I dag opnar ekspo'en og registreringa, så viss eg er heldig kan eg få henta startnummer og "race bag" alt i dag.
(Det har seg slik at ein må ha triatlonlisens for å hente startnummer, og lisensen min kjem ikkje til Haugesund før i morgo saman med Helene.
Men om Triatlonforbundet har greidd å sende ei liste over registrerte triatletar, ja da kan det hende eg kan få registrert meg i dag. Det er alltid moro, det).
Då blir det noko impresjonar frå Haugesund så lenge.
Eg er nemleg fortsatt intenst opptatt av å kvile meg i form, noko som har vist seg å vera lettare sagt enn gjort, men som sagt, eg jobbar med saka, og når Haugesund blir full av triatletar i dei nærmaste dagane, då trur eg at det blir tent den eine eller andre gnisten her.
Det er alltid ei herleg spent stemning foran ein triatlon!
Kveldsstemning. |
Ein sjølvsikker måke. Tolmodig var den også. |
Det var ein tøffing denne her! |
Og så blei det til at eg hjelpte til med å sette opp IRONMAN-butikken på ekspo'en i går, og blei også kjent med mange av dei frivillige der. Og dei var alle saman i godt humør og såg fram til konkurransen på søndag, så det lovar godt! :)
Hmmm mykje lekkert i Ironmanbutikken :) |
Kanskje vi endlig ses da ;-)
SvarSlettÅ er du der? Ja då sjåast me kanskje?
SlettHadde vore koseleg det :)
ååh, jeg fikk ikke lest dette før i dag (lørdag), så hvis du allerede har startet og er ferdig; så håper jeg det gikk bra i dag!!
SvarSlettHvis ikke, og det er i morgen; så må du ha masse masse lykke til!! :D
Tusen takk!
SlettEg skal starte i morgo! Opp kl 5 og start kl.8 :)
:O ;D
Slett