, så er det like tungt for deg, viss du skjønner?
      Me har jo alle ei "pakke" som me ber med oss, for nokon er dei ganske tunge, for andre lette, men så opplever me tyngde, alle saman til tider.
      Det er lov det, berre ein ikkje knekk saman :)

      Jaa ehem, altså det var delvis skygge og delvis sol på fotballbanen, og på skyggedelen var grasset ISKALDT!!
      Og i sola var det ok temperatur.
      Men etterkvart så er det ikkje sikkert at eg tør å hive frå meg skoa heller, men me får sjå :D

      Slett
  3. Flott innlegg!! Jeg er helt enig i "Men kva som funkar for den enkelte er jo individuelt" - og helt enig i at der ikke finnes EN fasit men at hver og en av oss er vår egen fasit. Selvsagt finnes det grunnprisipper som gjelder for alle - typ. "du må faktisk trene for å øke din fysiske yteevne" og feks. "gjør du det samme uke etter uke så stagnerer formen"; men utover slike prinsipper så er det ikke bare EN måte for hvordan du skal og bør trene for å oppnå de beste resultatene. Her må man skaffe seg erfaring med egen kropp og finne sin fasit ;-)

    God helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp! Klok sagt - prinsipper gjeld for alle (fysiologisk sett har me same grunnutstyr alle saman, med variasjonar).
      Eg tenkte at det er gamalt nytt eigentleg, men likevel er det godt å hugse på kor forskjellige me er i forhold til kva type trening som passar og fungerar best.
      Og akkurat DET synst eg jo er kjempespennande!

      God helg til deg også!

      Slett
  4. Sånt liker jeg å lese vettu! Korte og effektive økter! yes! det kan passe for meg. Utålmodig og ikke alltid klar for lange økter......
    Herlig! jeg går for denne strategien til IM-Haugesund neste år!

    SvarSlett
  5. Hehe, bra Janne at du fann treningsfilosofien nå da! :D
    --> eg har også bestemt meg for å endre strategien litt i forhold til lange konkurransar. Kortare økter, men viktig her er høg kvalitet (eller effektivitet, som du skriv).
    Det blir spennande om det funkar da!

    SvarSlett