Mens me andre, som bur lenger oppe, kunne nyte godt av blå himmel og sol.
Riktignok, så klarna det visst opp littegrann nede i sentrum også, ei lita stund.
Eg og Binna og Mille (Binnas og min tidlegare nabo frå Bø) fekk heldigvis utnytta solskinnet midt på dagen før eg sykla meg eit ærend ned til sentrum seinare.
Utsikt frå Venås i Seljord ned mot tåkelagt Seljordsvatn. Tatt i går klokka halv tre. |
Slik utsikten eigentleg ser ut. Tatt midt på dagen i oktober 2010. |
Heldigvis fekk eg time med det same i går. Det viste seg i alle fall at det ikkje var skade eller hornhinnebetennelse (som tidlegare) men berre tørre auga.
Eg blei så glad og letta over å høyre dette at eg fekk lyst til å feire!
Ein vakker dag snubla eg over ei artig nettside der kreative sjelar legg ut sine prosjekt og korleis dei har gått fram - nyttig side!
Det var prosjektet "Elektroluminesvent Mountain Bike" som fanga oppmerksamheten min.
Dette ville eg prøve også!
Men første måtte jo den mørke årstida koma. Det har den definitivt gjort nå, og i går etter augelegebesøket kjøpte eg meg ei lysslynge på Europris, sette inn batteri, vikla slynga rundt topprøyret på Hardrocxen og sykla heim att gjennom mørke og tåke.
Sååååå kult!
Slik ser sykkelen ut på plassar der det er heilt mørkt ellers. |
Einaste ulempe var kanskje at det veldig skarpe grøne lyset øydela noko av nattsynet, så det er nok mest praktisk i område med gatebelysning i tillegg.
For meir inpspirasjon kan eg anbefale nettsida www.instructables.com, og då spesielt "Amazing Bike Projects"
Henta frå: www.instructables.com, frå "Quackmaster Dan" |
Sååå kult! Henta frå www.instructables.com, laga av Dan Goldwater |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar