Eigentleg så burde ein, når ein har det bra, lage seg ei liste over ting ein likar.
Ting som gjer ein glad.
Mat ein likar.
Plassar ein trivst å vera på.
Venner ein blir glad av å snakke med, uansett.
Gode lukter,
fine bilder,
godmusikken...
|
Eg er glad i godvêrsskyer. Men dei er jo kanskje ikkje der når eg treng dei? |
For alt dette ein blir glad av kan fort blir borte under ein depressiv episode.
Det er merkeleg.
Ein hugsar liksom ikkje kva som er godt, kva ein likar, alt er borte!!
|
Kanskje lurt å skrive ned dei tinga ein blir glad av? |
Så gjennom den siste veka har eg altså prøvd så godt eg kan å jobbe med denne uuthaldelege sinnstilstanden ein kallar depresjon.
Eg hugsar at tilbake i 2005/2006, då glei eg inn i ein slags nedstemthet/depresjon som gjekk såpass gradvis at eg ikkje la merke til det.
Og det gjekk det faktisk an å leve med, merkeleg nok. Eg hadde på det tidspunktet gløymt korleis det er å ha det bra.
Men dei siste åra så har det endra seg.
Eg har fått det både bedre og verre.
Og eg skyldar på alle terapitimene eg har hatt.
I stadenfor ein grå tilværelse har det blitt svart-kvitt.
Gjennom kognitiv terapi skal ein bli bevisst over kva slags "falske" tankar som har snike seg inn i hovudet.
Dei meir hardnakka tankane, som ein gjerne har internalisert, blir kalla for
levereglar.
Desse tankane er stort sett ubevisst, og blir tenkt så fort at me gjerne ikkje greier å fange dei opp.
Men i terapeutisk samanheng, eller også i samtale med gode venner, som er gode til å lytte og gje tilbakemelding, kan slike øydeleggande levereglar fort blir avslørt og formulert som ei setning.
Og så kan ein jobbe med desse.
Kognitiv terapi er nok litt meir omfattande enn dette eg har skrive nå, men å legge merke til falske, ugyldige tankar for så å avlive desse og erstatte dei med andre, bedre tankar er essensen i kognitiv terapi.
Eg har vore så dårleg sånn energimessig at eg ikkje har greidd å jobbe på denne måten den siste veka.
Det har meir dreidd seg om krisehandtering.
Overlevelse.
Og eg HATAR faktisk å vera deprimert.
Sjølv om dette ikkje hjelper det grann mot å vera deprimert, det gjer det faktisk verre.
Men nå skal eg ikkje dvele med det som ikkje funka.
Eg vil heller skrive om det vesle eg gjorde den siste veka og som faktisk hjelpte meg å koma litt meir opp av psykogjørma eg sit fast i.
Tysdag blei det fysioterapi.
|
Masse artig treningsutstyr! Men det blir ikkje trening når eg har fysioterapi. |
Der blei det i tillegg til fysisk behandling også mykje prat, fysioterapeuten min seier sjølv at han ikkje er samtaleterapeut, men likevel, han kan eg snakke med om det meste, og han gir meg gode tilbakemeldingar.
Og så kjøpte eg meg eit lite
anti-depressivum, i form av ei fleecejakke.
|
Norrønas Women's Narvik Warm 3 Zip Hood |
Eg hadde nemleg eit gåvekort frå G-Sport som eg skulle bruke, og når denne superdeilege fantastiske godbiten frå Norrøna var satt ned til 30% av halv pris eller noko, då var det overkomeleg.
Hmmmmm...
|
Eg elskar sånne knallfargar! |
Den antidepressive effekten av ei heilt ny fleecejakke burde ikkje undervurderast!
Likeeins er det viktig å unne seg noko ekstra ein ikkje gjer så ofte.
Ein tur på kafé for eksempel.
Det smakte så godt at eg kjøpte meg ei pakke med Nescafé Vaniljekaffe, og DET er godsaker, må eg seie.
Den står nå jamt på handlelista mi framover, tenker eg.
Etter ei times lang telefonsamtale med ei kjempegod venninne som eg savnar forferdeleg etter at ho flytta frå Telemark så blei eg faktisk litt oppstemt (noko som ho kommenterte mot slutten av samtalen: "Å, nå høyrer eg at det er
deg igjen på stemma di.--> deprimerte meg snakkar nok ikkje spesielt lystig, vil eg tru...)
Etter samtalen blei eg inspirert til å stå på brett på onsdagen, noko var kjempemoro til tross for at det var plussgradar.
|
Det er berre så moro å stå på brett!!! |
Torsdagen blei det gruppetur på ski, og det var blå himmel og sol og berre få kuldegradar, og eg trur eg har aldri gått så sakte på ski før, og hatt det så bra samtidig!
Me stoppa ofte i sola og stod og prata like mykje som me gjekk,og bruka noko sånt som ein heile time på 2,5km! :D
|
Bevisbilde - eg var på skitur! |
|
Fint turvêr - halvparten av tida stod me stille og sola oss! |
Laurdagen kom eg meg faktisk ut på løpetur, etter å ha nilest på artiklar om psykisk helse og trening og "exerise effect on mood" osv. Nå er jo den positive effekten av mosjon på psykisk helse vidt kjent, men eg lurar jo kva som skal til for å få
meg oppstemt igjen, når eg eigentleg driv med meir mosjon enn anbefalt og
likevel blir nedstemt...
Sundagen sykla eg på rulle.
Eg var nemleg pinnestiv og støl etter løpeøkta dagen før.
Lett spinning foran skjermen med Istid 4, då flaug tida av garde.
|
Istid 4 - for ein gjeng! Då blir det ikkje kjedeleg å sykle på rulle, i alle fall! |
Ein heil time og 15min på sykkelrulla er ganske bra.
Etterpå ein time rusletur med Lukas.
Altså virkeleg, dette MÅ eg vel bli litt meir oppstemt av, eller???
Eg skulle ønske at det var så enkelt.
For mange er riktignok fysisk aktivitet i form av mosjon eller målretta trening som løping eller sykling nok for å halde seg mentalt i balanse. Nokon påstår at dei ikkje har så mykje meir å gruble over etter å ha vore på ein to timar lang løpetur.
Og det er jo flott!
Med den kroniske diagnosen som eg har, så sit nok utfordringane på eit djupare plan, og dermed er depressive episodar meir som symptom å rekne enn sjukdom i seg sjølv.
Sjølv om depresjon er ein sjukdom/psykisk lidelse likedan.
Men ein flott bivirkning av å bruke trening og mosjon som anti-depressiva er jo at ein blir sprek av det!
Bra bivirkning.