Eg blei så engasjert av Silja's innlegg om bruk av refleks, at eg ville sjølv skrive eit innlegg om dette.
Refleks er noko ein kan ikkje minne på ofte nok.
Eg må innrømme sjølv at eg er såpass distré at eg godt kan gå ut utan refleks, og så kjem eg ikkje på det før eg har gått ein stund, og orkar da ikkje snu.
Heldigvis så er eg glad i knallfargar, og med neongul fleecejakke og gul/grøn skalljakke hjelper det også.
Dessutan har Lukas alltid på seg reflekshalsband (sjølv om halsbandet gjerne forsvinn litt i den mektige pelskledde muskuløse halsen hans) og reflekssele når me går tur.
Spesielt nå om hausten trur eg er det viktig å bli minna på å bruke refleks, sidan det fortsatt er relativt lys kl 19.00, men når ein er ute ein times tid, så er det gjerne mørkt på veg heim.
Så sjølv om ein startar ein tur ute i lyset, er det lurt å ha med refleks.
Dei siste kveldane leika eg meg litt med refleks, for å sjå kor stor forskjellen blir.
Utan lyskilde, med refleks (Lukas reflekssele kan sjåast nede som strek). |
Bildet er litt uskarpt, og tatt frå ca 10m avstand, lyskilde er berre gatelampe. Lukas ser ein ikkje her, fordi han står med rumpa til så refleksen hans blir borte, men eg er nå i alle fall synleg. |
På bildene ser ein godt at også helper med lyse klær. Den svarte buksa blir jo heilt borte og går i eitt med bakgrunnen.
Vanlegvis så har jo motoriserte køyretøy lys, så då blir det omtrent slik:
Refleks gjer susen - her bruka eg hodelykt som ekstra lyskilde. Ikkje til å oversjå eigentleg :D |
Eg ser at også på dette bildet så er ikkje Lukas spesielt synleg bakfrå - han skylle hatt ein refleks dinglande frå halen, men eg tvilar på at han hadde likt dette :D
Eg har ikkje på refleks, men lys jakke gjer at eg fortsatt er synleg. Her er faktisk ein liten bit av reflekssela til Lukas å sjå. |
Lukas med reflekssele (og refleks-augo :P) |
Nå finst det jo mange utruleg kule og artige refleks ein kan bruke, sånn etter humøret og dagsform.
Og då er eg nødd til å reklamere for ei norsk bedrift som har laga utrulege kule refleksartiklar.
Du finne den på www.seeme.no.
Og dei har eit fantastisk utvalg på refleksar.
Der er ein jo nødd til å finne noko ein likar. Eller?
Ein såkalla "slapwrap" med selbumønster -for den som likar tradisjonelle strikkemønster :) (Bildet er frå www.seeme.no) |
Piranha-hengerefleks - kult :D (Bildet er frå www.seeme.no) |
Ein grønn refleksfrosk!! Herleg :) (Bildet er frå www.seeme.no) |
Eg har da baksida av SMILEFJES-refleksen min pynta med denne :D :D :
Hehe, ikkje mange som tør å gå med denne trur eg :D |